Høgskulen i Volda
Dei fem Amdam-brørne var «programmerte» til kva retning dei skulle gå i. Men det gjekk ikkje heilt som foreldra hadde tenkt: Både Jørgen (80) og Roar (75) enda som professorar i Volda.
Frå kålplantar til professorat i kommunal leiing
Volda (Khrono): — Det var mykje kålplantar. Og arbeid og kameratskap.
Roar Amdam ser på broren Jørgen. Dei to har lagt bak seg kvart sitt yrkesliv ved Høgskulen i Volda. Men korleis gjekk det til at desse to, brørne frå gard med gartneri litt lenger nord på Sunnmøre, vart to av dei mest markante norske forskarane innan samfunnsplanlegging?
I fjor vart dei takka av med eit eige festskrift. Meir om det seinare. Men det starta altså med gardsarbeid. Brørne Amdam tel fem brør, og yngstebror Stig, som er kjent skodespelar og regissør med base i Bergen, har fortalt om god stemning og mykje allsong når dei fem trefftest.
Foreldra hadde planen klar for dei fem etterkomarane. Stig skulle til dømes verta lege.
— Eg skulle overta garden. Men eg burde verta jordskiftedommar, fekk eg beskjed om, for det kunne eg gjera i tillegg til gardsdrift, seier Jørgen (80), som er eldst.
Han reiste til Landsbrukshøgskulen på Ås, det som no er Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).
— Eg hadde sett på ei nyoppretta petroleumslinje ved det som no er Universitetet i Stavanger. Men beskjeden heimanfrå var klar: Eg skulle til Ås, humrar Roar, som er vel seks år yngre.
Demonstrasjon og bygging
Eldstebror Jørgen Amdam er fødd i 1945, og då han kom til Ås var det ei blomstrande studenttid. Han vart kjapt både tillitsvald for studentane og studentrepresentant fleire stader. I året 1968, kjent for studentopprør i heile Europa, kom han også inn i styret i studentsamskipnaden ved høgskulen.
— For oss som er ein del yngre er oppfattinga at det alltid gjekk eit tog på denne tida?
— Ja, det gjekk alltid eit tog, stadfestar Jørgen og humrar.
I tillegg til at det vart demonstrert i det vide og det breie, gjekk det føre seg ei stor oppbygging av det norske samfunnet: Ordninga med ungdomsskule vart innført, og med nye skulebygg kom det også idrettshallar. Og det kom ein ting til: Distriktshøgskular. I 1969 vart det vedteke at distriktshøgskulen for Møre og Romsdal skulle ligga i Volda. Gunnar Øygard vart den første direktøren.
Øygard tok kontakt med Jørgen Amdam for å få han til Volda. Planen var eit studium i lokalsamfunn, som skulle vera toårig. Jørgen, som var doktorgradsstipendiat på Ås, reiste til Sunnmøre sommaren 1973 etter å ha levert avhandlinga si.
Langt frå 9-16-jobb
«Det finst ikkje eit kommunalt plankontor i landet som ikkje kjenner til arbeida til brørne Amdam», skal ein gong ha vorte sagt av ein kollega då dei to brørne vart presentert. For Roar (no 75), som altså ikkje studerte petroleum, kom til Volda i 1980. Storebror trong folk.
Dei fortel om ei tid der jordvern og kommunesenter vart viktig, kvart på sitt vis, og miljørørsla byrja å røra på seg.
— Her i vest var jo både Moa og Førde kornkammer, seier Roar om det som i dag er kjøpesenterland.
Fagmiljøet som i dag heiter Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag hadde kring tjue tilsette på høgskulen og Møreforsking. Her var Jørgen Amdam i praksis prosjekt- og forskingsleiar i mange år. Roar var også både forskar og forskingsleiar ved Møreforsking.
— Spesielt på 1970- og 1980-talet hadde me det jævla moro!
Storebror Amdam ler.
Distriktshøgskulen og lærarhøgskulen levde side om side. Men på den framleis ganske ferske distriktshøgskulen var det ikkje føring av timar, og leiarverv gjekk på omgang.
— Det høyrest ikkje heilt ut som ein 9-16-jobb det de dreiv med?
— Nei, det var ikkje akkurat det, seier Roar.
No er det hans tid å le, før han legg til:
— Me byrja å reisa på internasjonale konferansar, og me fekk kontakt med guruane ute i verda. Me henta heim noko av det som vart jobba med der, og det har vore mykje formidling. Eigentleg meir det enn vitskapelege artiklar.
— Ja, ja, men av og til måtte me skriva det også, legg storebror til.
Kommuneutdannarar
Men kva er det eigentleg dei har forska på? Alt frå Nav og folkehelse til distriktspolitikk, nærdemokrati og medverknad. Noko av det siste, er lokal handtering av koronapandemien, som Roar Amdam har forska på.
Roar Amdam er professor i samfunnsplanlegging og leiing, Jørgen Amdam i kommunal og regional planlegging og administrasjon.
— Noko av det me har gjort, som har vore vellukka, var at me laga ei samlingsbasert etterutdanning for samfunnsvitarar retta inn mot arbeid i kommune, seier Jørgen.
— Og me slo til då det vart innført ei prøveordning med mastergrader. Me laga eit program i samfunnsplanlegging og leiing, med utgangspunkt i å få sektorane til å samarbeida betre: ikkje sitja i siloane sine, men løfta blikket, seier Roar.
Dei har utdanna kandidatar til norske kommunar, og understrekar at dei vil distrikta vel og har vore utkantorienterte i forskinga si. Noko av det dei har jobba med, er korleis få til aktiv medverknad i norske kommunar.
— Me såg at dersom det vart arrangert folkemøte ein stad, var sjølve møtet gjerne informasjon frå toppen. Debatten gjekk føre seg ute på trappa — etter møtet, seier Jørgen.
— For meg var studiet ved Nordplan i Stockholm på 1970-talet viktig. Der vart eg mellom anna kjend med John Friedmann sine tankar om medverknad og samfunnsutvikling, som inspirerte både undervisning, forsking og samarbeid med kommunar.
Roar slår eit slag for Jürgen Habermas, som fleire no snakkar om at bør få ein renessanse.
— Sjølv om forskinga vår er praksisnær, er den også godt teoretisk forankra og nært knytt opp til Habermas sin kommunikasjonsteori og modell for legitimering av makt i demokratiske statar, seier han.
Han har utvikla ein modell med utgangspunkt i Habermas sine teoriar, ein modell som flettar saman institusjonell, strategisk, taktisk og operativ planlegging med læring.
— Dialogane mellom aktørane i planlegginga har som formål å legitimera planen og styrka planen sin handlingskapasitet. Dette er heilt naudsynt der samarbeida manglar både demokratisk legitimitet og institusjonell handlingskapasitet, som til dømes i samarbeidet om folkehelsa.
Vart rektor — til slutt
Jørgen Amdam vart Høgskulen i Volda sin første professor. Det skjedde då distriktshøgskulen og lærarhøgskulen vart slegne saman i 1994, i den store høgskulereforma.
Med ny høgskule vart det ny organisering, og den ferske professoren vart spurd om han kunne gå inn som prorektor. Ein ville ha nokon frå den gamle distriktshøgskulen inn i leiinga. Her var det to kulturar som møttest.
— Det var hierarki mot flat struktur, seier Roar.
— Men eg klarte lenge å unngå å verta rektor, seier Jørgen og ler.
Han vart det likevel, i 2007. Då hadde han jobba for både nybygg og eit eige Ivar Aasen-institutt som prorektor.
— Og så vart eg ordførar i Volda då eg vart pensjonist.
— Då trur eg du vart litt lei, kommenterer veslebroren.
Dei har produsert lærebøker, og får skryt for å bygga opp yngre forskarar. Roar er framleis knytt til høgskulen som emeritus. Eller, som han seier: Han er ikkje sparka ut.
— Eg har ein stipendiat som eg rettleier, seier han.
Etter den første høgskulereforma i 1994, var det ein ny runde vel tjue år seinare. Men der mange andre universitet og høgskular fann kvarandre, vart Høgskulen i Volda ståande åleine.
— Korleis skal ein liten høgskule klara seg i dagens universitets- og høgskulelandskap?
— Ein liten kommune kan vera veldig god eller veldig dårleg, seier eldstebror Amdam, og dreg parallellen til høgskulen.
— Høgskulen i Volda er ein høgskule med god kvalitet.
Mange av dei som kjem som studentar, rekrutterer ein frå omlandet. Slik har det vore, seier han, også blant dei tilsette.
— No er me ein gjeng som jamleg treffest. Me har nådd alderen 70+ no, og det me har felles er at me var bygdeungdom som fekk høve til å studera på 1960 og -70 talet.
Litt snurt
Men så var det dette festskriftet, då. I fjor vår kom det ut, som ei vitskapleg, fagfellevurdert bok på over 400 sider. Namnet er «Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam», og både tilsette frå instituttet ved HVO og forfattarar frå Amdam-brørne sitt omfattande forskarnettverk over heile landet bidrog. I mai vart det arrangert eit eige lanseringsseminar.
Brørne ante ingenting.
— Eg syntest jo det var litt småleg at eg ikkje ein gong vart takka av i eit personalmøte, men tenkte «ja, ja». Men eg vart veldig imponert, seier Roar.
Slik gjekk det altså til at det ikkje vart så mykje kålplantar og gardsarbeid på desse to Amdam-brørne.
— Bror nummer to i rekka vart teknisk sjef i Molde kommune, og er dessverre død. Men bror nummer tre tok over garden. Og hadde ei leiarstilling i tillegg, seier Roar Amdam.
Nylige artikler
Slik kan vi unngå matematikkangst
Når læringen responderer på tidens digitale muligheter
Politiledere vil utrede ettårig politiutdanning
Professoren som dropper powerpoint og underviser med håndskrift og god tid
Framtiden for islamstudier i Norge
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Forskeren ble stadig mer irritert, forsøkte til slutt å forgifte kollegaen