Fordelte 44 millionar til 16 Ukraina-prosjekt

Njord V. Svendsen
ukraina uib kortnytt hk-dir

Den norske forskings- og utdanningssektoren skal gjere sitt for å «bidra til ukrainsk motstandskraft og gjenreising», heiter det i «Program for Ukraina-kompetanse. No har HK-dir., som administrerer programmet, fordelt 44 millionar til 16 fleirårige prosjekt ved 11 institusjonar.

Ein av dei er Universitetet i Bergen, som har fått nær 3 millionar kroner som dei dei neste to åra skal brukast til å utvikle fleksible vidareutdanningar innan ukrainsk historie, språk, samfunn og kultur. Fleire av UiB sine forskarar har vore aktive i Ukraina-arbeid både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Blant dei er Ingunn Lunde, professor i russisk, som skal vere med å utvikle utdanningspakken i Bergen.

— Vi legg opp til eit nettbasert bacheloremne i ukrainsk historie og litteratur på 10 studiepoeng, eit nettemne i språk på 10 studiepoeng og seks mikroemne som skal vere meir tematisk spissa, fortel ho.

Ingunn Lunde, professor i russisk, UiB
Ingunn Lunde, professor i russisk, jobbar med å utvikle nye tilbod i ukrainsk.

Aktørar frå mellom anna kommune, departement og frivillige organisasjonar skal trekkast inn i arbeidet med å utvikle tilbodet. Eit viktig mål med å opprette tilbodet er ifølgje UiB å bidra til å rette opp ein ubalanse i ein del av kunnskapen om Ukraina i Noreg som lenge har vore prega av eit russisk perspektiv , eller har blitt formidla gjennom eit anglo-amerikansk perspektiv.

OsloMet har samla fått den største tildelinga frå søknadsrunden i programmet. Universitetet får til saman 9 millionar kroner fordelt på tre prosjekt. Også Universitet i Oslo og UiT – Noregs arktiske universitet har fått innvilga to søknader kvar.

Innan utlysingsfristen kom det inn heile 39 søknader. 

Powered by Labrador CMS