Etikkekspert

Kritisk til doktorgrad frå drapsdømt filosof

— Forskingsetisk svært problematisk, seier etikkekspert i det europeiske forskingsrådet (ERC). Onsdag disputerer den tidlegare drapsdømte filosofen Andreas Ribe-Nyhus for doktorgraden.

— Det unike i denne saka – at ein drapsdømt er si eiga kjelde til forskinga, berre ti år etter dommen fall – er grunn nok i seg sjølv til å diskutere grundig om prosjektet er etisk forsvarleg, seier Anne Inger Helmen Borge.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Anne Inger Helmen Borge, som er etikkekspert i ERC og professor emerita ved Universitetet i Oslo, reagerer på det ho oppfattar som bagatellisering av forskingsetikken i samband med doktorgradsarbeidet til Andreas Ribe-Nyhus , nyleg omtalt i Khrono.

— Det er ingen tvil om at dette arbeidet er i ei forskingsetisk gråsone, seier Borge.

I dag, onsdag, disputerer Ribe-Nyhus for ph.d.-graden ved Nord universitet med avhandlinga «Indre og ytre soning», ein akademisk refleksjon over straff, soning, anger og forsoning basert på eigne erfaringar.

Ribe-Nyhus vart i 2010 dømt for forsettleg drap under særs skjerpa omstende etter å ha tatt livet av ein mann med øks.

Nord universitet overfører prøveforelesing direkte på nett kl 10.00 og disputasen kl. 12.00.

Både Ribe-Nyhus og rettleiaren hans, filosofiprofessor Anders Lindseth, har overfor Khrono gitt uttrykk for at dei ikkje ser grunn til å ta forskingsetiske atterhald utanom det vanlege i samband med den spesielle avhandlinga. Arbeidet har heller ikkje vore vurdert av nasjonale eller lokale forskingsetiske komitear råd eller utval.

Det stiller Borge seg heilt uforståande til.

— Strenge grenser og reglar

— Det er klart at dette vil kunne rippe opp i saka for menneske som er svært sårbare, i vanskelege livssituasjonar og ønskjer å legge hendinga bak seg. I staden kan dei med dette få ein ny dose påkjenning. Det er ein grunn til at ein for eksempel i samband med 11. september og 22. juli har uvanleg strenge grenser og reglar for å kunne gå inn i det på grunn av omsynet til dei som har vore involvert i saka, seier Borge.

Drapsofferet har fleire etterlatne, blant dei vaksne og mindreårige barn. Dei er omtala, men ikkje ved namn, i avhandlinga.

Ein av dei pårørande, som offentleg har stått fram og snakka om forsoninga med farens drapsmann, har stilt seg positiv til doktorgradsarbeidet. Etter det Khrono forstår er ikkje andre direkte eller indirekte impliserte blitt kontakta av Ribe-Nyhus med informasjon om prosjektet eller blitt gitt høve til å ta stilling til det.

Etikkeksperten Borge meiner dette er urovekkande.

— Når barn kan bli implisert, er det særleg grunn til å gjere ekstra grundige forskingsetiske vurderingar. Det går ei grense for kva som er forskbart, seier Borge.

Rettleiar Lindseth uttalte til Khrono at han meiner avhandlinga ikkje har tilført noko belastning som pårørande ikkje har hatt på førehand.

— Tvert imot, den har i grunnen bidratt til å avlaste, sa Lindseth.

Prorektor: — Ikkje kjent med detaljar

Fakta

Andreas Ribe-Nyhus

  • Andreas Ribe-Nyhus disputerer for graden ph.d. i studier av profesjonspraksis ved Nord universitet i Bodø.
  • Avhandlinga har tittelen Indre og ytre soning og er ein «systematisk refleksjon av egen erfaring, på grunnlag av Ribe-Nyhus sin erfaring med å sitte mange år i fengsel,» ifølgje omtalen ved Nord universitet.
  • Ribe-Nyhus har hovedfag i filosofi frå Universitetet i Oslo (1999).
  • I 2011 vart han dømt for forsettleg drap.
  • Bedømmingskomiteen for avhandlinga har bestått av Hedda Giertsen, professor emerita i kriminologi ved Universitetet i Oslo (førsteopponent), Uffe Juel Jensen, professor i filosofi ved Århus universitet (andreopponent) og

    Johan Arnt Myrstad, professor i filosofi, Nord universitet (leiar). Også Myrstad er knytt til senteret for profesjonspraksis.

  • Doktorgraden i profesjonspraksis er blitt evaluert av tilsynsorganet Nokut, som konkluderte med at graden ikkje tilfredsstiller nødvendige kvalitetskrav. Nord universitet har fått to år på å revidere gradsopplegget.

Arbeidet med doktorgradsarbeidet starta allereie eit halvt år etter at Ribe-Nyhus vart dømt til 14 års fengsel i Eidsivating lagmannsrett i 2011. Då tok han frå fengselet med professor Lindseth, som kjente Ribe-Nyhus frå tidlegare. Ribe-Nyhus tok i 1999 hovudfag i filosofi med ei oppgåve titulert «Om ondskap».

Ifølgje eigne utsegner oppmoda professoren Ribe-Nyhus til å setje i gang arbeidet, og i juni 2012 vart prosjektet godkjent av Nord universitet.

— Det unike i denne saka – at ein drapsdømt er si eiga kjelde til forskinga, berre ti år etter dommen fall – er grunn nok i seg sjølv til å diskutere grundig om prosjektet er etisk forsvarleg, seier etikkekspert Anne Inger Helmen Borge.

Prorektor Reid Hole har ikkje vore kjent med innhaldet i doktorgradsarbeidet.

Prorektor for forsking og utvikling ved Nord universitet, Jan Reid Hole, seier til Khrono at då han begynte i jobben i 2017 vart han gjort kjent med at ein innsett i eit fengsel var tatt opp på det aktuelle doktorgradsprogrammet – men at han ikkje vart kjent med fleire detaljar sidan.

— Eg legg til grunn at bedømmingskomiteen har lagt faglege og etiske vurderingar til grunn då dei godkjente avhandlinga. Om vi skal gjere andre etiske vurderingar, må vi vente til etter disputasen med å bestemme, seier Hole.

Khrono har lese innstillinga. Forskingsetikk er ikkje tatt opp, men komiteen meiner derimot forskinga «avføder en rekke interessante vitenskaps-teoretiske problematikk».

Førsteopponent og komitemedlem, professor Hedda Giertsen, har ikkje ønskt å kommentere saka før disputasen.

— Kan aldri avfeie forskningsetikk

Leiar i NESH (Den nasjonale forskningsetiske komite for samfunnsvitskap og humaniora), Elisabeth Staksrud, seier ho ikkje kjenner avhandlinga godt nok til at ho kan uttale seg spesifikt.

— Men generelt kan ein aldri avfeie forskingsetikk som irrelevant. Det ligg på rettleiar og stipendiat å gjere aktive forskingsetiske vurderingar, heilt uavhengig av temaet ein skriv om, seier ho.

NESH har ikkje vore kjent med prosjektet før det vart omtalt i Khrono. Det er institusjonane som har ansvar for å ivareta forskingsetikken, NESH kan gi råd, rettleie og vurdere i saker.

Ifølgje NESH' retningslinjer har forskaren ansvar for å vurdere og sikre personvernet også for dei som indirekte kan bli berørt av arbeidet. Dette gjeld i særleg grad barn.

Khrono har vore i kontakt med leiar i Nord universitets eige forskingsetiske utval, Are Severin Ingulfsvann. Ribe-Nyhus’ doktorgradsprosjekt har heller ikkje vore på bordet der.

— Vi har ikkje fått nokon førespurnad om dette prosjektet. For meg vart det først kjent etter at eg las om det i avisa, seier Ingulfsvann, som derfor førebels ikkje ønskjer å ta stilling til om dette er eit prosjekt som utvalet burde ha vurdert eller ikkje.

Forskingsarbeidet er heller ikkje registrert eller vurdert ved NSD (Norsk senter for forskingsdata) som er personvernombod for Nord universitet.

Anne Inger Helmen Borge seier det ville vere uproblematisk å skrive om både drap, fengsel og soning – så lenge forskaren sjølv ikkje er direkte implisert og drapsmannen sjølv.

— Å skrive om straff i antikken ville for eksempel ha vore heilt uproblematisk, uavhengig av om forskaren har ein dom eller ikkje, seier Borge.

— Kan bli forskingsetisk prøvestein

Professor i filosofi og leiar av Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo, Bjørn Torgrim Ramberg, deler synet til Borge.

Han meiner det er naturleg å gi forskingsetikken plass i eit slikt prosjekt. Han tar atterhald for at han ikkje har lese avhandlinga, berre omtalen av ho.

Professor Bjørn Torgrim Ramberg

— Filosofiske avhandlingar er ikkje alltid som andre avhandlingar. Men om eg fekk ei slik avhandling på mitt bord ville eg tenkt at ein burde ta ein diskusjon kring dei problematiske etiske sidene som er med å ramme inn avhandlinga. Kva betydning har det at han sjølv er aktør og kva rolle spelar det for det akademiske prosjektet, korleis blir dei etterlatne etter offeret handtert og kva rolle spelar det?

Borge meiner doktoravhandlinga til Ribe-Nyhus kan bli ein prøvestein for grensene i forskingsetikken fordi ho er så unik.

— Når det nettopp er ein filosof som står bak, ville det vore naturleg at etikken vart grundig diskutert. Her ville det ideelle ha vore om det var eit meir generelt og sentralt tema, der han kunne briljere med forsvar av det etiske og metodiske – som for eksempel informasjonsplikt, rollekonfliktar, uavhengigheit i forsking, omsyn til utsette grupper, konfidensialitet og menneskes ettermæle, seier ho.

Powered by Labrador CMS