Debatt ● Randi Skår og Jens Kristian Fosse

Fire punkt som må avklarast i profesjonsmeldinga

Sviktande rekruttering til viktige utdanningar, nytt finansieringssystem og framlegg til nye karrierestigar. Vi treng ei utviklingsorientert og framtidsretta profesjonsmelding som styrkar profesjonsfaga og banar veg for at arbeidslivet får dei beste kandidatane.

Den nye profesjonsmeldinga må sikre heilskap og kontinuitet, og ho må ha langtidseffekt, skriv kronikkforfattarane.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Kunnskapsdepartementet skriv på sine nettsider at det har kome inn over 100 innspel til profesjonsmeldinga. Meldinga er venta no i vår og opptakten var mellom anna seks innspelsmøte ulike stader i landet våren 2023. Engasjementet verkar å vera stort, men signala har vore få frå Regjeringa no i innspurten. 

Dei nasjonalt styrte lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane er særmerkte og sentrale utdanningar nær knytt til praksisfeltet, nær knytt til arbeidsliv, og nær knytt til profesjonane. I mange institusjonar er dei sjølve reisverket og ein garanti for eit velfungerande velferdssamfunn i by og bygd. I Høgskulen på Vestlandet (HVL) utgjer dei mykje av krafta i forminga av det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet vi byggjer. 

I fjor vår gav HVL fleire innspel til den nye profesjonsmeldinga. Både om utviklingstrekk knytt til sviktande rekruttering, svekka økonomi, kvalitet og kapasitet i praksis, utfordringar rundt dimensjonering, barrierar kring kombinerte stillingar og rigide rammeplanar og nasjonale retningslinjer. 

Under peiker vi på fire punkt det trengst ei ekstra god retning på og avklaring rundt i profesjonsmeldinga: 

1) Det er viktig at meldinga drøftar og gjer ei nødvendig arbeidsdeling og rolleavklaring i utdanningssystemet mellom yrkesfagleg høgare utdanning og høgare akademisk profesjonsutdanning. 

2) Kjenneteiknet på profesjonsutdanningane er praksisnærleik og arbeidslivsrelevans. Førebuing til og gjennomføring av praksisperiodar og tett kopling til yrkeslivet er sentralt i mange utdanningar. Men profesjonsutdanningar skal og ta i vare både det akademiske og forskingsintensive. Meldinga må difor klargjere grunnlaget for å ta godt i vare den akademiske delen av kompetanseløpet, slik gjeldande krav i kvalifikasjonsrammeverket tilseier.

3) Yrkeskompetanse og forskingskompetanse kan vera vanskeleg å sameine. På grunn av krav til førstekompetanse kan rekruttering frå arbeidslivet vera vanskeleg. Større institusjonell fridom, og føreseielege strukturar for kombinerte stillingar trengst.

Ingen er tent med raske, kryssande politiske påfunn som endar i målkonfliktar og ei svekking av profesjonsutdanningane si kraft og rolle.

Randi Skår og Jens Kristian Fosse

4) Stramme reguleringar i rammeplanar og nasjonale retningslinjer i fleire profesjonsutdanningar er til hinder for å utvikle studia etter kompetansebehov og samfunnsendringar. Dei gir og lite rom for å styrke det tverrfaglege. Profesjonsmeldinga må få fram kva handlingsrom som ligg til institusjonane innanfor nasjonale rammeplanar og retningslinjer, og ikkje minst dei internasjonale direktiva.

Stortingsmeldingane har komme på laupande band frå Regjeringa dei siste åra. Profesjonsmeldinga står såleis ikkje åleine. Mange ulike politiske saker og prosessar står inn i forminga. Utsynsmeldinga og tildelingsbreva frå departementet peiker i retning av eit særleg stort kompetansebehov for læraryrket, sjukepleie og ingeniørfag i åra som kjem. Desse utdanningane skal prioriterast er beskjeden.

Første august er ny UH-lov klar for utskiping. Stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning er like rundt hjørnet. Alt no ser vi at framlegget til nye karrierestigar vil ha stor betydning også for profesjonane. Og som om ikkje det er nok; neste vår legg Regjeringa fram ei stortingsmelding om forskingssystemet som og vil leggja vilkår inn i profesjonane. Den varsla stortingsmeldinga om høgare yrkesfagleg utdanning kjem og neste vår og vil få følgjer. Å finna eit handlingsrom og meisla ut ein sunn og sterk fagprofil mellom autonomi og tillit på eine sida og styring og regulering på hi sida, er neimen ikkje rett fram. 

Utviklinga av profesjonsstudia har vore kjenneteikna av ei tolmodig og grundig satsing. Ei utvikling som har stått seg over mange år. Denne linja må byggast vidare på. Ingen er tent med raske, kryssande politiske påfunn som endar i målkonfliktar og ei svekking av profesjonsutdanningane si kraft og rolle. Den nye profesjonsmeldinga må sikre heilskap og kontinuitet, og ho må ha langtidseffekt. 

I eit tid kor offentlege budsjett er på kraftig retur og kor viktige profesjonsutdanningar er under stort press, treng vi ei stortingsmelding som klargjer og banar veg — og balanserer arbeidslivet sine behov og sektoren sine premissar. Det er i summen av dette at profesjonsutdanningane må rustast opp, tydeleggjerast og sikrast dei beste vilkåra.

Powered by Labrador CMS