Debatt ● Kenneth Berstad

Det var litt enklare før

Å klage på studentane, er å skrape forsiktig i overflata.

Mann i svart skjorte står foran en fjord
— Det er ikkje berre yngre og eldre studentar som les litt mindre og litt dårlegare, skriv forfattaren. — Les ikkje alle mindre og dårlegare?
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Å klage på studentane, er å skrape forsiktig i overflata.

Det er naturlegvis hyggeleg å høyre om den akademiske idyllen som levde før i tida, men denne kulturen var sett saman av studentar frå heimar utan pipande nettbrett, flatskjermar, smarttelefonar, datamaskiner, sonosanlegg og pratande støvsugarar.

Eg er det dei yngre kallar ein eldre student. Dei siste åra har eg studert retorikk, litteraturvitskap og filosofi. For om lag femten — tjue år sidan tok eg ei mastergrad innan jordskiftefaget ved den gamle landbrukshøgskulen. 

Og det var litt enklare før. 

Eg hadde til dømes ikkje eigen PC, og gjekk på datasalen og nytta skulen sine maskiner. Her var det stilt og fredeleg, og dei mekaniske tastane lagde ein behageleg tukk-lyd som dirra forsiktig i øyret. 

Ingen hadde heller TikTok, Snapchat, Instagram, Tinder, Hinge, Twitter eller e-post med pushvarsel.

For alle desse appane dreg i oss, dei dreg i konsentrasjonen, dei ropar HEI! og så snur du deg og tenkjer: kva har skjedd? Ingenting! Det har ikkje skjedd noko som helst! Men pulsen er litt høgare.

Når ein høyrer at pensumlistene blir justerte ned, gjev det meining. Tidene har forandra seg, ja. 

Men det er ikkje berre yngre og eldre studentar som les litt mindre og litt dårlegare? Les ikkje alle mindre og dårlegare? 

Det eg lurer på er om de som studerte under betre rammevilkår, på alle måtar, også har same konsentrasjonsevna i dag? Slukte de Min kamp bind seks slik de slukte Proust før i tida? Eg tvilar.

Meininga er ikkje å fornærme nokon, men å seie at desse teknologifenomena truleg ikkje berre rammar dei angripne i debatten, men og dei som angrip. Altså enkelte tilsette. Held de same «nivå» som Hans Skjervheim og Georg Johannesen?

Powered by Labrador CMS