likestilling

Her er fråfallet dobbelt så høgt hos mannlege sjukepleie­studentar

Fleire prosjekt jobbar med å få menn til å velja opplærings- og omsorgsyrke — både å få dei til søkja, og til å verta verande.

Gutedag ved NTNU tilbake i 2019. Det eine er å få menn til å velja sjukepleie, det andre er å få dei til å fullføra studiet, seier høgskulelektor Gunhild Thunem.
Publisert Sist oppdatert

Ved NTNU i Ålesund er fråfallet dobbelt så høgt blant mannlege sjukepleiestudentar som blant kvinnelege. Det seier Gunhild Thunem, som er universitetslektor ved Institutt for helsevitskap, og prosjektleiar for Ole-nettverket, som starta i 2018. 

Ole-nettverket jobbar med å få fleire menn til å velja helsefag. Men det handlar også om å ta vare på dei ein har.

— Fråfallet blant mannlege sjukepleiestudentar kan ikkje knytast til dårlegare karakterar ved opptak, seier Thunem.

— Kva handlar det om når det ikkje handlar om karakterar?

— Det har me ikkje noko godt svar på, dette er noko ein bør forska meir på. Men den skeive kjønnsbalansen kan vera ein grunn.

Kva skjer når ein ikkje strikkar?

Tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at av dei 15.880 sjukepleiestudentane som var registrerte der i 2025, var berre 2.285 menn. Det gir ein prosentdel på 14,4.

Og ein del av dei som byrjar på studiet, sluttar altså. Nasjonale tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er fleire menn enn kvinner som har det ein kallar eit sektorfråfall i løpet av det første studieåret. For menn er talet 15 prosent, for kvinner ni. Men treårige profesjonsutdanningar innan helsefag er blant faga som har færrast som sluttar, her er det samla talet ni prosent.

— Dei mannlege studentane er klare over at det er eit kvinnedominert yrke når dei søkjer, men likevel vert dei overraska når dei startar og ser utover klassen. Særleg å vera i praksis kan vera ganske tøft for mannlege sjukepleiestudentar. Informantane mine seier at dei verken strikkar eller har barneborn — og kjende at dei då ikkje kom inn i pausepraten. Her har kvinner eit ansvar, seier Thunem ved NTNU.

Ho seier at både kvinner og menn profitterer på ein betre kjønnsbalanse i arbeidslivet.

— Og for pasientane er det viktig med mannlege sjukepleiarar. Det er ikkje berre-berre for ein mann med testikkelkreft å skulle snakka om intime tema, gjerne knytt til seksualitet, med ein ung, kvinneleg sjukepleiar.

Framleis fordommar

— Korleis går det med Ole?

— Han lever og veks, seier Thunem, og fortel at det no både er samarbeid med OsloMet og prosjektet Menn i sjukepleie som Khrono har skrive om, og at Høgskolen i Molde også jobbar for å oppretta eit nettverk etter Ole-modellen. På litt sikt er målet at Ole-nettverket skal verta nasjonalt. 

Ole-nettverket er ein sosial og fagleg møteplass der dei mannlege studentane kan møta mannlege rollemodellar som jobbar innenfor ulike fagfelt som sjukepleiarar. Thunem seier at NTNU ønskjer å visa fram breidda og alle valmoglegheitene ein har innanfor yrket. 

Det er framleis fordommar knytt til menn som vel sjukepleie, seier universitetslektor Gunhild Thunem.

— Det er framleis fordommar knytt til menn som vel sjukepleie, og me ser at dei mannlege studentane våre jamt over er eldre enn dei kvinnelege: Dei har brukt litt tid på å ta dette valet, seier Thunem.

Ho seier at mange mannlege sjukepleiestudentar vert møtt med kommentarar som at «du skal vel jobba i psykiatrien eller i det akutte» eller «du skal vel verta leiar». 

— Ved hjelp av nettverksmøta prøver me å bygga ned førestillinga om at menn passar best i visse fagområde. Me har mellom anna hatt besøk av ein mannleg helsesjukepleiar og ei mannleg jordmor som har fortalt om sitt val av yrke og vegen dit.

NTNU har også eit samarbeid med UiT Noregs arktiske universitet (UiT). I samarbeid med prosjektet «Gutter i helsefag» utdannar dei mannlege studentar til rollemodellar. 

— Me tilbyr både grunnskular og vidaregåande skular besøk. Her har UiT utvikla eit materiale som er i tråd med faget utdanningsval, seier Thunem.

Dei to universiteta jobbar også for at det skal verta ei nasjonal satsing på rekruttering av menn til helsefaga på lik linje med rekruttering av jenter til teknologi og realfag. 

Powered by Labrador CMS