rektorval
Kven blir med på UiB-rektorens lag? — Ingen kommentar
Kven som blir med på Margareth Hagens lag i jakta på å kapre rektoratet ved Universitetet i Bergen for fire nye år, er i det blå.
Etter det Khrono
forstår, vil viserektor for innovasjon, satsingar og klynger, Gottried Greve,
gå av med pensjon og ikkje bli med vidare.
Om prorektor Pinar Heggernes og viserektor for forsking og internasjonale relasjonar, Benedicte Carlsen, er ønska med vidare, er derimot eit ope spørsmål — som ingen av dei vil svare på. Heller ikkje rektor Margareth Hagen vil seie noko om ho vil ha dei med vidare.
— Det vil eg ikkje kommentere. Då verkar det som eg begynner å rigge eit rektorat, og det rektoratet som er no skal sitje heilt fram til neste sommar, seier ho.
Ikkje valkamp no
Prorektor Pinar Heggernes vil ikkje seie om ho vil stille seg til disposisjon i Hagens rektorat vidare, dersom ho blir spurt.
I ein sms til Khrono skriv ho:
«Som Margareth også sa til Khrono, er det viktig å ikke starte en valgkamp nå, da det sittende rektoratet har mange viktige saker å konsentrere seg om i løpet av høsten».
Heller ikkje viserektor Carlsen vil seie noko om kor ho står.
Hagen understreka i samband med lanseringa av sitt eige kandidatur at det er uaktuelt for henne å gå inn i valgkamp no.
— Kan du eventuelt gå inn i valkamp seinare?
— Ja, på eit tidspunkt, ja. Men dersom vi skal ha det slik at kvart tredje år skal universitetet på ein måte vere lamma av å drive strategisk valkamp …
— … er det eit problem?
— Akkurat no er eg rektor.
Ikkje imot kandidatjakt
I UiBs styremøte 12. september la ein av representantane for dei vitskapeleg fast tilsette, Inga Berre, fram forslag om tiltak for å finne fleire kandidatar til rektorvervet fram mot valet som finn stad våren 2025.
Så langt har Margareth Hagen ingen utfordrarar.
Inga Berre fryktar at legitimiteten til ordninga med valt rektor kan bli svekka, og argumenterte for at tiltaket var meint som førstehjelp til universitetsdemokratiet.
Forslaget om å opprette ein søkekomité for å leite etter kandidatar, blei stemt ned med fire mot seks stemmer.
Eitt av argumenta mot å opprette komitéen var at det var seint og for tett opp mot rektorvalet neste vår.
På spørsmål frå Khrono til Margareth Hagen om kva ho meiner om forslaget om ein søkekomite svarer ho:
— Eg har ingenting imot at det blir stimulert til å finne fleire kandidatar.
Utover dette ønskjer Hagen ikkje å kommentere saka.

Nylige artikler
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Spesialpedagog må bli en beskyttet tittel
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene