Minneord
Kari Synnøve Skjong
(1943 — 2025)
Synnøve Skjong har nett gått bort, men etterlet seg varige spor i skule, norskfag og lærarutdanning. Då ho kom til lærarutdanninga ved Høgskulen i Oslo i 1991, hadde ho bak seg 20 år i Volda som lærar, praksislærar og høgskulelektor med hovudfag i nordisk.
Norskfaget naut òg godt av henne. Ho hadde mellom anna vore i styret i Landslaget for norskundervisning, leiar i skriftstyret og sentral i utforminga av metodisk rettleiing for norsk i Mønsterplanen. Som forlagsredaktør initierte ho det vakre leseverket «Soria Moria».
Lærarutdannaren Skjong utvikla ei brei vifte av faginnsikt, frå spesialpedagogikk, samiske spørsmål, semiotikk, estetikk til språk-, tekst- og litteraturteori. Elevtekstar var tema for hovudoppgåva, og det var denne forskinga som særmerkte henne. I dette nasjonale nybrottsarbeidet kopla ho lærarerfaring med eit alltid oppdatert innsyn i skriveforsking, med det klare målet å utvikle «språkleg faglegheit».
Det blei viktig å arbeide med språk i alle fag i skulen. Skjong utmerka seg som ein av initiativtakarane til «Prosjekt fleirfagleg» på høgskulen, eit tiårig fagsamarbeid om utvikling av språk og læring. Prosjektet vekte åtgaum nasjonalt. Skjong sat i fleire nasjonale råd og nemnder for fag, språk og kultur. Frå 2005 utvikla ho eit omfattande og særs viktig prosjekt om skriving på nynorsk for norskstudentar.
Skjong var ein kjær lærar og lærarutdannar, ein lærd ven, alltid viljug til å dele kunnskap og vere til hjelp. Ho var sprek og livskraftig, men kreften kom brått og ramma hardt. Likevel trudde vi at vi kom til å ha henne lenge og få høyre om kunst, bøker, reiser, blomar, Stavanger og Ryfylke, dei heimlege tuftene hennar.
I sorga går tankane til hennar nære familie.
Vibeke Bjarnø, Sigmund Ongstad og Inger Vederhus, OsloMet.
Nylige artikler
Tips til studentene: Slik lykkes du på eksamen
Nei til nedleggelse av ultralydutdanning for jordmødre ved NTNU
Vil satse fleksibelt i Hallingdal
Grande, hvorfor i all verden skal det være så vanskelig?
Slit framleis med personvern ved Nord universitet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte