Debatt ● Gunnar Skirbekk

Fåfaglege institusjonar bør ikkje bli universitet

Universitet med ‘alle’ fag kan lettare bidra med den fleirfaglege og sjølvkritiske ekspertisen som trengst for at vi best mogleg skal kunne møte komplekse og alvorlege kriser i framtida.

Hva bør eit universitet vere? — Menighetsfakultetet og Forsvarets høgskule bør ikkje akkrediterast som universitet. Og heller ikkje NHH, så vidt eg kan sjå, skriv kronikkforfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det går føre seg ein diskusjon om kva som må til for å bli universitet her i landet. Bakgrunnen er ein rapport levert av ei ekspertgruppe oppnemnd av Kunnskapsdepartementet i mai 2022: «Kvalitets- og akkrediteringskrav for norske universiteter». Diskusjonen går bl.a. om antal doktorgradar, t.d. om ein eventuell reduksjon frå fire til ein.

Men når det gjeld spørsmålet om kva eit universitet bør vere, er det viktig å hugse på at fleirfaglege universitet (‘breidde-universitet’) kan ha ei viktig rolle i moderne samfunn prega av mange og komplekse kriser, fordi slike universitet, med ‘alle’ fag, lettare kan bidra med den fleirfaglege og sjølvkritiske ekspertisen som trengst for at vi best mogleg skal kunne møte komplekse og alvorlege kriser.

Her er nokre eksempel:

I moderne samfunn, stilt overfor alvorlege og komplekse utfordringar — der «det er sannsynlege at noko usannsynleg vil skje» (for å sitere Kåre Willoch, og Aristoteles) — duger ikkje omgrep om kvantifiserbar risiko. I slike tilfelle blir det tradisjonelle økonomifaget for omgrepsfattig. I slike tilfelle trengst det fleire fag, med forskjellige omgrep og faglege perspektiv. Berre slik er det mogleg å få til kompetente tverrfaglege diskusjonar og læringsprosessar. Derfor er det viktig med fleirfaglege universitet,

Men også slik vi ser det i teologi-faget: Norske teologar er tradisjonelt utdanna på eit offentleg og fleirfagleg universitet (i Christiania), der dei måtte ta omsyn til andre fag og andre fagfolk, slik at det vart uråd å seie ‘rare ting’, t.d. om Noah som ifl. GT levde i over 900 år, eller om at Jahve, ifl. GT, gav jødane rett til ‘det heilage land’, slik t.d. nord-amerikanske ‘evangelicals’ les det Gamle Testamentet, og trur på det, utan religionskritikk, og såleis — ved si sterke stilling hos ein stor del av veljarane i USA — er med å påverke nord-amerikansk politikk overfor staten Israel, og dermed spørsmål om krig og fred i Midtausten. Dramatiske saker.

Og slik vi ser det i militærfaglege samanhengar: jf. det nye NATO, etter murens fall og oppløysinga av Warszawa-pakta, då NATO ikkje berre var innstilt på forsvar mot militære åtak retta mot eige samfunn, men der sentrale Nato-land i aukande grad vart innstilt på militære intervensjonar overfor andre og meir fjerntliggande samfunn, m.a. i håp om å gjere desse samfunna til stabile og fredelege demokrati. Men då trengst det meir enn teknologisk og naturvitskapleg ekspertise; då trengst det kunnskap om kva slags samfunn ein skal invadere, anten det er på Balkan, i Afghanistan, i Irak, eller Libya. Den verdskjende antropologen Fredrik Barth åtvara mot den militære aksjonen i Afghanistan, men vart ikkje høyrd.

Kort sagt, fåfaglege institusjonar bør ikkje bli ‘universitet’.

Vi kunne spisse det til: Menighetsfakultetet og Forsvarets høgskule bør ikkje akkrediterast som universitet. Og heller ikkje NHH, så vidt eg kan sjå.

Powered by Labrador CMS