USA
Columbia utviser studentar etter pro-palestinsk demonstrasjon
Minst 65 studentar ved Columbia-universitetet i New York er stengt ute frå campus. USAs utanriksminister vurderer deportasjonar.
Meir enn hundre personar blei sist veke arresterte av politiet etter pro-palestinske demonstrasjonar ved tre utdanningsinstitusjonar i USA. Ein av desse var det hardt pressa eliteuniversitet Columbia i New York, staden der bølga av studentdemonstrasjonar mot krigen i Gaza starta i 2024.
No har universitet på ubestemt tid utvist minst 65 studentar, ifølge Reuters.
Studentane får dermed ikkje tilgang til campus og aktivitetar ved universitetet, og mistar også avgangseksamen. I tillegg til studentane nektar Columbia 33 andre personar tilgang til universitet, blant dei tidlegare studentar og studentar frå andre lærestader som var med i demonstrasjonane.
— Reelle konsekvensar
Demonstrantane, som gjekk inn i hovudbiblioteket ved Columbia, gjentok tidlegare krav om at universitetet skal kutte alle investeringar som kan knytast til våpenprodusentar og andre selskap som bidrar til Israels okkupasjon av palestinske område.
— Når reglar blir brotne, og det akademiske fellesskapet vårt med vilje blir forstyrra på denne måten, er det eit medvite val, eit val som får reelle konsekvensar, seier ein talsperson frå Columbia, ifølgje ABC News.
Den amerikanske utanriksministeren, Marco Rubio, har ifølgje ABC sagt at han no vil gå gjennom visum og vurdere om deltakarar i demonstrasjonen skal deporterast.
Columbia-universitetet var det første som vart utsett for truslar frå president Donald Trump om milliardkutt i finansieringa. Grunnen er ifølgje Trump at universitetet ikkje har handtert demonstrasjonar mot Israels krigføring i Gaza på ein god måte.
Fleire demonstrasjonar
Universitetet har fått kritikk, også frå sine eigne tilsette, for å gi etter for Trumps krav.
Etter trusselen om å miste støtte tilsvarande fleire milliardar kroner, bestemte Columbia-leiinga mellom anna å tilsetje sikkerheitsvakter med fullmakt til å gjere arrestasjonar på campus.
Også ved to andre universitet var det demonstrasjonar sist veke. Ifølgje The Chronicle of Higher Education okkuperte studentar ved University of Washington i Seattle ei av bygningane på campus sist måndag. 30 studentar vart arresterte.
I Pennsylvania, ved Swarthmore College, vart ni demonstrantar arresterte og sju utvist.

Nylige artikler
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia