musikkterapi

Det byrja som eit forskings­prosjekt. No vert tilbodet permanent

I snart to år har forskarar frå Noregs musikkhøgskule følgt deltakarar i fem demenskor i Oslo. Sjølv om sjølve forskingsprosjektet vert avslutta, held kora fram. — Sosial innovasjon, seier professor.

Dirigent og musikkterapeut Karianne Gjertsen leier eit av dei fem demenskora i Oslo kommune. Her på øving saman med pianist Sverre Tollefsen Laupstad.
Publisert Sist oppdatert

Kva effekt har det å synga i kor på den sosiale og psykiske helsa til personar med demens og på deira pårørande? Og verkar deltaking i kor positivt på einsemd, depresjon, apati og humør?

Dette var spørsmål som var utgangspunkt for Noregs musikkhøgskule (NMH) sitt forskingsprosjekt om demenskor. Til hausten vert prosjektet avslutta, men Oslo kommune har no bestemt at ordninga med demenskor held fram.

— Det som starta som forsking, vert ein del av kvardagen. Det er kjekt, seier forskar Kristi Stedje.

Ho seier at det både blant kordeltakarane og i dei fem bydelane har vore usikkerheit knytt til om kora skulle halda fram. 3. mars kom det melding om at ja, det skal dei.

— Dette er sosial innovasjon, seier professor i musikkterapi, Karette A. Stensæth.

Laga eiga kontrollgruppe

NRK-serien Demenskoret tok Noreg med storm i 2023. Deretter vart det oppretta liknande kor i mange norske byar. Musikkhøgskulen sitt forskingsprosjekt kom etter NRK-serien, men:

— NRK bygde både på ein britisk TV-serie og på arbeid som er gjort av musikkterapeutar. Så ein byggjer stein på stein, seier Stedje.

Forskarane har gjennomført både kvalitative og kvantitative undersøkingar på einsemd, helse og livskvalitet. Dei har brukt spørjeskjema og gjennomført intervju med koristane og deira pårørande, både før oppstart og undervegs i prosjektperioden. 

Stensæth fortel at dei brukte eit forskingsdesign der tre av dei fem kora starta først, slik at to av kora kunne fungera som ei kontrollgruppe før desse to kora også fekk starta med sine koraktivitetar. 

Forskarane er no midt i analysearbeidet, og kan ikkje seia så mykje om konkrete resultat endå.

— Det viktigaste utfallsmålet vårt er einsemd. Men me ser også på umiddelbare effektar; kjenner kormedlemmene på glede når dei er på øving, seier Stedje.

Sverre Tollefsen Laupstad og Karianne Gjertsen har leia eitt av demenskora. Her saman med forskarane Kristi Stedje og Karette Stensæth.

Vil utdanna fleire

Tysdag var dei to forskarane på besøk hos eitt av dei fem kora. Stedje fortel at ein av deltakarane sa til henne at «eg måtte verta så gamal før eg kunne synga».

— Kva er det med demens og det musikalske fellesskapet?

— Ein får ein gjeng som er din, der det ikkje er krav om at ein må hugsa frå gang til gang eller klara å følgja med i ein samtale på same måten som ein må i ein del andre sosiale samanhengar. I demenskora er det songarar på ulike nivå, men det er plass til alle, seier Stedje.

Stensæth seier at det musikalske minnet ofte er godt bevart. 

— Det gjer musikk til ei kjelde og ein ressurs som mange kan ha nytte av og glede av lenge. Mange menneske har eit forhold til song og musikk, sjølv om dei ikkje har drive aktivt med dette før. 

God persontilpassing er viktig for denne gruppa, seier Stensæth. Det kan handla om å finna fram til songar som dei har positive opplevingar til eller å tilpassa musikken i eit tempo og eit leie som passar den enkelte. Eller det kan handla om å ha med notar i songpermane til dei koristane som har vore musikarar før. 

Professoren er oppteken at det som no har vorte jobba fram, skal danna det ein kan kalla ein robust praksis.

— Det krev fagkunnskap for å leia slike kor. Alle treng ikkje å vera musikkterapeutar, men kora vil tena på å ha ei musikkterapi-informert tilnærming. Me er opptekne av å utvikla og dela kunnskap som gjer at fleire kan leia demenskora godt. Slikt vil kunne sørga for gode og berekraftige kor, seier ho.

Dette demenskoret held til hos Kampen omsorg+ i Oslo.

I dei fem kora i Oslo kommune har det vore to korleiarar: Ein pianist og ein dirigent, og minst ein av dei er utdanna musikkterapeut.

— Me håpar at me kan utvikla fleire kurs og ei delutdanning ved Musikkhøgskulen for dirigentar og andre som ønskjer å utvikla kunnskapen sin om demenskor, seier Stensæth. 

— Me musikkterapeutar ønskjer dessutan at musikkterapi skal implementerast i helsetenestene, seier ho vidare.

Her ser ein føre seg ein økologisk modell, der tilboda følger personen med demens sine behov. Demenskor kan vera eit eigna tilbod tidleg i sjukdomsforløpet, medan eit enda meir individuelt tilpassa tilbod kan passe betre seinare i løpet.

Vil ha varig tilbod

I første omgang vert det demenskor i Oslo fram til sommaren 2027. Men KrF sitt mål er eit varig tilbod, som også kan utviklast meir. Det seier Øyvind Håbrekke, som sit i bystyret for partiet.

— Det var eg som kom med forslaget om at kommunen skulle gå inn i Musikkhøgskulen sitt forskingsprosjekt, seier han til Khrono.

— Kvifor er dette ei sak som er viktig for KrF?

— I Oslo er det no 10.000 personar som har ein demensdiagnose, og ein reknar med at talet vil dobla seg dei neste 15—20 åra. Det betyr at det er mange som er råka, anten som får demens sjølve eller som er pårørande.

Håbrekke peikar på tre ting han meiner er viktig med demenskor: Det betyr noko for dei som lever med demens, og hugsen deira vert stimulert, det betyr noko for pårørande, som kan få ei avlasting gjennom at den med ein demensdiagnose får eit sosialt tilbod, og det betyr noko for samfunnet rundt.

— Me var mange som såg demenskor-serien på NRK. Det er lett å tenkja at dette er ei gruppe som først og fremst er hjelpetrengande, men me andre har lært at dette er menneske som både kan skapa noko og gi oss noko. Det handlar om verdigheit, seier Håbrekke.

Powered by Labrador CMS