intervju

MF-rektor Sturla Stålsett gjekk først glipp av studiestart. Deretter sat han på sidelinja då ein av studentane han sjølv hadde undervist vart drepen.

For meg var det eit enkelt val å vera open, men så er det sjølvsagt eit spørsmål om kor mange detaljar ein skal dela, seier Sturla Stålsett. Han er på veg tilbake mot full jobb etter at kreftsjukdommen sette han ut av spel i sommar.

Han gledde seg til å starta som rektor. Så kom kreften tilbake

Publisert

Det har vore nokre år i arbeidslivet der Sturla Stålsett har sett pris på å ikkje ha leiaransvar. Han gjekk frå ei leiarstilling i Kirkens Bymisjon til først ei stilling som sokneprest på Sagene i Oslo, deretter til stilling som professor ved MF vitenskapelige høgskole (MF). Men då det vart kjent at Vidar Haanes, som hadde vore rektor ved MF i tjue år, ville gi seg, og Stålsett sjølv fekk spørsmål frå både kollegaer og andre om han kunne tenkja seg å ta over, så søkte han. Og fekk jobben.

— Eg er glad for det eg no skal inn i, og eg gler meg over det, sa han til Khrono våren 2025.

Siste rest av vårsemesteret brukte han mellom anna til å førebu seg på rektorstillinga, og byrja arbeidet med ein ny strategiplan for MF. Men då semesterstart kom, var det rett og slett ikkje den nye rektoren som tok i mot studentane.

Han hadde fått kreft. 

Kronisk form

No er rektoren dels tilbake, og tek imot Khrono på kontoret. På utsida heng det ei einsleg julekule.

— Eg fekk lymfekreft for over ti år sidan, seier Stålsett.

— Dette er ein kronisk form for kreft, men er ufarleg når han søv.

Første tilbakefall var i 2017. Neste var i mai 2025. Stålsett forstod at han igjen måtte ha behandling.

— Det er sjølvsagt krevjande å få den beskjeden. Det passar aldri! Men eg har fått god behandling, som har verka.

No jobbar han seksti prosent, og har eit treningsopplegg som ein del av det å koma seg heilt tilbake. Framleis vert han fortare sliten, seier han ærleg.

Religionen sin relevans er overtydeleg, på godt og vondt, seier prest, rektor og teologiprofessor Sturla Stålsett. — Eg håpar ein har lært at det er ein dårleg strategi å tenkja at religion er for spesielt interesserte.

Kan ikkje snika seg inn i ein krok

— Kvifor har du vald å vera open om at du er sjuk?

— Når ein er toppleiar nyttar det ikkje å snika seg inn i ein krok. Første gong eg vart sjuk var eg leiar i Kirkens Bymisjon. Andre gongen var eg ein del av ein nominasjonsprosess for å verta biskop.

Samstundes er det nokre ting som gjer at det av og til kan vera rett å halda ein låg profil når det gjeld eigen sjukdom, seier han.

— Ein vert fort «den sjuke». For meg var det eit enkelt val å vera open, men så er det sjølvsagt eit spørsmål kor mange detaljar ein skal dela.

Sjukdom kan også vere lettare å bera i fellesskap med andre. 

— På nokre vis er det sant at ein aldri er så åleine som når ein er sjuk. Men eg trur òg at me treng eit meir relasjonelt helseomgrep. Om eg kjenner meg frisk eller sjuk, avheng også av korleis eg blir sett av andre. Då vert kommunikasjon veldig viktig, seier han.

Sjølv om rolla som pasient sjølvsagt kan vera krevjande, seier Stålsett at han er svært takksam for den kompetansen og omsorga han har møtt i helsevesenet.

— Sjokk

Berre eit par veker inn i haustsemesteret vart MF-studenten Tamima Nibras Juhar drepen. Ikkje på MF, men då ho var på jobb ved ein barnevernsinstitusjon.

— Ei stor tragedie som rører ved oss alle, sa fungerande rektor Trine Anker.

Medstudentane har laga ein minnepult ved MF. Det var på denne plassen Tamima Nibras Juhar ofte sat. Sturla Stålsett underviste sjølv studentane på bachelorprogrammet i freds- og kofliktstudier.

Måten ho handterte oppfølginga av studentar og tilsette på, får skryt frå Sturla Stålsett. For eigen del var det spesielt å vera sjukmeld når dette skjedde, seier rektoren. Både fordi institusjonen han leier vart råka, men òg fordi han sjølv kjende Tamima.

— Eg hadde henne som student, ho var ein del av eit flott kull med studentar med ulik bakgrunn. Det var inspirerande å undervisa dei, seier Stålsett.

— Og det var eit sjokk å høyra om drapet. Ein kjenner det på kroppen når det er ein av sine.

Han fortel at sjølv om han var sjukemeld frå rektorjobben, var han likevel med i rosetoget som vart arrangert etter dødsfallet.

— Korleis tek ein vare på studentar, som er unge vaksne, etter ei slik hending?

— Studentpresten har vore tett på, og har òg vist studentar vidare til ekstern hjelp dersom dei har hatt behov for det, seier rektor, og legg til at det har vore oppfølging utover i semesteret for dei som har hatt behov for det. 

— Ei slik hending kan ta konsentrasjonen frå mykje.

Grunnlag for fellesskap

Studentar kan, som alle andre, døy brått og uventa. Seinast 13. desember vart studentar drepne medan dei hadde eksamen ved eit amerikansk universitet. Studentar i Israel, Vestbreidda og Palestina har levd i frykt i fleire år.

Men i år har Betlehem — ein by som har avlyst julefeiring to år på rad, igjen juletre og julelys i offentlege rom i byen. Kan det vera eit bod om eit slags håp?

— Me står alltid overfor det uventa. Men kva beredskap har me når det uventa råkar akkurat meg, akkurat oss?

Sturla Stålsett spør, og svarar sjølv: I ei uroleg tid er han oppteken av ikkje berre beredskap som handlar om vatn og hermetikk lagra heime.

— Kva er det som held folk og fellesskap oppe? Kva er det som gjer at ein kan førebu seg på det som ikkje var forventa, det unike? Me treng å kunne tolka, me må ha ei god dømmekraft. Me treng også eksistensiell beredskap.

Her kjem fag som dei MF tilbyr inn, meiner han: Humanistiske fag, samfunnsfag, diakoni, etikk, religionsvitskap, teologi.

Meiningstap og desinformasjon

— Me opplever ei tid med meiningstap og med desinformasjon. Desse faga kan bidra til eit grunnlag for fellesskap — gi grunnar til å halda oss saman.

— Khrono har tidlegare skrive at studentar er uroa for framtida. Opplever du at studentgruppa har endra seg?

— Det er nok ein mykje mørkare horisont enn det var då eg sjølv var student og ung vaksen. Me hadde ei framtidstru. Eg trur mange unge er meir usikre i dag, seier Stålsett.

Han held fram:

— Ein verdsorden me tok for gitt har vorte brote ned. Og det er først når noko ikkje er sjølvsagt lenger at ein legg merke til det: Når ein vert sjuk, ser ein kva god helse betyr. Når institusjonar, som i akademia, vert angripne, ser ein kor viktige dei er.

Noko anna han peikar på som viktig, er å vera saman med andre. Han seier at for ein høgare utdanningsinstitusjon er det eit viktig spørsmål kor mykje digital undervisning ein skal ha.

— Ein veit at digital undervisning gjer at fleire kan studera. Men ein veit at det er svært formativt å vera del av eit fysisk studentmiljø, og at det å kunne vera saman har noko å seia for god helse.

Julebord med fotballkameratar er gjennomført. No ventar juleferie med stor nyttårsfest, kanskje nokre dagar på hytta med snø — og tid til å gå i kyrkja. — Det er fint å vera saman og laga ekstra glede, seier Sturla Stålsett.

Det sårbare

— Ein teolog bør tvila på Gud frå tid til anna, sa Sturla Stålsett då Khrono møtte han i vår.

— Tvil og klage går heilt tilbake til Jobs bok i Bibelen, og me kjenner det også frå det Jesus sa: «Min Gud, kvifor har du forlate meg?» Dette viser at trua kan gi språk til grunnleggande uro og til det å vera fortvila, og til å kunne handtera det som er vanskeleg.

61,7 prosent av innbyggjarane i Noreg var ved utgangen av 2024 medlemmer i Den norske kyrkja. Det var færre enn året før — og åra før det. I 2015 var over 70 prosent av innbyggjarane medlemmer. Men likevel — kyrkjeromma kjem truleg til å vera fulle også denne jula.

Nokon har pynta rektor si kontordør med ein sau og ei julekule.

— Handlar det berre om tradisjon?

— Eg synest ikkje ein skal seia «berre». Fortetta øyeblikk vert ofte markert i rammer av religiøst fellesskap. Tru, livssyn og religion betyr noko. Ein samlast i kyrkjerom etter ulukker, og ein samlast til jul. Ein kan meina at jul er mykje staffasje, men det er kraft og tiltrekning i kyrkjerommet, seier Stålsett.

For han handlar jul òg om å stoppa opp og ta inn den kristne bodskapen.

— Det handlar om noko sårbart: Det nyfødde barnet som kom til verda i ugjestfrie omstende.

— Men kvifor vert ein så rørt i førjulstida? Jo surare barnekoret syng, jo meir kan det røra ein …

— Det handlar nok mykje om gjenkjenning. Og sjølv om jul for mange er glitter, bomull og harmoni, er det òg ei tid for sakn og der brot i relasjonar vert tydeleg. Det er mange som gruar seg til jul.

Powered by Labrador CMS