Debatt ● Arnt Ove Hopland
Eg vil vere ein langsam ambulansesjåfør
Eg skulle ønske at norske akademikarar av og til tenkjer på korleis vi ser ut frå utsida.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Tygg litt på den overskrifta. Erstatt gjerne ambulansesjåfør med postbod, sakshandsamar, fiskar eller butikkmedarbeidar. Nesten uansett kva yrke ein set inn i denne tittelen ville responsen, både eksternt men ikkje minst frå kollegaer vore eit kollektivt «skjerp deg!».
Men ikkje i akademia.
Eg skulle ønske at norske akademikarar av og til iallfall freista å tenkje på korleis vi ser ut frå utsida. For folk utanfor sektoren må det framstå som at vi alle tolkar akademisk fridom som fridom til å ikkje gjere jobben vår.
Det er vanskeleg å få veljarar og politikarar til å ta våre krav om sterkare finansiering på alvor når vi samtidig oppfordrar oss sjølve til ein «langsom start om morgenen, gjerne med en ekstra time i sengen».
Særleg smaklaust er det at fast tilsette og i praksis uoppseielege professorar klappar kvarandre på skuldra for slikt, samstundes som mange unge og ivrige forskarar ikkje får fotfeste i arbeidsmarknaden.
I andre yrke er det slik at når ein ikkje lenger kan eller vil gjere jobben sin så tek ein eit steg til side og slepp fram dei som kan og vil. Slik burde det vere i akademia òg.