Iran slår ned på studentdemonstrasjonar

Njord V. Svendsen
iran demonstrasjon studenter kortnytt

Etter fire dagar med studentdemonstrasjonar i Iran har politi og delvis væpna tryggingsstyrkar tatt seg inn på universiteta, melder The Guardian

Ifølgje avisa har det vore samanstøytar fleire stader, mellom anna ved Universitetet for vitskap og teknologi i Teheran. Der skal Basji-militsen ha vore i slagsmål med studentar. Utanfor Universitetet i Teheran har væpna køyretøy blitt observert. Mange lærestader har stengt den fysiske undervisninga, og studentar som har deltatt i demonstrasjonar blir nekta tilgang til campus.

Demonstrasjonane og samanstøytane skjer samstundes som Iran går inn i ein tredje runde med atomforhandlingar i Oman.

Riksadvokaten i Iran har kravd at demonstrantane blir straffa hardt og raskt. Styresmaktene meiner vel 3000 vart drepne i protestbølgja i januar. Menneskerettsorganisasjonen HRANA har offentleggjort 7000 namn på personar dei meiner vart drepne.

Powered by Labrador CMS