Kortnytt
Signerer Kina-avtale fredag
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fredag denne veka underskriv rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, og rektor ved Fudan University i Kina, Xu Ningsheng, ein avtale som gjer UiO til det formelle vertskapet for Fudan-European Centre for China Studie, skriv Uniforum.
Frå 2013 og fram til no har senteret hatt tilhaldsstad på Københavns Universitet i Danmark.
Svein Stølen ser fram til å få etablert dette senteret på UiO.
— Universitetet i Oslo er eit internasjonalt orientert universitet. Det er viktig for oss å ha eit godt akademisk samarbeid med institusjonar i alle land, så for oss er dette veldig gledeleg, seier Stølen til Uiforum.
(Joar Hystad / Khrono)