klima
Han lever og forskar der klimaendringane viser først
Førsteamanuensis Marius Jonassen forskar på lokalt vêr i Longyearbyen og på Svalbard. No skal forskarane gjera det tryggare å bu i byen.
Longyearbyen (Khrono): — For tjue år sidan kunne ein gå over isen her i Adventfjorden kvar vinter, seier Marius Jonassen og peikar.
Han har teke Khrono med opp på taket til Universitetssenteret på Svalbard (Unis). Herifrå ser ein vidt utover. Isfjorden går over i Adventfjorden, som er fjorden ved den vesle byen. Eit stykke nordover finn ein Ny-Ålesund, og strekkjer ein hals, ser ein Operafjellet, der eit fly på veg frå Moskva til Longyearbyen styrta i 1996. Flyet var lasta med russiske og ukrainske gruvearbeidarar som skulle til Barentsburg og Pyramiden. Alle om bord omkom.
Forskar på lokalt vêr
— Svalbard er ein hot spot for klimaendringar, sa professor Gijsbert Breedveld, avdelingsleiar for arktisk teknologi, då han viste styret ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) rundt på Unis tidleg i juni.
Jonassen er meteorolog, og har budd i Longyearbyen sidan 2013. Då hadde han vore på Svalbard som student i 2006, og etter å ha tatt doktorgrad ved Universitetet i Bergen søkte han ledige stillingar innan forsking. Slik hamna han på Svalbard igjen.
Jonassen understrekar at han ikkje er klimaekspert. Han forskar på lokalt og regionalt vêr, både i Longyearbyen og på heile øygruppa.
— Det me veit, er at sjøen vert varmare og varmare. Det einaste året det har vore mogleg å kryssa Adventfjorden etter at eg flytta hit, var i fjor, fortel han.
Då var det mogleg å både køyra scooter og gå på ski over fjorden, og slik enklare å koma seg til den nedlagde gruvebyen Hiorthhamn. Det har ikkje vore drift der sidan 1940, og i dag ligg det berre nokre freda hytter der. Men tidlegare var det både brakker, smie, lager, kjøken, sag, hospital, bustader, kontor og fleire gruveanlegg og gruvevegar der i byen.
Kva skjer når permafrosten smeltar?
Også Jonassen brukar omgrepet «hot spot» om Svalbard. Det er her klimaendringane skjer i raskast tempo, seier han, og fortel at isbreane kryp oppover og at permafrosten smeltar.
— Ein har eit aktivt lag som er mellom ein og to meter tjukt oppå permafrosten. Når dette laget tinar og vert tilført store mengder vatn, til dømes frå nedbør, kan ein få utgliding på fjellsider. Det skjedde hausten 2016. Då hadde me ein varm, våt haust, og det gjekk jordskred. Vegen opp mot kyrkja måtte stengjast, seier Jonassen.
Den vegen går igjennom den eldste delen av Longyearbyen, der amerikanaren John Longyear etablerte gruveby frå 1906.
Året før jordskredet, i 2015, kom det eit enormt snøras frå fjellet Sukkertoppen. To menneske omkom, tjue hus vart råka. I dag er endå fleire hus fjerna, og skredgjerde komne opp langs heile fjellsida.
— Klimaendringane er noko som skjer i vårt nabolag, som har kosta menneskeliv og som har kraft til å ta fleire. Dei definerer kvar du kan bu og ikkje, kvar du kan bevega deg trygt og ikkje, kva du kan gjera og ikkje, næringsgrunnlaget for framtida. Det er altomfattande, sa dåverande lokalstyreleiar Arild Olsen til NRK i 2020.
No skal forskarane sjå nærare på samvirket mellom vêret og det som skjer i bakken. Jonassen og kollegaene hans har fått pengar til prosjektet PermaMeteoCommunity, der ein skal utvikla eit kopla system for permafrost- og meteorologisk klimaendingsrespons. Systemet gir geovitskapelege observasjonar i sanntid, noko som mellom anna er viktig for lokalstyret på Svalbard når dei skal fatta vedtak.
Får på plass sensorar
— Målet er at dette systemet skal kunne brukast andre stader òg, seier Jonassen.
— Me veit at det truleg vil verta meir regn og høgare temperatur, så korleis vil det vera om femti år?
Når det gjeld skredet i 2016, visste ein at det var meldt mykje nedbør. Men ein visste til dømes ikkje kor djupt det aktive permafrostlaget var.
— No får me på plass sensorar. Me må vera klare over at det er sannsynleg at me kan få fleire hendingar som raset frå Sukkertoppen, seier meteorologen.
Ferske blikk
Når Khrono møter Jonassen, er det tidleg juni. Snøen er i ferd med å smelta, men det er berre eit par plussgrader. Ein månad seinare, altså i juli, kan ein få ein makstemperatur på opp mot 15 varmegrader. Då forsvinn all snø i låglandet og rundt Longyearbyen.
— Korleis er det å bu her når det er mørketid?
— Eg er framleis fascinert av dette med lys og mørke. Eg likar snø og vinter, og på same måte som eg vende meg til at det regnar mykje i Bergen, går det greitt med mørketid. Og 8. mars kjem sola tilbake i byen, seier Jonassen.
Som Khrono har skrive kjem det kvart år mange studentar til Longyearbyen. Nokre av dei vert eit halvt år, andre tek kortare kurs. Ved Unis likar me å tenkja at me utdannar klimaambassadørar, sa Unis-direktør Jøran Idar Moen nyleg til Khrono.
Også Jonassen set pris på studentane som kjem.
— Dei kjem med ferske blikk. Når ein bur her, er det vanskelegare å ta inn slike perspektiv.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager