Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
medisinutdanning
Framstegspartiet har vedteke å endra gradsforskrifta, noko som kan gjera det lettare å få medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Gradsforskrifta seier kva utdanningsinstitusjonar som har rett til å mellom anna tilby medisinutdanning. Universitetet i Stavanger (UiS) har ikkje det, men som Khrono har skrive, ønskjer UiS i første omgang å henta medisinstudentar som studerer i utlandet heim for å ta dei siste studieåra ved UiS. På sikt er målet eit eige medisinsk fakultet ved universitetet.
No har Framstegspartiet (Frp) vedteke ein resolusjon om at gradsforskrifta bør endrast.
Resolusjonen vart vedteken på Frp sitt landsmøte i helga. I resolusjonen vert jussutdanning nytta som døme, men saka handlar òg om til dømes medisinutdanning.
— Noreg må utdanna fleire legar i Noreg. No er det tid for å henta norske medisinstudentar heim, sa Kristoffer Sivertsen frå talarstolen, ifølgje ei pressemelding frå partiet.
Sivertsen er kommunestyremedlem i Stavanger og tidlegare statssekretær. Han meiner at Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet ikkje skal bestemma kva universitet som kan tilby profesjonsstudium.
— Dersom universiteta klarar å prioritera midlar til profesjonsstudium og har høg nok fagleg kvalitet til at studentane vel tilbodet, må ikkje politikarane stå i vegen, seier Sivertsen.
Han viser til at UiS, saman med det nye universitetssjukhuset, som er under oppføring, vil gi eit moderne tilbod om medisinstudium.
— UiS har ein plan for økonomiske midlar, no manglar det berre at gradsforskrifta, som står i vegen, vert enda, seier Sivertsen i pressemeldinga.
Som Khrono har skrive, får medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger støtte frå politikarar både i Stavanger og i kommunane sør i Rogaland. Politikarar nord i fylket og sør i Vestland fylke, ser til Bergen.
Universitetet i Bergen har eit samarbeid med Universitetssjukehuset i Stavanger, og dei første studentane knytt til prosjektet Vestlandslegen starta på medisinutdanninga si i Bergen denne hausten.
Les debatten som har gått om medisinutdanning her.
Nylige artikler
Tips til studentene: Slik lykkes du på eksamen
Nei til nedleggelse av ultralydutdanning for jordmødre ved NTNU
Vil satse fleksibelt i Hallingdal
Grande, hvorfor i all verden skal det være så vanskelig?
Slit framleis med personvern ved Nord universitet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte