Iran: Demonstrasjonar ved fleire universitet

Njord V. Svendsen
iran demonstrasjon studenter kortnytt

Studentar i Iran har dei siste dagane gjennomført regjeringskritiske aksjonar ved fleire universitet i landet, melder BBC. Dette skal vere dei største demonstrasjonane sidan styresmaktene slo ned den førre bølgja i januar.

BBC viser til verifiserte opptak av demonstrantar som marjserer på campus ved Sharif-universitetet i hovudstaden Teheran laurdag. Demonstrantane vart seinare observert i konfrontasjon med støttespelarar for styresmaktene.

Også ved andre universitet i Teheran og fleire andre stader i Iran er det meldt om protestar, der studentar samla seg for å heidre dei fleire tusen som vart drepne av styresmaktene under oppstanden i januar.

Powered by Labrador CMS