Milliardpakke til nye studentbustader

Joar Hystad
student kortnytt

Regjeringa løyver 2000 tilskot til bygging og rehabilitering av studentbustadar i 2026.

Totalt dreier det seg om 1,3 milliardar kroner til ulike prosjekt, der dei fleste ligg i Oslo og Bergen.

Det skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding tysdag.

— God tilgang på rimelege bustadar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien, slik at studentane kan ha ein trygg kvardag og konsentrere seg om studiane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Av dei 2 000 tilskota er 1623 til nybygg eller ombyggingar, medan 377, eller 30 prosent, er rehabiliteringsprosjekt. Rehabiliteringsprosjekt får tilskot berekna som ein del av kostnaden, og omfattar dermed fleire hybelenheiter enn talet på tilskot tilseier, informerer Kunnskapsdepartementet.

Les meir om korleis pengane skal fordelast på Kunnskapsdepartementet si nettside.

Statsråd Sigrun Aasland (Ap) er oppteken av at det skal vere god tilgang på studentbustader.
Powered by Labrador CMS