universitetssøknad
Denne disputasen markerte noko heilt spesielt for HVL
Kan Universitetet på Vestlandet bli ein realitet allereie hausten 2025? Rektor Gunnar Yttri håpar det.
Måndag 3. juni disputerte Nazerke Saparbayeva for ph.d.-graden med avhandlinga Numerical models of multiphase flows with sticky particles.
Saparbayeva er en del av doktorgradsprogrammet i datateknologi ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Med hennar disputas kom høgskulen i mål med det som har gjenstått før den mykje omtala universitetssøknaden til HVL kan sendast til Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).
Før sommarferien
Høgskulen oppfyller no nemleg kravet i studiekvalitetsforskrifta for å kunne bli universitet. Kravet er at det må uteksaminerast minst fem kandidatar over tre år på minst to ph.d.-program.
I styremøte torsdag 13. juni skal universitetssøknaden opp til ei siste handsaming, og det er lite eller ingenting som står i vegen for at styret kjem til å vedta at søknaden skal ferdigstillast og sendast innan utgangen av inneverande månad, altså før sommarferien.
HVL-rektor Gunnar Yttri er glad for at dei kvantitative krava no er på plass, og gler seg til å få sendt av garde søknaden.
— Søknaden er eit resultat av arbeidet som ein heil institusjon har langt ned over fleire år. Me har verkeleg utvikla og styrka kvaliteten både i utdanninga og forskinga, seier Yttri til Khrono.
Rektoren vil naturlegvis ikkje forskottere noko endeleg resultat av søkinga, men poengterer samstundes at han kjenner seg hundre prosent trygg på at det er ein god søknad.
— Det står framleis att ein vidare god dialog med Nokut og komitéen, og det ser me fram til, sier Yttri.
— Skal ikkje stå på oss
På spørsmål om kor raskt Høgskulen på Vestlandet no kan bli til Universitetet på Vestlandet, svarar HVL-rektoren at det er opp til Nokut å avgjere.
— Men me håper sjølvsagt at dei vil komme raskt i gang med det administrative og faglege arbeidet.
— Kan HVL ha blitt til Univest allereie hausten 2025?
— Eg håpar jo det. Det skal i alle høve ikkje stå på oss, men det er klart, det er eit godt stykke arbeid som skal leggast ned av fleire partar før me er heilt i mål, svarar Gunnar Yttri.
HVLs styremøte kan følgjast her frå torsdag klokka 09.00.

Nylige artikler
Hva kan vi gjøre for forskernes søvnproblemer?
Universitetet i Innlandet legger ned Østlandsforskning
Helseministeren bekymret for utviklingen i USA. Ser mer til Europa
Dette regner UiB som den største risikoen
Forhandla om 41 millionar. Toppstillingar fekk mest
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Berg-Hansen og jeg
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI