Kortnytt

Rune Bjerke til NHH

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NHH får ein ny, men kjent, tilsett.

Tidlegare konsernsjef i DNB, Rune Bjerke, er tilsett i ei tjue prosent stilling ved Norges Handelshøyskole (NHH). Dette skriv Finansavisen, som siterer ei pressemeling.

Bjerke skal vera knytt til Institutt for strategi og ledelse i tre år, og Bjerke skal halda førelesingar, delta i interne arbeidsgrupper og seminar og delta i næringslivsretta forskingsprosjekt, heiter det. Bjerke har studert sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo og har ei mastergrad frå Harvard University.

— Undervisning og aktive studentmiljø har alltid gitt meg inspirasjon. No gler eg meg til å halda fram med å læra, og forhåpentlegvis òg å læra vekk litt etter eit langt liv i næringslivet, seier Bjerke i pressemeldinga.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS