høgskulen i volda
Dette kan eg klara, konkluderte den nye direktøren med då han googla todelt leiing.
Den femte direktøren på ni år: Løftar blikket og senker skuldrane
Volda (Khrono): Ein kveld tidleg i februar fekk Jan Olav Baarøy ei aha-oppleving. Han sat på den vande plassen sin i Jølster musikklag, inst i den bakarste halvsirkelen saman med mange andre kornettistar. NM for brassband i Grieghallen nærma seg, men dirigenten syntest at det var noko som skurra litt.
— Spel, sa dirigenten, før han gjekk vekk for å lytta.
Eit eller anna losna.
— Det er alltid betre utan dirigent, sa dirigenten.
— Då må de lytta til kvarandre.
Baarøy er fersk høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda (HVO). Han likar desse kveldane på øving: Då er han ein av mange, ikkje den som skal stå fremst, men i ei rolle som liknar ein vanleg tilsett.
— Men då dirigenten sa dette om at det var betre utan han, tenkte eg: Oi, kva er dette? Gjeld det også direktørar?
Den femte på ni år
Baarøy hadde nok tenkt det før denne februaropplevinga, men han understrekar det no: Ein må løfta blikket og senka skuldrene.
— Der er det håp og moglegheiter. Ein må ikkje jaga dei små problema. Løftar ein blikket, klarar ein å sjå kva ein skal fokusera på, seier Baarøy.
Han er den femte høgskuledirektøren i Volda sidan Jakob Kjøde gjekk av i 2017. Kjøde hadde då til samanlikning vore direktør i 16 år.
Khrono har skrive spaltemeter om konflikta med rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og høgskulestyret på den eine sida, og høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem på den andre. Saka enda med at Emblem fekk ein sluttpakke i mars 2025.
— Kva høgskule er det du kjem til, etter ein periode med uro?
— Eg har møtt så utruleg mange flotte folk!
Baarøy held entusiastisk fram:
— Her er det latter, det er interesse. Eg har fått ein fin velkomst, og det verkar ekte. Oddrun Rangsæter har gjort ein formidabel jobb med å samla organisasjonen. Eg kjem til noko som er restarta, og i organisasjonen er det ro og nyfikne.
Rangsæter vart lånt ut frå Universitetet i Oslo for å fungera som høgskuledirektør i ein overgangsperiode. I eit intervju med Khrono sa ho at det var familiære årsaker til at ho ikkje søkte seg til ei permanent stilling i Volda. Ho sa også at dersom ein hadde tenkt å gå inn i ei høgskuledirektørstilling, må ein forstå kva direktørrolla i denne sektoren er.
— Ein må forstå todelt leiing og ein må kunne samarbeida, sa Rangsæter.
På oppløpssida
Baarøy måtte googla nettopp det, innrømmer han.
Han kjem frå stillinga som leiar for Norec, og bur, som Khrono har skrive, i Førde. Dit kom han då Utanriksdepartementet bestemte at organisasjonen skulle flytta. Han tok med seg kone og fire barn, og fortel ærleg at det ikkje berre var stas for dei tre eldste, som då alle var tenåringar. Attpåskatten skulle byrja på skulen. No går ho i 8. klasse, og foreldra ville ikkje at ho skulle måtte flytta på seg.
— Kvifor søkte du stillinga i Volda?
— Eg var på oppløpssida av det andre åremålet mitt. Åremål kan ha mange gode ting ved seg, mellom anna veit ein når ein vert kvitt folk. Men det er også ein fare for at folk sluttar, fordi ein må ha ein ny jobb.
I Norec hadde Baarøy jobba opp mot både Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Molde og HK-dir, og han hadde jobba med kunnskapsoverføring. I 2020 tok han mastergrad i leiing — etter å ha vore leiar i tjue år.
— Og det var så bra! Eg har stor tru på både påfyll av kunnskap og livslang læring.
Men kva fann han då han googla?
— Eg fann ut at dette kan eg klara. Og eg fann ut at denne rektoren, han kan eg gå i tospann med.
Det gode studiemiljøet — nesten heime
På mange måtar har Baarøy kome heim. Han er frå Ørsta, og bur hos foreldra i vekedagane når han jobbar i Volda. Og det var ved Høgskulen i Volda han tok sine første vekttal.
— Eg tok kristendom grunnfag med Jan Ove Ulstein som førelesar. Då møtte eg teologi og forsking, undring og tvil. Eg gjekk vidare med teologi, gresk og latin ved Universitetet i Oslo, men enda med sosialantropologi.
Så gjekk turen ut i verda. Jobb for Unicef i New York, i Tanzania og Uganda. Etter åtte år kom familien heim. Då hadde to vorte til fem.
— Kona mi hadde teke master, og var klar for å byrja å jobba. Me inngjekk ein avtale om at der den første av oss får jobb, dit flyttar me. Ho vann! Så eg var heime med yngstedotra til eg fekk jobb i Care.
Høgskulen i Volda er ein av dei minste høgskulane i Noreg, og valde å ikkje slå seg saman med nokon i fusjonsprosessane for om lag ti år sidan.
— Korleis skal Høgskulen i Volda klara seg i denne mangslungne sektoren?
— Søkjartala våre er som dei var i 2016. Det er rett at dei har vore høgare, men det er òg fleire alternativ enn før for komande studentar, seier Baarøy.
Han viser til at hans førre arbeidsplass flytta frå Oslo til Førde. Det var mange tilsette som ikkje vart med på flyttinga, men det tok ikkje lang tid før ein hadde bygd opp eit stort fagmiljø i sunnfjordbyen. Det same meiner han ein kan få til litt lenger nord.
— Det er ingen grunn til at ein ikkje skal få ein kohort som søkjer seg hit. Her har me ein høgskule med ulike fag og me har flott natur. Og me skal gjera det attraktivt å vera student — på campus. Det skal vera eit studentmiljø der ein ønskjer å verta sitjande att og drøfta etter undervisninga.
Han er også oppteken av at dei tilsette skal ha gode dagar: Dei skal ønska å gå på jobb, dei skal verta sett, respektert og få ro.
— Korleis går det med sjukefråverstala, som har vore høge?
— Sjukefråveret er lågare enn i fjor. Eg er oppteken av at me må ha eit systematisk arbeid i arbeidsmiljøutvalet. Nokre tilsette treng tilrettelegging, andre treng redusert arbeidstid i ein periode i livet.
Generalist
Baarøy har altså jobba i utlandet i mange år.
— Men dei faga dine, dei passar jo godt inn i ein tullestudiedebatt?
Direktøren trekkjer pusten, og mumlar noko om at han ikkje skal byrja.
— Eg er opptekne av kva me gjer ved høgskulen — ikkje kva me er. Og fagområda våre går rett inn i ein totalberedskap. Det er fag som skal halda samfunnet oppe. Samstundes er eg oppteken av at det skal vera trygt å studera i Volda, seier Baarøy.
Seg sjølv kallar han generalist. Ein som kan litt om veldig mykje.
— Og som har evne til å sjå samanhengar.
Nylige artikler
Den femte direktøren på ni år: Løftar blikket og senker skuldrane
Noen juridiske betraktninger om akademisk frihet i Grunnloven
Her er Khronos påskequiz
Offentligheten trenger flere militære perspektiver
Her er de mest fornøyde lærerstudentene
Mest leste artikler
Redaktør går hardt ut mot bønnerom og muslimer ved kristen høgskole
Psykologistudentene studerer 1750 timer for lite
NTNU lanserer nytt KI-verktøy. — Tryggeste i Norge
Forskere er Norges lykkeligste arbeidstakere
Studentene jobber mindre med studiene. 136 timer borte siden 2016