lærarutdanning

Ber departementet om pengar til lærarprosjekt

— Me har ikkje råd til å ikkje halda fram, seier prosjektleiaren om LæreriNord-satsinga. Men no håpar Nord universitet på pengestøtte frå sentralt hald.

Korleis kan ein få nok lærarar òg til små skular i utkantane, som Sørarnøy skole i Gildeskål kommune? Nord universitet har drive med oppsøkjande verksemd både i kommunar og på vidaregåande skular for å rekruttera til grunnskulelærarutdanninga.

Ein tredel av dei som har søkt opptak til grunnskulelærarutdanning på Nesna frå hausten kjem frå Nord universitet sitt LæreriNord-prosjekt. Ferske tal Khrono har fått, viser at 50 av dei 180 som skreiv seg på liste då Hanne Gravrok og kollegaene hennar reiste rundt i fjor haust og i vinter, faktisk har søkt om studieplass på ei grunnskulelærarutdanning. Til dømes kan 19 prosent av søkjarane til Nord universitet sin campus i Bodø knytast til prosjektet.

— Me kjem til å halda fram med prosjektet. Me har ikkje råd til å lata vera, seier prosjektleiar Gravrok.

Håpar statsråden kan opna lommeboka

Men når tilsette frå Nord universitet skal ut på nye turar til vidaregåande skular og kommunar, håpar dei at dei har fått inn eksterne midlar som kan betala det prosjektet kostar. 

— Det er dyrt for oss, seier Gravrok.

— Me brukar to tilsette i full stilling, og i tillegg noko meir ressursar enn det.

No er håpet at Kunnskapsdepartementet kan bidra. Gravrok seier at dei har sendt spørsmål om møte til departementet, og ho har òg sendt både evaluering og resultat dit.

— Me skal til Arendalsuka i august og delta der saman med mellom anna kunnskapsministeren, og så håpar eg me kan få eit eige møte med Brenna i etterkant av debatten, seier Gravrok.

Har vorte lagt merke til

Politisk rådgivar Signe Bjotveit (Sp) i Kunnskapsdepartementet skriv i ein e-post til Khrono at det er universitet og høgskular og kommunar som er ansvarlege for å rekruttera til høgare utdanning og sørga for kvalifiserte lærarar i skular og barnehagar. 

— Dersom Nord universitet ønsker ekstra midlar til å finansiera prosjektet «LæreriNord», må dei prioritera dette i eigne innspel til statsbudsjettet, skriv Bjotveit.

Ho seier òg at departementet i desse dagar deler ut til millionar kroner til eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanning og læraryrket. Dette er fire millionar meir enn i fjor.

--  Nord universitet er ein av samarbeidspartnarane i det nasjonale prosjektet, som er leia av Høgskulen på Vestlandet. Vi vil tru at erfaringane frå «LæreriNord» vil vere av interesse for alle samarbeidspartnarane i det nasjonale rekrutteringsprosjektet, skriv Bjotveit.

Ho seier òg at departementet har merka seg at Nord universitet har teke eit godt grep i arbeidet med å rekruttera til lærarutdanninga.

Nokre hadde nok søkt likevel, seier prosjektleiar Hanne Gravrok. Andre seier at møtet dei hadde med representantar frå Nord universitet vart avgjerande for at dei søkte grunnskulelærarutdanning. Hanne Gravrok har vore i kontakt med alle 180 som skreiv seg på interesselister.

Har søkt om unntak

LæreriNord-prosjektet har to målgrupper: Elevar på vidaregåande skule som skal søkja seg til høgare utdanning for første gong, og vaksne som er i jobb. Den siste gruppa bur allereie i dei aktuelle kommunane, og vil verta verande der etter endt utdanning. Nokre av dei har ikkje teke høgare utdanning i det heile, men andre har begynt på studium, men hoppa av.

— Det er første året me har hatt LæreriNord-prosjektet. Me måtte testa konseptet, og me ser nokre forbetringspunkt, seier Gravrok.

Eit av punkta Nord universitet ønskjer å få til, er å gjera det lettare å koma inn på grunnskulelærarutdanninga. I ei styresak frå mai i år vedtok universitetsstyret å søkja om unntak frå opptakskrava til lærarutdanninga. I dag må ein som kjent ha anten 35 skulepoeng og karakteren 3 i norsk og 4 i matematikk, eller 40 skulepoeng og karakteren 3 i begge desse faga. 

I styresaka heiter det at Nord universitet har mange studentar som vel årseiningar innanfor disiplinfaga, som til dømes samfunnsfag eller engelsk, som er skulefag, eller biologi, geografi eller idrett, som er skulerelevante fag. 

— Ganske mange av desse studentane er motiverte for grunnskulelærarutdanning, men fyller ikkje opptakskravet. Gjennom den føreslegne forsøksordninga vil desse studentane ved fullført årsstudium vera kvalifiserte for opptak, samt få innpassa gjennomført utdanning i grunnskulelærarutdanninga, heiter det.

Det universitetet har søkt om unntak frå er altså karakterkravet frå vidaregåande skule og frå kravet om at årsstudium som skal innpassast må innehalda didaktikk og praksis.

Internasjonal konferanse

— Du seier at satsinga på LæreriNord er svært kostnadskrevjande for Nord universitet. Men burde ein ikkje klara å rekruttera til lærarutdanninga utan å bruka så mykje ressursar?

— Eg tenkjer ofte på kvifor det er slik, seier Gravrok.

— Me må snakka opp det som er eit livsviktig yrke, og det er særleg viktig at lærarane sjølv gjer det. Me må heva statusen til lærarar og gjera det attraktivt å velja læraryrket. Manglande rekruttering er eit internasjonalt problem, og noko som vert tematisert på ein stor, internasjonal konferanse hos oss til våren.

Powered by Labrador CMS