styremøte i dag
Ønskjer nye universitetsbygg og forskingspark i Bø
Universitetet i Søraust-Noreg er allereie i gang med samarbeid med næringslivet i Telemark. No skal styret ta stilling til om det skal dannast ein forskingspark i bygda.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I juni i fjor fekk styret ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) den første orienteringa om korleis campus Bø kan vidareutviklast. No ber rektor Petter Aasen styret om å vedta å etablera ein forsking- og innovasjonspark i bygda. Dette må skje gjennom både ombygging og tilbygg. Kva det vil kosta, vil styret verta informert om i ei eiga sak seinare.
Fredag har universitetsstyret ved Universitetet i Sørøst-Noreg møte på campus Ringerike. Det startar kl 1o fredag 10. september. Møtet kan du sjå direkte her.
Idrettsbygg med noko attåt
Bakgrunnen for saka var at universitetet leiger lokale frå Bø kommune. Det kan dei berre gjera fram til 2024. I tillegg treng lokala uansett ei oppgradering.
I vår sa styret ja til å greia ut det som vert kalla alternativ ein, tre og fire. Alternativ ein er eit nytt idrettsbygg, alternativ tre er også det, men med lokale for Institutt for natur, helse og miljø og med laboratorium. Alternativ fire inneheld i tillegg lokale til forskingspark.
I saksframstillinga heiter det at fagmiljøa som er lokaliserte i Bø dei siste to åra har jobba for å styrka det faglege grunnlaget for ein forskings- og innovasjonspark retta mot samfunnsutvikling og økonomiskaping i Midt- og Vest-Telemark.
— Det er inngått ei rekkje samarbeidsavtalar med verksemder i privat og offentleg sektor og etablert prosjektsamarbeid først og fremst knytt til natur- og landbruksrrelatert verksemd, rural turisme og reiseliv, og til friluftsliv, idrett og kultur. Samarbeidet har resultert i auka bidrags- og oppdragsinntekter, heiter det.
Treng større plass fleire stader
Rektor Petter Aasen skriv at «en forsknings- og innovasjonspark vil ytterligere bidra til å styrke den praksisnære, anvendte og behovsidentifiserte forskningen i fagmiljøene ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving, Institutt for natur, helse og miljø og Institutt for økonomi og IT på campus Bø og samarbeidende fagmiljø ved USN. Det vil styrke samarbeidet med virksomheter i privat og offentlig sektor når det gjelder kunnskaps- og kompetanseutvikling og posisjonere universitetet i det regionale økosystemet for samfunnsutvikling og økonomisk verdiskaping».
Han peikar òg på at universitetet gjennom forsking og ein innovasjonspark vil kunne tilpassa seg og bidra til å vidareutvikla både samfunnet og næringsstrukturen i Bø.
Styret skal også handsama ei sak som heiter Vidareføring utvikling campus Bø. Denne saka er unnteken offentlegheit, med grunngivinga det offentlege sin forhandlingsposisjon. Også ei sak om utvikling av campus i Drammen og Kongsberg, og leige av større lokale der, er unnteken med same grunngiving.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager