Høgskulen i Volda

Han fekk ikkje jobben tilbake. No må han betala sakskostnader

Først gjekk han til sak mot Staten etter at han ikkje fekk jobben tilbake. Så trekte han saka. No må han likevel betala over 18.000 kroner.

bildet viser eksteriør av høgskulen i volda, bygg med bibliotek
Høgskulen i Volda har ikkje vore formell part i saka. Den tidlegare tilsette saksøkte Staten, ved Kunnskapsdepartementet, men trekte altså saka før ho hamna i retten.

Saka byrja i 2023. Ein mannleg, administrativt tilsett ved Høgskulen i Volda fekk ein sluttavtale. Vedkomande skulle få 200.000 kroner og i tillegg utdanningspermisjon med full løn i halvtanna år frå 1. januar 2024. Dagen etter at utdanningspermisjons­perioden var slutt 1. juli 2025, skulle mannen seia opp stillinga si.

I starten av oktober 2024 vart sluttavtalen endra. I den siste versjonen heitte det at «arbeidsgivar skal etter utløpet av permisjonstida, seinast 1. juli 20025, tiltre stilling som seniorrådgivar ved Høgskulen i Volda, fortrinnsvis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanningane».

Det var berre eitt problem med den siste avtalen: Dåverande høgskuledirektør, som hadde skrive under avtalen for arbeidsgivar, hadde ikkje fullmakt til å gjera det.

Ikkje lenger tilsett

Khrono har skrive mange saker om høgt konfliktnivå ved Høgskulen i Volda. I eitt av dei mange ekstraordinære styremøta høgskulestyret hadde i 2024, drøfta dei den mannlege tilsette sin sluttavtale.

Her vedtok styret følgjande: «Styret ser at det i gjentatte saker vert gjort økonomiske disponeringar som er utanfor fullmakta som ligg til høgskuledirektøren. Styret har ikkje tillit til at høgskuledirektøren utøver sitt mynde innanfor dei rammene som er gitt».

Ei veke seinare vart den nye avtalen underskriven.

Mannen fekk ikkje jobben tilbake. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim stadfester til Khrono at mannen ikkje lenger er tilsett ved høgskulen.

Kritiserer direktøren som laga avtalen

I fjor gjekk mannen til sak mot Staten, men i oktober kom meldinga om at han hadde trekt saka. No er det kome ei rettsavgjerd som seier at den tidlegare tilsette må betala sakskostnadar på 18.500 kroner.

Her kjem det fram at mannen har forklart at han var i god tru og rekna med at høgskuledirektøren hadde fullmakt til å underteikna slike avtalar. At avtalen vart inngått sjølv om direktøren ikkje hadde mynde til det, er kritikkverdig, skriv Oslo tingrett.

Men:

«Retten kan imidlertid ikke se at saken først er blitt opplyst ved saksanlegget, og anførselen om god tro er derfor ikke egnet til å underbygge fritak for sakskostnadsansvar», heiter det i rettsavgjerda. 

Tingretten meiner at staten sitt syn har kome fram gjennom kommunikasjon som brev, møte og e-postar mellom advokatane, og mannen var klar over dette før han valde å gå til sak.

Khrono har vore i kontakt med den tidlegare tilsette sin advokat. Han ønskjer ikkje å kommentera saka.

Over grensa

Etter det Khrono forstår, var det aldri nokon plan om at studiepermisjonen skulle føra til nokon vidare stilling ved høgskulen, og at det difor ikkje var nokon tvil om at dette var ein sluttavtale. Slike sluttavtalar har Khrono skrive fleire saker om; både at det er inngått avtalar ved norske universitet og høgskular som har større økonomisk verdi enn det vert opna for i tildelingsbreva, og at innhaldet i dei er ulovleg

I styresak ved Høgskulen i Volda, der denne konkrete sluttavtalen vart drøfta, stod det at avtalen hadde kosta høgskulen 700.000 kroner så langt i 2024. Då var ein i slutten av september. Summen som Kunnskapsdepartementet har førehandsgodkjent er 450.000 kroner, men i styresaka heitte det at då avtalen var inngått i 2023, var summen 300.000 kroner.

450.000 kroner er summen som også ligg i tildelingsbrevet for 2026. Der heiter det at departementet gir institusjonen fullmakt til å inngå forlik eller innrømma ansvar i saker om erstatning opp til 450.000 kroner. Saker med erstatningssum over 450.000 kroner skal leggast fram for departementet, som så skal avgjera saka.   

Powered by Labrador CMS