Debatt ● Per Henning Uppstad

Røktar vi forskingsetiske normer godt nok i det daglege?

Vi bør tenkje nytt om korleis vi røktar forskingsetikken. Kva om vi ser til Pressa sitt faglege utval (PFU)? Her vert brot på etiske yrkesnormer handsama og set under debatt på ein måte som ein i akademia i liten grad får til.

Per Henning Uppstad, Universitetet i Stavanger
Bernt Lindstrøm stiller tre viktige spørsmål om forskingsetikk i Khrono, skriv kronikkforfattaren. — Dei tre spørsmåla kan peike mot ein annan praksis som kan fungere som modell, nemleg Pressa sitt faglege utval (PFU).
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Professor emeritus Bernt Lindtjørn (UiB) stiller 05.01 tre viktige spørsmål knytt til forskingsetikk, 1) er tida inne for eit nasjonalt organ til å behandle slike saker — i staden for universiteta sjølv?, 2) bør omgrepet uforsvarleg forsking utvidast?, og 3) bør innmelde saker vere offentleg tilgjengelege? 

Spørsmåla til Lindtjørn er retta inn mot eit problemkompleks der universiteta sjølv ofte bruker svært lang tid på å handsame saker og der praksisen tilsynelatande er ulik, til dømes når det gjeld stor skilnad i antal saker som kjem til universiteta sine forskingsetiske utval.

Det særlege fokuset desse utvala har på forskingsjuks — uærlegdom — gjer kanskje også at andre sider av uforsvarleg praksis, som ikkje er juks, i liten grad blir tematisert og diskutert. Dette er i så fall uheldig, fordi forsvarleg etikk i forskinga handlar om så mykje meir enn å unngå juks. Handsamingsprosessane er også langt frå lettfattelege for den som klagar og blir innklaga, og er i stor grad skjerma for innsyn. 

Dei tre spørsmåla frå Lindtjørn heng etter mitt syn tett saman, og kan peike mot ein annan praksis som kan fungere som modell dersom ein tenderer mot å svare ja på spørsmåla frå Lindtjørn, nemleg; Pressa sitt faglege utval (PFU) og arbeidet med å røkte yrkesnormer i media.

Pressa sitt faglege utval (PFU) handsamar og set under debatt brot på etiske yrkesnormer på ein måte som ein i akademia i liten grad får til.

Per Henning Uppstad

Pressa sitt faglege utval (PFU) nyttar ‘vær varsom’-plakaten, som er media sine etiske retningsliner, og kan sjåast som ein parallell til akademias forskingsetiske retningsliner. Noko av det interessante med sakshandsaminga i PFU er at ho er rask i alle ledd, det er klåre krav til korleis ein klage må vere forma ut, og partane får undervegs moglegheit til å løyse klagen i minnelegheit, med kort tidsfrist, før utvalet handsamar saka og offentleg kunngjer utfallet. 

Nå er det viktig å nemne at forskingsjuks er forankra i lova på ein annan måte enn det som blir skildra i ‘vær varsom’ plakaten. Men det er ein rimeleg påstand at PFU handsamar og set under debatt brot på etiske yrkesnormer på ein måte som ein i akademia i liten grad får til. 

Til dømes blir ein redaksjon felt i PFU om han ikkje har gitt ein part i ei sak høve til å samtidig imøtegå påstandane retta mot parten. Dette er ei skrape i lakken for redaksjonen, og for involverte journalistar, men det gir dei ikkje yrkesforbod. Redaksjonen vil truleg arbeide målretta mot at dette ikkje skjer igjen i andre saker med andre journalistar. Og journalisten vil ikkje gjere same feilen att. 

Desse regulerande, oppdragande mekanismane har ein i liten grad fått til innan akademia. I staden ser ein det som viktig at minst mogleg om ei sak kjem ut, og der intensivt, generelt informasjonsarbeid skal fremme god forskingsetikk.

Lindtjørn viser til pågåande arbeid i Australia med å utvide definisjonen på juks og uforsvarleg forsking, med formuleringar som «Brudd på allment aksepterte normer for ansvarlig vitenskapelig atferd». Spørsmålet er om det er formuleringa som er utfordringa, eller praksisen kring dette. 

Etter mitt syn er det i handhevinga av skiljet mellom juks/uærlegdom og anna uforsvarleg forsking, som ikkje er juks, at uklårheitene rår. Eit døme der eit slikt skilje blei gjort, er i saka om rettleiaren som plagierte parti frå masterstudenten si oppgåve

Det forskingsetiske utvalet ved UiB konkluderte med at det ikkje var uærleg — altså ikkje juks —, men sa eksplisitt at det var brot på aksepterte forskingsetiske normer. Brot på aksepterte forskingsetiske normer er altså ikkje det same som juks. Såleis kan ein seie at vurderinga frå UiB i praksis gjer det som dei søkjer å få til i Australia. Det ein då gjer, er å praktisere — ikkje nødvendigvis utvide — definisjonen av kva som er brot på forskingsetiske normer, og der juks blir ein alvorleg form av brot på desse. 

I ei anna sak, ved UIA, gav ein i staden «kritikk» når den innklaga blei frikjent for å vere ureieleg i samband med plagiat og sjølvplagiat. Her burde ein også sagt at det var brot på forskingsetiske normer, men ikkje fusk. 

Spørsmålet er såleis om det ikkje heller er brot på anerkjente forskingsetiske normer som bør stå i sentrum for diskursen om forskingsetikk, heller enn dei mest alvorlege formene for slike brot. I sakene som Khrono har tatt opp dei siste vekene, ville ein då ha fokusert at dei «blei felt for brot på anerkjente normer, men blei frikjent for juks».

PFU handsamar i liten grad juks, kunne ein innvende. Men det same kan ein seie om akademia, der berre ein forskar blei felt for uærlegdom i 2022. Heile ni institusjonar hadde same år heller ikkje ei slik sak til handsaming. 

Ei ordning etter modell frå PFU når det gjeld a) rask og transparent sakshandsaming, b) syn på kva ei etisk norm er og c) openheit i alle ledd, kunne såleis også ha handsama dei sakene som gjeld uærlegdom, medan hovudarbeidet var å røkte etiske normer frå dag til dag.

Universiteta er i forskingsetikklova pålagde å ha eit forskingsetisk utval, men det faktum at fleire institusjonar har felles utval (t.d. USN og HINN) skulle tilseie at det ikkje står noko formelt i vegen for å ha eit sams, nasjonalt utval. PFU fekk i 2022 647 klager, og handsama 227 av desse. Over halvparten blei avvist på grunn av formelle manglar ved klagen. Det er vanskeleg å få oversyn over kor mange klager som har kome til fakultet og forskingsetiske utval same år, i og med at det berre er tal frå det siste som blir meldt inn, men det er grunn til å tru at talet er lågare enn for PFU.

Ein meir kontroversiell tanke — som del av tankeeksperimentet — er om forskaren burde klagast inn saman med institusjonen for eit slikt organ. Dagens lovgiving legg eit særleg individuelt ansvar på forskaren, som sjølvsagt må vidareførast, men eit stort ansvar kviler også på institusjonen. I PFU er det redaksjonen som har det endelege ansvaret, og som faktisk blir felt. Forskingsetikklova legg eit ansvar på institusjonane ved at det i kvar sak skal vurderast om det ligg føre systemfeil ved institusjonen.

Vi kunne snu på tankeeksperimentet og tenkje oss at pressa nytta akademia sin modell for å røkte yrkesetikken i staden for PFU. Ein ville då gå inn for å handsame uforsvarleg praksis i meir eller mindre internt styrte utval i eigen redaksjon, ta seg god tid, og halde mest mogleg informasjon om saka skjult. Det ville neppe vore eit framsteg. Vi har ein ‘vær varsom’-plakat i akademia også. Røktar vi den godt nok i det daglege arbeidet?

Powered by Labrador CMS