høgskulen i volda
No må høgskulen leita etter endå ein ny direktør
Knappe halvanna år etter at Gerd-Mette Vatne Drabløs starta i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda, har ho sagt opp stillinga.
Høgskulen i Volda har lyst ut stilling som studiedirektør.
— Det stemmer at stillinga er ledig etter at eg har sagt opp, stadfesta Gerd-Mette Vatne Drabløs til Møre-Nytt i juli.
Drabløs kom til høgskulen i februar 2023. Stillinga ho vart tilsett i er plassert direkte under høgskuledirektøren og er ein del av fellesadministrasjonen og leiar for studieadministrasjonen.
Når Drabløs no har sagt opp, må høgskulen snart leita etter to nye toppleiarar. Som Khrono har skrive, har høgskulestyret sagt opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Ho sit i stillinga ut oppseiingstida, som er ut oktober.
Har fått varsel mot seg
Det har vore konfliktar ved Høgskulen i Volda (HVO) over tid. Khrono har mellom anna skrive at fagforeiningane ved høgskulen har levert felles varsel både mot høgskuledirektøren og mot studiedirektøren.
Varselet mot studiedirektør Drabløs skal handla om korleis studiedirektøren handterer studieadministrative arbeidsoppgåver og personalansvaret for knappe tretti medarbeidarar.
Då Khrono møtte representantar for fagforeiningane våren 2024, sa dei at dei har vorte kontakta av medlemmer som sjølve har hatt lyst til å varsla, men som ikkje har ønska å ha namnet sitt på eit varsel. Difor har dei tillitsvalde gjort det samla.
Søknadsfrist 18. august
Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Drabløs. Men då ho vart tilsett, sa ho til høgskulen sine eigne heimesider at ho gledde seg til å arbeida med og løfta fram høgskulen og studietilboda på fleire måtar.
— Høgskulen i Volda er eit vitalt og attraktivt tilbod ut i distriktet, med ei heilt unik plassering. Dette er ein kompetanseinstitusjon som har lange tradisjonar, og som har framtida føre seg. Det ligg veldig godt til rette for å utvikla HVO vidare, sa ho.
I utlysingsteksten til stillinga som studiedirektør, som har søknadsfrist 18. august, heiter det mellom anna at studiedirektør har ei strategisk rådgjevar- og pådrivarrolle både overfor leiinga og underliggande einingar.
Den som vert tilsett må vera utviklingsorientert og god til å bygga relasjonar, ha gode kommunikasjonsevne og stimulera til samarbeid og teambygging.

Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)