Nesna skulle nord og ned. Men det var før.

Nye lærerstudenter på Nesna, Nord universitet
Dei ferske lærarstudentane på Nesna kjem frå ulike kantar av landet. Men dei blir raskt einige om kva eigenskapar ein god lærar må ha.

Lærarriket

Publisert Sist oppdatert

— Så gjekk båten ned.

Christoffer Grahn er midt i ei forteljing om korleis det har seg at han, ein 31 år gammal fiskar frå Kirkenes, hamna her.

Han sit i den livlege kantina på den tidlegare dødsdømde campusen til Nord universitet, midt på Helgeland, får i seg chips og kylling, før han skal på informasjonsmøte på andre sida av det opplyste atriet, der to utstoppa svaner svevar under glastaket.

Det er studiestart på Nesna, denne gjenstridige flekken av ein tettstad, ein kommune med 1800 innbyggarar, fire barnehagar, frisør, oppdrettsanlegg.

Og ein flik av eit universitet.

Her skal det utdannast lærarar, men på ein annan måte enn før.

Christoffer Grahn har gått gradane på sjøen og har fiskeskippersertifikat. Planen var eigen sjark og kvote. Det blei det ikkje noko av.

Standardmodellen for utdanning av grunnskulelærarar er delt i to: ei utdanning for å undervise på trinn 1-7, og ei for trinn 5—10. Denne modellen er ikkje laga for dei små skulane, på dei minste plassane, med få lærarar som må ta hand om ungar og ungdommar på alle trinn, samstundes.

Når studentane er ferdig utdanna med mastergrad på Nesna, derimot, skal dei kunne undervise på barneskulen, ungdomsskulen, jobbe på dei minste skulane, der fleire trinn og ungar i ulike aldrar er i same klasserom. Med grunnskulelærarutdanning 1—10 skal det også bakast inn fleire fag.

FAKTA

Lærarutdanning 1-10

  • Pilotprosjekt med oppstart hausten 2025 med førebels finansiering fram til 2027.
  • Skal gi lærarkandidatar kompetanse til å undervise i inntil fem fag (minst 30 poeng per fag) på alle trinn i grunnskulen, frå 1. til 10.
  • Utdanninga er utvikla og tilpassa undervisning i små skular i distrikta og legg vekt stadbasert læring og praktisk-estetisk innhald.
  • Ei forskargruppe er under etablering, som skal følgje pilotprosjektet.

Studiet er fullteikna, 50 av 50 plassar fylte.

Planen for Nesna-modellen, ei distriktsbasert lærarutdanning, vart klekt ut under ein orkan i januar 2021.

Mange få

— Eg bestemte meg på barneskulen, seier Lina Telnes (19).

Ho er frå Jektvik i Rødøy kommune på Helgeland, målt i folketal ein endå mindre kommune enn Nesna.

På barneskulen var det slik at ein kunne hjelpe dei andre elevane dersom ein var ferdig med sine eigne oppgåver, fortel ho. Det likte Lina, og då bestemte ho seg for at ho skulle bli lærar når ho blei stor. No har ho fem års studiar framfor seg.

Ho gjekk på ein bitte liten ein, ein såkalla fådelt skule — der fleire trinn er samla i same klasse.

For Lina kom den spesialkonstruerte lærarutdanninga på Nesna som bestilt. Det passar perfekt med framtidsplanane hennar.

— Eg har lyst til å flytte heim, jobbe på skulen der eg gjekk. Og det å vere lærar er eit sikkert yrke, og meiningsfylt, og viktig for den vesle plassen eg kjem ifrå.

— Eg tenker på læraryrket som meiningsfylt, seier Lina Telnes frå Rødøy på Helgeland. Ho har gått rett frå vidaregåande til lærarstudiet på Nesna.

Det er stor trafikk under dei utstoppa svanene. Men det kjem snart stille periodar, då studentane er heime. Studiet er samlingsbasert. Tre veker kvart semester skal dei møtast her, og i tre veker er samlinga digital.

Så lite tid saman er ikkje optimale forhold for sosialt studentliv.

Men for Charlotte Skåle (26) passar det bra. Ho har med seg barnevogn og tre månader gamle Ingelin frå Lierne i Trøndelag, ein av Noregs største kommunar, målt i areal vel å merke. Heller ikkje i dei traktene er skulane digre. Der finst to, begge fådelte.

— Den nye utdanninga er grunnen til at eg vel Nesna. Eg vil ha breidda i undervisningsfaga, og kunne undervise i heile grunnskuleløpet, seier Charlotte.

Charlotte Skåle kjem frå Lierne i Trøndelag, ein kommune med to små, fådelte skular., der ho håper å få jobb. Med på første studiedag har ho dottera Ingelin på tre månader.

Mange av studentane er frå Nordland, men studiet har også studentar frå andre delar av landet, frå Finnmark til Agder. Aldersvariasjonen er stor, med eit spenn frå 19 til 52.

Christoffer, fiskaren, er altså 31, og han kjem frå Kirkenes. Kanskje kan ein seie at han kjem litt frå Kristiansund også, ettersom han har budd der i fem år, og snakkar litt som ein nordmøring.

Romjula 2019 var han på linefiske i Barentshavet då båten begynte å ta inn vatn. Tanken hadde streifa fleire gonger, om det kanskje heller var lærar han skulle ha blitt. Men då han stod på det krengande dekket og fikla med glidelåsen på overlevingsdrakta den dagen, såg det mørkt ut.

Perifert sentrum

Den offisielle opninga av studieåret føregår i gymsalen, klassisk utstyrt med blå tjukkasar og ribbevegg. Eit barnekor marsjerer inn i forsamlinga.

Ka skal e’ bli? syng ungane, og der og då, inne i gymsalen, verkar svaret opplagt.

Slekt skal følge slekters gang, gjennom gymsalen på Campus Nesna. Den offisielle opninga av studieåret 2025/26 skulle aldri blitt noko av, dersom Nord universitets opphavlege vedtaket om nedlegging hadde blitt ståande.

Ordføraren, som sjølv har ei fortid som tilsett og dekan på den høgare utdanningsinstitusjonen, minner i sin tale om at det trass alt finst andre alternativ, også her på Nesna. Her finst havbruk, landbruk, turisme, servicenæring.

Dekanen erkjenner i sin tale at Nesna ikkje er ein metropol, men insisterer på at også periferi kan vere sentrum.

I am a fan of doing big things in small places, seier dekan Rose Martin, med newzealandsk aksent.

Studiestadsleiar Øyvind Steinslett talar. Gammalrektoren lyttar.

Dekanen minner forsamlinga om den store verda, og om det som skjer i Gaza.

— Som framtidas lærarar er de våre anker og vegvisarar, seier ho til studentane.

Ho nøler ikkje med å karakterisere den nye lærarutdanninga som revolusjonerande. Nesna-modellen er eit «flaggskip» for Nord universitet, er ein «game changer» i utdanninga av lærarar.

«Ikke god måloppnåelse»

 «Dagens studiestedsstruktur er ikke egnet til å fremme god måloppnåelse for Nord universitet», stod det i ein rapport, som Khrono første gong omtalte i april 2019. To månader etterpå kom vedtaket.

Nesna skulle ofrast.

Nord universitet var blitt skipa tre år tidlegare, etter ein omstridd fusjon av Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna. Dermed var det geografisk lengste universitet i Noreg eit faktum, med ein strekk i laget frå Stokmarknes i nord til Stjørdal i sør — eit perfekt utgangspunkt for strid om ressursar mellom regionar og dei to «bastionane», Bodø og Levanger.

Leiinga som skulle gjennomføre endringane og nedleggingane fekk meir å henge fingrane i enn dei kanskje hadde sett for seg. Det var særleg på Nesna det skulle ta fyr.

Dei har utdanna lærarar på Nesna i over hundre år, noko som gjer studiestaden til den eldste høgare utdanningsinstitusjonen i Nord-Noreg.

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland vart raskt stabla på beina. På kort tid bikka Facebook-gruppa 20 000 følgjarar. Eit koordinert arbeid på fleire frontar og i ulike former tok form.

Eigentleg kulminerte aksjonen nesten før han kom i gang.

Dagen etter at bodskapen kom om at Nesna skulle rasjonaliserast bort stilte fleire hundre demonstrantar seg opp, blokkerte fylkesveg 17 og spente opp banner med lett omskriving av universitetsnamnet til «Mord universitet».

I front, med ei brennande oljetønne, stod Nesnas store rockestjerne og for anledninga ordførarkandidat, Ida Maria (som hadde to foreldre på lærarutdanninga). 

«Kontrarevolusjonen er i gang», konstaterte Khronos redaktør, Tove Lie, på kommentarplass.

Motstand, medvind

Opprøret hadde dette eine, klare målet — å redde studiestaden på Nesna, å snu eit godstog:

På toget sat regjeringa, rektorane på fleire av dei største universiteta i landet. Det unisone synet var at Nesna ikkje hadde livets rett. Kvaliteten var for låg, strukturen for lite robust, prisen for høg. Dersom det ikkje handla om pengar, handla det om prinsipp og «autonomi».

50 av 50 plassar på det nye studiet er fylte. Lærarutdanning 1—10 er ei forsøksordning som skal gå over dei tre neste åra.

Leiinga ved Nord universitet forsvarte seg med at dei var blitt sett til å fullføre oppdraget frå høgare makter.

For alt i 2015 hadde regjeringa, den gong med Erna Solberg (H) som statsminister, lagt «Konsentrasjon for kvalitet» på bordet, ei stortingsmelding som argumenterte for større og færre utdanningsinstitusjonar. 

Men det hjelpte ikkje å skubbe ansvaret oppover.

Nord-rektor Hanne Solheim Hansen blei raskt Noregs mest upopulære universitetsrektor, i alle fall på Helgeland.

Hausten 2019 gjorde studentane på Nesna det klinkande klart at ho ikkje var velkommen til opninga av studiåret. Ho kom likevel, og vart møtt med demonstrasjonar, der alle, vende henne ryggen, i bokstaveleg forstand.

Motstanden mot nedlegginga berre auka på i styrke. 

På eit kontor i Oslo sat ein professorbror av ein professor på Nesna og skreiv bok, eit kampskrift. Det blei sett opp teater. Der var hundrevis av medieoppslag. Demonstrasjonar og kampanjar. Og medvinden var sterk, ei bølgje av distriktsopprør, rulla over landet på denne tida.

Gjennom kongeleg resolusjon slo regjeringa i 2022 fast at Nord universitet skulle tilby høgare utdanning på Nesna, stikk i strid med planane til universitetsleiinga

Så kom regjeringsskiftet, med lovnader om å gjenopprette utdanninga på Nesna — men med ein hake. Nesna skulle framleis eksistere under Nord universitet.

Dei skulle «tilbake til den valdelege eksen» som tidlegare rektor Arna Meisfjord uttrykte det.

Meisfjord var ein av dei som under orkanen i januar 2021 sette seg på eit grupperom for å meisle ut ein plan. Ein av dei andre var laksemilliardæren Aino Olaisen. Planen var å lage verdas beste distriktsskule — med spesialutdanning frå Nesna.

Redninga

Redningshelikopteret kom. Ingen omkom.

Ideen om å bli lærar blei det derimot ikkje noko av. Christoffer drog på sjøen igjen. Planen var å kjøpe sjark, få seg kongekrabbekvote, halde fram på eiga skute. Men for eit års tid sidan fall han ned eit lasterom og slo seg stygt i ryggen og nakken, og brått måtte alt tenkast på nytt.

— Eg vart sitjande å fundere, og eg fann ut at eg er ikkje fiskar fordi eg eigentleg har lyst. Etter kvart som eg har blitt eldre, har eg stadig oftare tenkt tilbake på det året eg følte eg verkeleg gjorde noko meiningsfylt.

For ni år sidan reiste Christoffer til Naustdal på Vestlandet. Ein kompis budde der. Han vart verande i eit år, fekk seg jobb på skulen.

— Jobben var å følgje ein elev på skulen. Han hadde bagasje, som ein seier. Var ofte aggressiv, mange sleit med han. Etter dette året fekk eg lyst til å jobbe med det ein kallar vanskelegstilte barn. Dei som er litt utanfor klasserommet, som ein må prøve å få inn igjen, finne måtar å skape ei framtid for.

Christoffer var sjølv ein sånn ein, vanskeleg, ein med bagasje.

På Campus Nesna er studentar og tilsette alltid under vengene til to svaner.

Han var tre då faren gjekk bort. Mora var sjuk. Ungdomsskulen tok han i Stavanger, budde hos ein onkel. Han hadde alltid ein eigen lærar eller assistent som passa på han, sørga for at han ikkje stakk av, heldt seg i klasserommet.

Han drog tilbake til Kirkenes for å ta vidaregåande, då budde han hos ei tante. Han gjekk kokkelinja, alle kom inn der, han satsa på å bli stuert. Det gjekk ikkje så bra, i utgangspunktet. Men der var nokre lærarar som tenkte, og handla, langt utanfor pensum.

— Dersom vi tok ein fest på onsdag og tenkte at vi skulle skulke torsdag, stod dei på døra morgonen etter. Dei henta oss, sørga for at vi stilte opp, alltid.

Han strauk i engelsk, og med stryk ryk lærlingplassen. Men lærarane gjorde alt dei kunne for at han skulle fullføre og ordna lærlingplass likevel, mot at han tok opp engelsken undervegs.

— Eg tenker at mine eigne erfaringar gjer at eg lettare kan forstå, kome nærare, og dermed lettare kunne hjelpe. Det handlar om å aldri gi opp, stå i den kampen, skape tillit, seier Christoffer.

Bagasje kan bli til ballast.

Sirkelen

Arna Meisfjord gammalrektoren, går forbi. Ho har forsona seg med «eksen», den tidlegare utskjelte, og framleis sitjande rektoren ved Nord universitet. Meisfjord er blid som ei lerke, eller ein meis. 

Før var det nord og ned. No er det nord og opp.

Nestoren på Nesna, Arna Meisfjord, begynte som høgskulelektor i 1986 og var i fleire år rektor. Ho har spelt ei viktig rolle i arbeidet med opprette den distriktsbaserte lærarutdanninga.

Seks år etter vedtaket om nedlegging, hundre og sju år etter at dei første lærarane vart utdanna på Nesna, fire år etter orkanen og gruppearbeidet som førte til grunnskulelærar 1-10, oser det oppgangstid og optimisme i atriet under dei utstoppa svanene. 

— Men ikkje tru at kampen er over, for det er ein evig kamp, seier ho, like blid.

På høgrehanda har Christoffer tatovert ein sirkel.

Ei enkel tatovering, ei viktig påminning.

— Det har eg gjort for alltid å minne meg sjølv på at ein kan snu ting, forklarer han.

— Ein kan snu ein vond sirkel til ein god.

Han får framleis meldingar frå læraren på kokkelinja med spørsmål om korleis det går med han.

Det går bra no, kan han skrive tilbake, eg skal bli lærar.

 

 

Powered by Labrador CMS