Debatt ● ARNA mEISFJORD
Henrik Asheim feilinformerer om søkjartal til Nesna
Bodø er den lærarutdanninga som har klart størst utfordring med rekruttering, skriv Arna Meisfjord.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Henrik Asheim (H) var kunnskapsminister i høgreregjeringa under statsminister Erna Solberg. Han gjorde ein heilhjarta innsats for å støtte opp om Nord universitet sitt vedtak om å legge ned campus Nesna.
På den bakgrunn er det forståeleg om Asheim er «såra og vonbråten» for at regjeringa Støre, med statsråd Ola Borten Moe i spissen, har gjennopna campus Nesna. Det som derimot ikkje er forståeleg, og heller ikkje akseptabelt, er at Asheim feilinformerer om situasjonen når det gjeld søking til campus Nesna, for å få ein argumentasjon som høver inn i Høgre sitt sentraliseringsprosjekt.
Til NRK uttalte Asheim at «Når regjeringen bruker så mye penger på å gjenopprette Nesna, håper man jo på at det skal komme studenter. Men dette viser at det ikke er mulig å politisk overstyre hva studenter ønsker seg». Ein slik konklusjon er ikkje i tråd med dei faktiske tala for opptak i Nord universitet.
Dei siste oppdaterte tala frå Nord universitet viser at ingen av dei to andre studiestadane - Bodø og Levanger - har betre tal enn Nesna, snarare tvert imot. Dette er grundig dokumentert i Helgelands Blad.
I denne situasjonen skulle ein tru at fokus i debatten kunne vore på dei nasjonale og felles utfordringane.
Arna Meisfjord
Bodø er den lærarutdanninga som klart har størst utfordring med rekruttering. Mens Nesna pr. 24. august har fylt 51 prosent av plassane, har Levanger fylt 49 prosent. Bodø har kun fylt 26 prosent.
I ein annan artikkel kjem det fram at studentane som tek lærarutdanning på Nesna har lågt fråfall. Trass i den store uroa som har vore for studentar og tilsette ved campus Nesna sidan nedleggingsvedtaket i 2019, har 2018-kullet nesten ikkje fråfall. 55 studentar er i haust klare for det siste året med masteroppgåve.
Studentane som vart teke opp på campus Nesna i 2018 har, på grunn av statsråd Borten Moe sin innsats for vidareføring av campus Nesna, fullført si utdanning på Nesna. Desse studentane er klare for sitt siste år på lærarstudiet, og gjennomføringa ligg an til å bli godt over det nasjonale gjennomsnittet.
Det er krevjande å rekruttere studentar til lærarutdanninga, og det er ei utfordring å hindre fråfall frå utdanninga, så vel som frå yrket. I denne situasjonen skulle ein tru at fokus i debatten kunne vore på dei nasjonale og felles utfordringane. I det minste må ein kunne forvente at debattantane formidlar fakta og ikkje feilinformerer.
Nyeste artikler
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Det er mangfoldsutfordringer i akademia
Det er forskjell på tekstlikhet og fusk
Mener PSTs bildebruk er kritikkverdig
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord