Styremøte

Skal tilsette fem leiarar

Styret ved Universitetet i Stavanger skal tilsetje fem ulike leiarar på åremål under dagens styremøte.

Desse sit i styret ved Universitetet i Stavanger, frå venstre Liv Åsa-Marie Sunnercrantz, Tom Hetland, Sigrun Karin Ertesvåg, Svein Erik Tuastad, Eskild Holm Nielsen, Anne Marit Panengstuen, Janne Johnsen, Kolbjørn Kallesten Brønnick, Fredrik Myklebust Iversen, Genette Klyve Våge og Tuan Williams.
Publisert

Museumsdirektør, leiar ved Avdeling for klassisk musikk, leiar ved Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon, leiar ved Institutt for maskin, bygg og materialteknologi og leiar ved Avdeling for samfunnsøkonomi og finans.

Det er dei fem leiarane styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) skal tilsetje i løpet av møtet torsdag. Dette skjer bak lukka dører.

I dag er det høvesvis Ole Madsen, Harald Eikaas, Jens Torolf Larsen, Tor Henning Hemmingsen og Ingeborg Caroline Foldøy Solli som har desse åremålsstillingane.

Ber om framleis samarbeid i europeisk nettverk

I tillegg til tilsetjingssakene, blir styremedlemmane blant anna bedne om å ta stilling til om UiS framleis skal ha eit forpliktande samarbeid med nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

I styrepapira skriv prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, at ved å «forplikte seg vidare i ECIU University er UiS i utdanningsfronten, og som ein av få norske institusjonar, med på å sette agendaen for framtida si utdanning saman med EU».

Dette samarbeidet skal styret også bli meir orienterte om, då dei også har styreseminar torsdag.

Vanlegvis brukar UiS å strøyme sine styremøte, men ikkje denne gongen. Styreseminaret og det påfølgande, korte styremøtet vert torsdag halde på Hotel Victoria i Stavanger sentrum.

Desse sakene står på sakskartet til møtet:

V-sak US 1/22 Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 10. februar 2022

V-sak US 2/22 Godkjenning av møtebok frå styremøte 2. desember 2022

Divisjon for utdanning:

V-sak US 3/22 ECIU University – frå prosjekt til allianse

Internrevisjon:

O-sak US 4/22 Rapport frå internrevisjon – oppfølging av styrevedtak

Divisjon for organisasjon og infrastruktur:

Økonomi:

V-sak US 5/22 Årsregnskap 2021

HR:

V-sak US 6/22 Ansettelse i åremålsstilling som museumsdirektør, u.off.

V-sak US 7/22 Ansettelse i åremålsstilling som avdelingsleiar ved Avdeling for klassisk musikk, u. off.

V-sak US 8/22 Ansettelse i åremålsstilling som avdelingsleiar ved Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon, u. off.

V-sak US 9/22 Ansettelse i åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, u. off.

V-sak US 10/22 Ansettelse i åremålsstilling som avdelingsleiar ved Avdeling for samfunnsøkonomi og finans, u. off.

Fullmaktssaker:

O-sak US 11/22 Fullmaktsaker til styremøte 10. februar 2022

Eventuelt

Powered by Labrador CMS