Debatt ● Heming H. Gujord

Hilfe bitte! Om språkfaga i høgare utdanning

Det er krise for fleire av dei sentrale framandspråka våre. Fag og program kan vere så gode dei berre vil, men fakta på bakken er at dei manglar studentar. Då er tida inne for å snakke høgt også om dei reelle problema vi står overfor.

Professor i hvit tskjorte og blå dressjakke
Heming H. Gujord, professor i nordisk ved Universitetet i Bergen
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi liker betre å snakke om det som går godt enn om det som går dårleg. Å skrive i Khrono om kakefest når Jon Fosse får nobelprisen, er inga sak. Men å skrive om fag og program som manglar studentar, er verre. Då rettar ein søkelyset mot stader der det gjer vondt. 

Er det klokt? Er det lojalt overfor gode og dyktige kollegaer? Det heftar lite risiko ved å dyrke suksessane. Men kva er då risikoen ved å syne fram problema?

Det får berre stå si prøve. Denne saka er for viktig til at vi kan gå utanom. 

Det er krise for fleire av dei sentrale framandspråka våre. Fag og program kan vere så gode dei berre vil, men fakta på bakken er at dei manglar studentar. Då er tida inne for å snakke høgt også om dei reelle problema vi står overfor.

Ein del av samfunnsoppdraget vårt er at vi skal utvikle trygg og relevant kompetanse til samfunnet. Tysk og fransk er fag med lange tradisjonar i norsk skule. Det er gode grunnar til at det er slik, for Tyskland og Frankrike har vore viktige samarbeidspartnarar for Noreg over lang tid. 

Vi må då berre erkjenne at vi ikkje kan levere så godt som vi burde når det er så få studentar som søker seg til programma våre.

Det handlar heller ikkje «berre» om lærarutdanning. Det handlar om å utvikle relevant kompetanse for næringsliv, utanriksteneste og alt det som kan kallast interkulturell kompetanse. 

Nettopp i desse dagar har det blitt akutt å utvikle relevant kompetanse i russisk og ukrainsk. Vi veit alle kvifor. Det handlar om beredskap og konfliktar vi helst skulle vore utan. 

Men det er ikkje mindre viktig å halde ved like relasjonen til dei som vi har hatt tett kontakt med over lang tid. Tyskland er framleis den viktigaste handelspartnaren for Noreg. Og i Sauda leverer Eramat Norway manganlegeringar til verdsmarknaden, med franske eigarar som no utviklar ein pilot for karbonfangst. 

Det handlar om å utvikle relevant kompetanse for næringsliv, utanriksteneste og alt det som kan kallast interkulturell kompetanse. 

Heming H. Gujord

Ein rask e-post til ein av leiarane ved Eramet stadfestar med ein gong det vi alle eigentleg veit: Gode språkkunnskapar er viktig for næringslivet. Og direktøren vil gjerne utdjupe for eiga rekning: «Noreg har mange eksportbedrifter, og mange er eigd av utanlandske selskap. Med KI og sosiale medier så tett på, er det også mykje kunnskap å hente på framande språk.» 

I klårtekst: Nye teknologiar har ikkje gjort det mindre viktig å ha kunnskap i framandspråk. Det kan like gjerne vere motsett.

Utan grunnleggande kompetanse i språk, blir det meiningslaust å snakke om interkulturell kompetanse. Men studentane kjem ikkje til programma våre. Fordi det er studiepoeng som gir oss inntekter, betyr få studentar raude tal i rekneskapane. Kulturell kapital kan ikkje omsettast til tal, men i denne samanhengen blir det likevel ikkje anna enn fattigmanns trøyst. 

Og dessverre er det få som taler språkfaga si sak like høgt som dei kan snakke opp STEM-faga. Men høyr då på direktøren på ERAMET: Det er dårleg samfunnsøkonomi å byggje ned kompetansen i fag som tysk og fransk.

Ungdommane går dei vegane som er rett for dei. Det må vi akseptere. Her og no treng vi derfor hjelp til å vise korleis og kvifor vegen som peikar mot framandspråka kan vere rett og klok for nye generasjonar. 

På UiB har vi ei leiing og eit styre som ikkje berre verdset fagleg breidde i ord, men òg i handling. Universitetsstyret har derfor vedtatt ei småfagsordning retta inn mot fag som er for små til å vere økonomisk berekraftige i seg sjølv, men som likevel er viktige for både UiB og samfunnet.

Utfordringa no er å nå heilt fram til studentane. Vi må komme oss ut av den vonde sirkelen med for få studentar, lågare kompetanse i skulen og i siste ende sviktande kunnskapar i samfunnet. 

Ja, vi må utvikle gode program og vise fram korleis dei er både interessante og yrkesrelevante. Men dette er ikkje nok. I tillegg bør det utviklast økonomiske insentiv retta direkte inn mot studentane. Det finst allereie nokre slike ordningar gjennom Statens lånekasse

Punkt ein må då vere å gjere dei eksisterande ordningane betre kjent. Punkt to må vere å utvide dei og ikkje avgrense dei til lærarutdanningane. 

Det kan handle om stipendiering allereie ved inngangen til studiet. Det kan handle om forsterking av gjeldande ordningar om ettergiving av studielån. Og det kan handle om stipendiering i samarbeid med aktørar i næringslivet, gjerne kopla saman med praksis og utanlandsopphald i verksemdene deira.

Tiltaka må vere målretta, og dei må vere retta direkte mot studentane som tar det endelege valet for sine eigne liv.

Vi veit at vi har gode fagmiljø i språkfaga både ved UiB og ved andre universitet og høgskular i Noreg. Då er det fortvilande at vi ikkje greier å rekruttere så mange studentar som vi ønsker. Om tapet blir tydeleg i rekneskapane på institutt og fakultet, blir det endå tydelegare ute i samfunnet. 

Sjølv må vi gjere alt vi kan for å utvikle tilboda våre. Men her og no treng vi fleire verkemiddel for å nå heilt fram til studentane. Her kan statsråd, politikarar og næringslivsaktørar hjelpe til. Hilfe bitte!

Powered by Labrador CMS