Desse får studieplassar i sjukepleie

Hilde Kristin Strand
statsbudsjettet2026 kortnytt

— Me møter det store behovet mange norske kommunar har for fleire psykologar, sjukepleiarar og audiografar. Det er viktig for helsa og velferda til unge og gamle i heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland i ei pressemelding.

I forslaget til statsbudsjett ligg det inne ferske studieplassar både i psykologi og medisin, og i tillegg 155 nye studieplassar i sjukepleie. Som Khrono har skrive var det ikkje ein einaste ledig studieplass i sjukepleie etter årets samordna opptak, og fleire stader var poengkrava for å koma inn høge.

Statsråd sa i samband med opptaket at regjeringa har oppmoda utdanningsinstitusjonane om å ta opp ekstra mange sjukepleiestudentar i år. No får tre av dei ekstra studieplassar: 75 til Lovisenberg, 50 til OsloMet og 30 til VID.

Les alle Khrono sine saker om statsbudsjettet 2026 her: https://www.khrono.no/statsbudsjettet2026

Powered by Labrador CMS