Digital Ibsen-master ved UiO

Njord V. Svendsen
senter for ibsen-studier kortnytt studenter universitetet i oslo

Senter for Ibsen-studier ved UiO startar hausten 2026 eit nytt, heildigitalt masterprogram: Ibsen studies online. Programmet kjem i tillegg til den etablerte engelskspråklege masteren, som tek opp 15 studentar årleg. Det digitale tilbodet skal ta opp ti studentar, skriv Uniforum.

Undervisningsopplegget blir omtalt som asynkront, som vil seie at studentane sjølv kan velje når dei vil følgje forelesingar og løyse oppgåver. Der er ingen fellessamlingar, og Ibsen-masteren kan dermed takast heilt utan å besøke Universitetet i Oslo.

Studiet er gratis for studentar frå EU og EØS, medan studieavgifta for studentar utanfor området blir om lag 130 000 kroner årleg – rundt 70 000 kroner mindre enn den campusbaserte masteren. Senteret håpar det digitale tilbodet vil nå nye studentgrupper, også lærarar som ønskjer vidareutdanning.

Powered by Labrador CMS