Byrådsleiar, fleire rektorar og professorar i fleng var til stades for å heidra Holbergpris- og Nils Klim-prisvinnarane.
Gayatri Chakravorty Spivak helser hjarteleg på Margareth Hagen. Hagen er rektor ved Universitetet i Bergen og, som Spivak, professor i humaniora.Foto: Eivind Senneset
Same kveld var det bankett i den meir enn 760 år gamle Håkonshallen i Bergen, til ære for Spivak og for Nils Klim-prisvinnar Daniela Alaattinoğlu. Tradisjonen tru vart gjestane tekne imot av trommemarsj frå eit av byens buekorps.
Sjå bilete frå banketten ved å skrolla deg nedover i saka.
Daniela Alaattinoğlu vert gratulert av UiB sin viserektor Benedicte Carlsen.Eivind Senneset
Første gong ein veit at det var dekka til fest i Håkonshallen, var til Magnus Lagabøte sitt bryllaup i 1261.Eivind Senneset
Gayatri Chakravorty Spivak sat på bordet midt i salen.Eivind Senneset
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland var vertskap for festmiddagen.Eivind Senneset
Yael Harlap, visedekan ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, helser på Nils Klim-prisvinnaren.Eivind Senneset
Kjersti Fløttum, professor emerita ved Universitetet i Bergen, er tidlegare styreleiar for Holbergprisen. Her gratulerer ho årets prismottakar.Eivind Senneset
Byrådsleiar, og NHH-professor, Christine Meyer var ei av mange som stilte i bunad eller festdrakt.Eivind Senneset
Viserektor Gottfried Greve var også til stades på banketten.Eivind Senneset
Preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Annelin Eriksen, gratulerer prismottakaren.Eivind Senneset
UiB-rektor Margareth Hagen hadde funne fram rektorkjedet.Eivind Senneset
Leiar for Senter for kvinne og kjønnsforsking, professor Kari Jegerstedt, var ei av fleire som hadde bunad og palestinaskjerf. Her saman med Gisle Selnes, professor i litteraturvitskap. Bak professor emerita Ellen Mortesen, som i fleire år var fagleg leiar for Holbergprisen.Eivind Senneset
Tidlegare UiB-rektor Sigmund Grønmo har også vore styreleiar for Holbergprisen.Eivind Senneset
Årets Nils Klim-prisvinnar er jurist. Her vert ho gratulert av professor emeritus i juss, Jan Fridthjof Bernt.Eivind Senneset
Representantar frå Høgskulen på Vestlandet: Rektor Gunnar Yttri og prorektor Anne Grethe Naustdal.Eivind Senneset
Christine M. Jakobsen, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen, og gjesteforskar Svati Shah frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking, vart tekne imot av av slagarar frå Skansens bataljon.Eivind Senneset
Hovudpersonen er 83 år gamal, og fekk hjelp til å koma seg inn i Håkonshallen av Holbergprisen sin faglege leiar, sosialantropologi-professor Bjørn Inge Bertelsen.Eivind Senneset
Daniela Alaattinoğlu saman med Sigrun Aasland.Eivind Senneset
Siddharth Sareen, no seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt, var fjorårets mottakar av Nils Klim-prisen.Eivind Senneset
Professor Lise Øvreås gratulerer Spivak.Eivind Senneset
Statsråden hadde tale til prisvinnarane.Eivind Senneset