For fotballforskar Mads Skauge er det blitt ei prinsipiell sak å stille opp for media — og å blande rollene.

Førsteamanuensis og supporter Mads Skauge utanfor Aspmyra stadion.

Dæven, det e’ sosiologi det her!

Bodø/Khrono: Tre nederlandske damer på nabobordet reagerer med begeistring då dei forstår at det er det berømte fotballaget som er tema. Det går dårleg der dei kjem ifrå, Ajax, heime i Amsterdam, det gamle storlaget, ja, det er nesten pinleg.

Bodø/Glimt, derimot, dei er som fortrylla: fascinasjonen strålar frå augo til dei tre turistane på Nord-Noreg-tur.

— Eg trur det er først no i det siste at det eigentleg har gått opp for folk kor vilt det som skjer faktisk er. Det er inga overdriving å seie at dette er det mest usannsynlege eventyret i heile fotballhistoria, seier Mads Skauge, idrettssosiolog og fotballforskar ved Nord universitet.

Mads Skauge, idrettssosiolog og fotballforskar ved Nord universitet, er blitt ettertrakta av internasjonale media etter Bodø/Glimt-suksessen. — Journalistar merkar seg kven som stiller opp, seier han.

Det er berre nokre dagar sidan sist Skauge var på stamkafeen i Bodø sentrum. Då var det ein journalist frå den franske avisa Le Monde som sat her med hakeslepp over ein bolle med mykje gult i. Internasjonale media har reist i hopetal til «fiskarlandsbyen» på 66 grader nord for å prøve å fatte fenomenet.

— Når eg fortel at det tar ti timar å køyre til næraste by med meir enn 30.000 innbyggarar, Tromsø, går det liksom opp for dei kor langt nord dei er, og kva rammer og utgangspunkt Glimt har, seier Skauge.

Han gjer som eitt av sine store forbilde, Frank Aarebrot (1947-2017), gjorde. Han tar alltid telefonen når ein journalist ringer. Det ballar fort på seg. Skauge både liker og ser det som ei plikt å vere ein forskingsformidlar.

1—0

— Det kan bli sjølvforsterkande: Dersom du først svarar ein journalist, ringer den neste fordi han eller ho har lese den første saka. Journalistar merkar seg kven som stiller opp. Det er medielogikken. Ei ulempe med dette er at det blir færre stemmer som uttalar seg enn det kunne ha vore fordi dei same uttalar seg meir og meir, seier Skauge.

Sjølv om formidling er utpeikt til ei av dei viktige arbeidsoppgåvene for akademikarar i Noreg, er det ikkje særleg høgt verdsett, meiner Skauge. Popularisering er ikkje alltid populært.

Først i 1972 vedtok Fotballforbundet at nordnorske fotballklubbar skulle få plass i den nasjonale serien. Den norske varianten av fotball-apartheid vart praktisert meir eller mindre fram til 1980-talet.

— Der er jo ingen eigentlege insentiv for å drive med forskingsformidling. Så det er ikkje overraskande at folk nedprioriterer dette. Eg har valt å gå imot straumen. Eg føler eg har mykje igjen for det personleg. Men om eg skulle tenke berre på eigen  karriere og progresjon, burde eg nok ha prioritert annleis og skrive fleire vitskapelege artiklar og publisert for kollegaer. Dette er viktig, men av og til kan det vere meir freistande å få nokre tusen lesarar i ei avis med ein tekst du har brukt éin time på, framfor å få nesten ingen lesarar i eit nisjetidsskrift med ein artikkel du har brukt halvanna år på. Det må eg innrømme.

Skauge innser at det ikkje er like naturleg for alle å ta ei offentleg rolle. Han ser på universitetet som eit lag. Det trengst både spiss og midtstoppar.

— Mange kvir seg for å snakke med media. I akademia er det dei lange tankane og resonnementa som gjeld. I journalistikken er det litt motsett. All formidling inneber ein viss grad av spissformulering. Det må vi akseptere, og samstundes må vi akseptere at ikkje alle forskarar er komfortable med denne spissinga, seier Skauge.

Han er ikkje i tvil om at mediemerksemd betyr mykje for at universitetet skal vere synleg. Skauge synest universitet tenker altfor snevert når det gjeld marknadsføring.

— Det går mykje i nordlys og natur på Facebook. Men dersom ein vil rekruttere ambisiøse studentar og forskarar, og få dei til å bli verande her, må marknadsføringa vere ambisiøs. Ein må vise at det er noko fagleg interessant her. Med fare for at det høyrest ut som eg ser litt stort på meg sjølv: Når ein idrettssosiolog frå Bodø blir intervjua i internasjonale media, er det kanskje akkurat slikt som kan inspirere og skape denne interessa og trekke folk hit.

Skauge har gjort ei uhøgtideleg lita undersøking av korleis universiteta prøver å rekruttere studentar.

— Der er nesten aldri noko fagleg der.

— Det var ikkje fin natur eller kule studentfestar som lokka meg inn i sosiologen. Det som pirra, var at det gjekk opp for meg at sosiologane var dei i det offentlege ordskiftet som hadde dei beste omgrepa for å forstå samtida. Eg las med glede spaltene til for eksempel Arve Hjelseth, Kjetil Jakobsen og Thomas Hylland Eriksen, lenge før eg las noko vitskapeleg av dei.

2—0

Han tømmer kaffikoppen, vinkar farvel til dei begeistra nederlandske turistane. Ute blafrar dei gule supporterflagga overalt. Aspmyra, heimebanen, er ikkje langt unna. Tanken på at fleire av dei beste laga i verda har blitt rundspelt der inne, verkar naturstridig.

Han er fødd og oppvaksen i Halden, så langt sør og aust du kan kome i Noreg. Der spelte han sjølv for Kvik Halden. No er han bodøværing og Glimt-supporter.

Det er ikkje først og fremst dei taktiske disposisjonane på banen eller kva som går føre seg i hovudet til trenaren, Kjetil Knutsen, Skauge svarar journalistane på, sjølv om han saktens har sine meiningar. Som sosiolog ser han på det sosiale og kulturelle spelet, fotballen og samfunnet, historia og kulturen, individ og samfunn — kampane og lagspelet i storformat.

Skauge er sjølv ein del av forskingsobjektet.

I tillegg til å forske på Bodø/Glimt og på supporterkulturen er Skauge også ein av dei mest engasjerte supporterane, med to års fartstid bak seg som nestleiar og talsperson for supporterklubben J-feltet. Supporterklubben i Bodø er den eldste i Noreg, grunnlagt i 1974, med blant anna Halvdan Sivertsen i front. Året etter vann klubben cupfinalen, den første som vart direktesendt på fjernsynet.

Ikkje alle liker det, og Skauge er blitt skulda for å blande rollene, vere aktivist.

— Eg har fått mange kommentarar som går på dette. Korleis kan eg vere leiar av supporterklubben og samstundes forske på supporterklubben og supporterkultur? Det er kanskje på same måte som når du er klimaforskar og medlem i MDG. For mange er det liksom ikkje mogleg. Eg synest det er fascinerande at forskarane framleis blir sett på som denne personen i den kvite frakken i laboratoriet som er nøytral til alt han forskar på. For meg er det mest ein fordel å vere tett på det feltet eg forskar på. Interesse og engasjement er ein fordel. Forskinga baserer seg uansett på etablerte vitskapelege metodar og retningslinjer når det gjeld forskingsspørsmål og analyse, seier Skauge.

I rolla som leiar for supporterane i Bodø/Glimt har Skauge vore involvert i striden om VAR skulle takast i bruk i norsk fotball eller ikkje. For dei uinnvigde dreier det seg om bruk av videoopptak i dømming av fotballkampar. Noregs fotballforbund oppretta eit utval for å vurdere saka og (VAR-motstandar) Skauge vart kalla inn.

Han var med i rolla som supporter, men kom til sin rett som akademikar.

— No veit også fotballforbundet at det finst eit fag som heiter idrettssosiologi, seier Skauge.

3—0

Bunnpris-butikken som er lokalisert på Aspmyra, heimebanen, glir godt inn med sin gule logo. Skiten snø smeltar utanfor portane. Det er noko påfallande uglamorøst over det heile, der Glimt-legenda og bysbarnet Harald «Dutte» Berg står på sokkel, pynta med ferske, gule blomar, «Førr evig» rissa inn i stein.

Det er, for dei som ikkje er orientert, sonesonen til «Dutte», bodøguten Patrick Berg, som er kaptein på laget i dag.

Også dette er naturlegvis ein fascinerande del av forteljinga som journalistar frå Paris, Manchester og Milano har problem med å få til å gå opp. Mange av spelarane er lokale, fostra opp i «fiskarlandsbyen».

Jens Petter Hauge sat ei stund på benken på andrelaget i Ålesund fotballklubb. Blant dei «importerte» spelarane er Fredrik Sjøvold, som spelte i fjerde divisjon i Trøndelag for få år sidan. Keeperen, Nikita Haikin, vart henta frå israelsk 2. divisjon.

Det er som gul hestehov som veks ut av snøen. Røynda snur om på teorien. Periferi er blitt sentrum.

Skauge synest det er passande å minne om at nordnorske fotballag vart diskriminerte i det nasjonale seriesystemet fram til 1980-talet, og var heilt utestengde til 1972. I 1975 vann Bodø/Glimt cupfinalen.

Laget har reist til Lisboa for å spele om kvartfinalen i Meisterligaen. Heime på Aspmyra held bakkemannskapet orden på arbeidsplassen.

— Det vart den største symbolsigeren for nordlendingar nokon gong. I ei tid der nordnorske studentar ikkje fekk hybel i Oslo, og der nordlendingar måtte skjule dialekten for å bli sosialt akseptert i sør, viste Bodø/Glimt at Nord-Norge duger, seier sosiologen.

Etter dette vart Noregs eigen vesle fotball-apartheid rett og slett vanskelegare å halde i hevd.

Førsteamanuensen held på med ei bok om Glimt-eventyret, der alt dette garantert blir utbrodert i detalj. Men sjølv er han «søring». Skauge voks opp i Halden.

Han skildrar seg sjølv som ein som var ein litt umoden 19-åring, som rett nok las Morgenbladet og hadde utferdstrong. Turen gjekk til Trondheim, som han hadde høyrt skulle vere ein bra studentby. Det var det, men etter at han hadde fått festa frå seg ein del, kom han i kontakt med Arve Hjelseth, professor i idrettssosiologi ved NTNU.

Etter mastergraden bar det til Bodø, ein by han aldri før hadde besøkt, der det nyetablerte Nord universitet var i oppbyggingsfasen. I 2022 tok han doktorgrad med «bokseprofessoren» Anne Tjønndal som rettleiar. Samstundes hadde Bodø/Glimt starta oppstiginga frå botnsjiktet til stjernehimmelen.

4—0

Det var stong inn, hat trick, heimesiger. No er Skauge nærast for naturalisert nordlending å rekne.

Inne på Aspmyra er det stille. 

Det er opne dører. Vaktmeisteren skiftar matter i inngangspartiet. Spelarane har reist sørover for å lade opp til kamp i Lisboa. Det står om kvartfinale i Meisterligaen.

«Eg veit meg eit land». Det held ikkje å reklamere med nordlys og vakker natur om ein skal rekruttere til universitetet her, meiner Mads Skauge. — Ein må vise at det er fagleg interessant.

Skauge, forskaren og supporteren, kjem til å stå på tribunen.

Han trekker fram Frank Aarebrot igjen. Den etter kvart berømte og populære valforskaren møtte mykje motbør for engasjementet og formidlingsiveren i si tid — og som valforskar og erklært medlem i Arbeidarpartiet — kritikk for å «blande rollene».

— Han fekk eit spørsmål frå ein journalist ein gong, om det gjekk an å stole på ein valforskar som framhevar medlemskap i eit politisk parti. Han svarte noko slikt som at «du blir ikkje meir nøytral av fordekte sympatiar. Du blir berre meir fordekt. Det har eg tenkt mykje på.

Kvar skal eventyret ende?

Det som er sikkert, er at ein dag kjem motgangen og nedturen. Bodø/Glimt er kanskje «førr evig», men ein suksess er ikkje for alltid. Då blir det nok sjeldnare telefonar frå verdspressa. Men Skauge trur ikkje det kjem til å gjere jobben hans mindre relevant.

— Også motgang er interessant i sosiologisk perspektiv. Kven veit, kanskje er det då det verkeleg blir interessant.

 

Powered by Labrador CMS