utbrot
Fleire smitta studentar i Bergen
Sju studentar er koronasmitta ved Universitetet i Bergen, og minst fem ved Høgskulen på Vestlandet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Laurdag kveld melde Universitetet i Bergen (UiB) at dei har fått melding om sju nye koronasmitta studentar siste døgeret.
Ifylgje Bergens Tidende fekk universitetet melding om to smittetilfelle fredag kveld og fem meldingar laurdag.
Denne veka vart det også kjent at fleire tilsette ved universitetet er smitta med den indiske mutasjonen av koronaviruset.
Også ved Høgskulen på Vestlandet er det meldt om koronasmitta studentar.
Fredag sa smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim til Bergens Tidende at dei ikkje har kontroll over studentutbrotet, som truleg heng saman med sosiale samlingar i byparkane førre helg.
Så langt er det meldt om fem smitta studentar ved Høgskulen på Vestlandet.
På heimesidene til Bergen kommune blir det opplyst at det er registrert 26 nye smitta siden forrige rapport.
Her er fordelinga på aldersgrupper: 3 (6-12), 10 (20-29), 2 (30-39) 1 (40-49), 6 (50-59) og 4 (60-69).
- 17 er nærkontaktar og ein er importsmitte. To har ukjent smitteveg og seks har usikker smitteveg. Eitt av tilfella er ein positiv hurtigtest der kommunen ventar på endeleg svar.
- 1903 personer testa seg i Bergen i løpet av fredag 7. mai.
— Smittetalet i Bergen held fram med å vere høgt, seier smittevernoverlege Frank van Betten.
Nylige artikler
Har mottatt 56 klager etter Israel-uttalelsen som skapte mediestorm
OsloMet inngår forlik etter ulovlig printeravtale
Polarisering, sikkerhetstiltak og økende kontroll truer akademisk frihet
Fridtjof Nansens Institutt lander avtaler med Utenriksdepartementet
90 prosent av studentene slipper. Nå kan flere måtte betale studieavgift
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar