språk

Nesten null nynorsk på universitetet. — Signaliserer at berre bokmål har verdi

Berre 6 av 32 lærestader oppfyller lovkravet til veksling mellom nynorsk og bokmål på nettsidene. Universitetet i Agder er dårlegast i klassen.

Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder, lovar 25 prosent nynorsk til neste år. Her frå åpningstalen under semesterstart 2024.
Publisert Sist oppdatert

— Vi ser at fleire større lærestader har forsvinnande lite nynorsk på nettsidene sine, år etter år. Dei syner ikkje nokon som helst vilje til å følgje lova og arbeide for å nå Stortingets uttrykte politiske mål, som er at nynorsk og bokmål skal vere likestilte skriftspråk her i landet, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til Khrono.

Det er langt ifrå første gong at Språkrådet refsar norske forskings- og utdanningsinstitusjonar for å ignorere ein sentral del av det språklege mangfaldet, det lovpålagde kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål.

Med nokre unntak ser sektoren ikkje ut til å bry seg.

FAKTA

Språkrådet og språklova

  • Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i dokument frå statsorgan i samsvar med lov om språk.
  • Tilsynet kartlegg om statsorgana oppfyller lovkravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, og om dei har alle skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar på både bokmål og nynorsk, slik kravet i lova er.
  • Språkrådet gir også råd til statsorgana om korleis dei kan etterleve språklova.
  • Ifølgje språklova er bokmål og nynorsk «likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», og «i offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk».

Berre 6 av 32 institusjonar i universitets- og høgskolesektoren, heldt seg innanfor kravet om minimum 25 prosent nynorsk tekst på nettsidene i 2024. Når det gjeld innhald i sosiale media, ser det litt betre ut: Der oppfyller 14 av 32 kravet.

I botnsjiktet er blant andre landets ferskaste universitet, Universitet i Innlandet, og i tillegg Høgskolen i Østfold og Universitetet i Agder.

Ved Universitetet i Agder er 2 prosent av tekstane på sosiale media på nynorsk, og 4 prosent på nettsidene.

Klare det neste år

Rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker, seier til Khrono at ho finn tala «veldig overraskande».

— Gir Universitetet i Agder blaffen i lovpålagde krav?

— Nei, det gjer vi ikkje. Vi er ganske bevisste på dette. Vi har eit eige språkutval.

— Kva gjer dette språkutvalet?

— Dei har ikkje ei rolle som kontrollør. Men vi har språkpolitiske retningslinjer. Tala er altfor dårlege. Vi set vår ære i å vere språkbevisste, seier Whittaker, som sjølv er språkprofessor.

— Korleis blir det neste år?

— Då bør det sjå betydeleg betre ut.

— Er målet å innfri lovkravet på 25 prosent då?

— Det må vi klare, seier rektoren.

Bokmål, og meir bokmål

Universitetet i Innlandet er ikkje stort betre enn Agder. Også der er andelen bokmål på sosiale medium og nettsider, samla sett, tett oppunder 100 prosent — med berre 2 prosent nynorsk på sosiale medium og 5 på nettsidene.

På botnen av lista, marginalt betre enn Innlandet og Agder, er Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) som karar seg opp til 6 prosent nynorsk på sosiale medium. På nettsidene er det 96 prosent bokmål.

Høgskolen i Molde, midt i nynorskfylket Møre og Romsdal, har 94 prosent bokmål på både nettsider og sosiale medium.

Blant dei som utmerker seg med einsidig språkbruk, er 22. juli-senteret, eit statleg læringssenter som formidlar minne og kunnskap om terrorangrepet 22. juli 2011. Alt innhald på sosiale medium var i 2024 på bokmål, på nettsidene var 6 prosent på nynorsk.

Rektor Peer Jacob Svenkerud (i midten) jubla for universitetsstatus i fjor, med flagg og konfetti. For det meste er berre eitt av dei to norske skriftspråka representert ved Universitetet i Innlandet.

Høgskolen i Østfold, som i fleire år har figurert i nedre sjikt, har like lenge lova bot og betring. I 2021 lova rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen at kravet om 25 prosent nynorsk skulle bli innfridd året etter. Det skjedde ikkje.

I staden slo Språkrådet i 2022 fast at «det ikke har skjedd noen utvikling overhodet siden sist».

I årets statistikk, kan Høgskolen i Østfold skilte med at 17 prosent av innhaldet i sosiale medium er på nynorsk — ein klar oppgang frå tidlegare. Men på nettsidene er 96 prosent på bokmål. 

Samla er høgskolen dermed langt unna å innfri lovnaden frå rektor frå fire år tilbake.

— Berre bokmål har verdi

— Når ein nettstad ved ein høgskule eller eit universitet har over 90 prosent bokmålstekstar, signaliserer lærestaden at berre bokmål har verdi, seier språkdirektør Wetås.

Ho peikar på at dei norske skriftspråka skal vere synlege for alle i Noreg.

— I ansvaret institusjonane har for å bruke norsk, seier lova at dei særleg skal arbeide for å styrke nynorsk. Når ein lærestad systematisk og over tid medvite usynleggjer det minst brukte av dei norske skriftspråka våre, går lærestaden også inn i rekka av instansar som gjer det vanskeleg for dei som har nynorsk som hovudmål, å halde på språket sitt, seier Wetås.

Det er, ikkje overraskande, lærestader i vest som utmerker seg med høg grad av veksling mellom nynorsk og bokmål.

Høgskulen i Volda har 75 prosent nynorsk på sosiale medium, og 64 på nettsidene.

Universitetet i Bergen ligg hårfint under lovkravet. Der var 24 prosent av innhaldet på sosiale medium på nynorsk i 2024 og 23 prosent på nettsidene.

Når nynorsk ikkje er synleg, blir det vanskelegare for dei som har det som hovudmål å halde på språket, meiner Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

OsloMet slår UiB

Nokre av dei Oslo-baserte institusjonane viser teikn til å ville bruke begge norske skriftspråk. Både Lånekassen og Forskingsrådet når opp til lovkravet, om ein ser innhald på nett og sosiale medium under eitt.

Lånekassen ligg godt over i begge kategoriar (37 og 40 prosent). Forskingsrådet har gått frå å bruke nesten berre bokmål på nettsidene i 2023 til 24 prosent nynorsk i 2024. 

Universitetet i Oslo er som tidlegare år langt under 25-prosentkravet med 10 prosent på sosiale medium og 13 på nettsidene. 

OsloMet har berre 9 prosent nynorsk på sosiale medium, men derimot 26 prosent på nettsidene — meir enn Universitetet i Bergen.

Også Nord universitet har framgang. I fjor hadde dei ingen tal å vise til i kategorien sosiale medium, og 97 prosent av nettsidene var på bokmål. I år rapporterer Nord om 27 prosent nynorsk i sosiale medium og 7 prosent på nettsider. 

Språkrådet kjem etter sommaren med ein meir fyldig rapport og vurderingar av kvar enkelt institusjon dei har ført tilsyn med i året som er gått.

 

Powered by Labrador CMS