kontaktkonferansen

Difor vil ho ha studentane tilbake på campus

Det er ikkje eit tydeleg nok skilje mellom dei samlingsbaserte utdanningstilboda og fysiske fulltidsstudium, meiner Sigrun Aasland.

Nesten som spontanspørjetime, og det er det gøyaste eg veit! Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland vart mellom anna spurt om studentar på campus etter at ho hadde halde innleiinga si.

Nord universitet tilbyr lærarutdanning for 1. — 10. trinn, som ei samlingsbasert utdanning. NLA Høgskolen har arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, og desentral sjukepleiarutdanning kan ein ta ved fleire universitet og høgskular.

FAKTA

Kontaktkonferansen

  • Kontaktkonferansen for forskning og høyere utdanning er et årlig møtepunkt mellom den politiske ledelsen i departementet og ledere i kunnskapssektoren.
  • På konferansen diskuteres utviklingen av forskning og høyere utdanning i Norge.
  • Kontaktkonferansen er i år 20. januar, og årets tema er internasjonalt forsknings- og utdanningssamarbeid i en ny geopolitisk situasjon.
  • En av sesjonene vil ta for seg hvordan samfunnsutviklingen påvirker kunnskapsinstitusjoner og den enkelte fagperson.
  • På konferansen skal det blant annet være en panelsamtale om hvordan den nye geopolitiske situasjonen påvirker kunnskapssektoren med hensyn til sikkerhet og beredskap, internasjonal kunnskapsdeling og kunnskapsberedskap.
  • Hele programmet finner du her.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) er ikkje mot noko av dette eller dei andre deltids- eller digitale studietilboda som finst. Men ho er oppteken av at andre studentar, dei som tek fulltidsutdanning ved ein av dei mange campusane ved norske universitet og høgskular, skal vera til stades på studiestaden. Dette er utdanningstilbod som ofte har ei anna målgruppe og ei anna studentsamansetjing enn dei desentrale tilboda.

— Dei unge studentane, 19, 20 og 21-åringane, går glipp av noko dersom dei ikkje er på campus, seier Aasland til Khrono.

Meiner sektoren kan tena pengar

Allereie førre veke melde ho gjennom NTB at ho vil ha studentane tilbake til campus, og det var også eit av temaa då statsråden møtte universitets- og høgskuleleiarar på Kontaktkonferansen 20. januar.

— De vart kjempegode på digitalisering. Men den viktigaste superkrafta til dagens studentar er evne til å samarbeida, og dei skal tilbake til campus, sa statsråden.

Som Khrono allereie har skrive, var Aasland tydeleg på at det ikkje kjem til å koma meir pengar.

— Men det kostar ikkje så mykje å ha kollokviegrupper, og det er mogleg å ha førelesing for mange studentar — berre ikkje gjer førelesinga digital, sa statsråden til sektorleiarane.

— Eg trur også at de kan tena på å få studentane tilbake — det kan vera lettare å få dei gjennom studiet.

To ting som skjedde samstundes

Men kvifor skal studentane til campus? Av fleire grunnar, meiner Aasland. Den eine er at evna til å samarbeida og relasjonskompetanse vil vera viktig når ein skal inn i eit moderne arbeidsliv. Den andre handlar om studentane sitt ve og vel.

— Me veit at psykisk uhelse er eit aukande problem blant studentar. Det å vera ein del av eit fellesskap er viktig. Å vera med i ei kollokviegruppe, og så er det nokon som spør om du vil verta med i koret eller med på trening, det betyr noko, seier Aasland.

Sett i ettertid var det to ting som skjedde samstundes, som saman førte til ei negativ utvikling når det gjeld talet på studentar på campus. For det første ønska ein ei utvikling av desentrale studietilbod, og ein ønska fleire digitale tilbod.

— Og så kom pandemien. Så det er forståeleg at dette skjedde, men det har hengt igjen. No er det ikkje eit tydeleg nok skilje mellom dei samlingsbaserte studietilboda og fulltidsstudia, seier Aasland.

Studentleiar vil ha studentane på campus

At førelesingar ikkje skal vera digitale, er ikkje Sigve Næss Røtvold, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) heilt samd i.

— Dei skal vera tilgjengelege for at ein skal kunne sjå gjennom dei for å repetera, og det handlar i tillegg om universell utforming, seier han.

Men at studentane bør vera på campus, er Røtvold er samd i. Og han deler uroa til  statsråden.

— NSO ønskjer fysiske samlingsstader for studentane. Me veit at ein lærer betre når ein samhandlar med andre, seier han til Khrono.

— Men korleis skal ein få studentar til å vera på campus?

— Det er eit veldig godt spørsmål. Ein må ha høve til å vera der, altså sleppa å jobba så mykje. Undervisarane må gjera undervisninga engasjerande. Og så har Sigrun Aasland eit ansvar her, gjennom rammeløyvingane.

Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, var ein av dei som stilte spørsmål til statsråden.

Vil også ha tilsette tilbake

Også Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ønskjer seg studentar på campus — på alle dei fem campusane til høgskulen. 

— Me har hatt mange studentar på campus, og ei positiv utvikling. Men me må legga endå betre til rette, seier Yttri.

Men det er ikkje berre studentane som treng å vera der, det gjeld også dei tilsette, påpeikar ektoren.

I nyttårshelsinga si til studentar og tilsette skreiv han følgjande:

«Eg ønskjer i 2026 at alle våre fem campus skal takast meir i bruk og fyllast opp av våre folk, HVL-tilsette, som utfaldar seg åleine og i fellesskap i arbeid. Me har fem ulike, men særs moderne og velutrusta campus som ruvar i kvar sine deler av Vestlandet. Men det er bruken av campus som bestemmer verdi og innverknad, det er bruken som bestemmer vidare utvikling. Laboratorium, store og småe undervisningsrom, bibliotek, kontor, kontorfellesskap, fellesareal, uteareal, og kantiner — verdien av alt dette aukar når det er i bruk og folk er meir fysisk til stade».

— Det handlar om å koma saman, sjå folk andlet til andlet, og om å vera ei kraft i samfunnet både lokalt og nasjonalt, seier Yttri til Khrono.

— Betyr dette at ein ikkje lenger skal kunne ha heimekontor?

— Nei, det betyr det ikkje. Det me gjer, er å appellera. Me treng å vera saman, me treng å stå i usemje, me treng å sjå kvarandre, seier han, og legg til at høgskuleleiinga har dei tillitsvalde med på laget i dette ønsket.

Powered by Labrador CMS