USA
Sparka fleire hundre klimaforskarar. No hentar Trump inn skeptikarane
Tre kjende klimaskeptikarar blir henta inn til Trump-administrasjonen. Frå før har fleire hundre ekspertar blitt sagde opp.
Det amerikanske energidepartementet har tilsett tre forskarar som er kjende for sin kritikk av klimavitskapen, skriv The New York Times.
Steven E. Koonin, er ein av dei, ein fysikar og forfattar av ei bok som omtalar klimavitskapen som «usikker». John Christy, er ein annan — ein kjend forskar frå University of Alabama, som har stilt seg kritisk til omfanget av menneskeskapte klimaendringar. Den tredje er Roy Spencer, som er meteorolog, og som har hevda at skyer har større innverknad på den globale oppvarminga enn menneske.
Mot konsensus
Koonin var også involvert i president Trumps første periode, og gjekk i bresjen for løfte fram kritikk av klimaforskinga, ifølgje The New York Times.
Nesten alle klimaforskarar i verda over er samde om at klimaendringane i all hovudsak er menneskeskapte, og farlege, og skuldast brenning av fossil energi, som olje, gass og kol.
Tilsetjingane av dei tre klimaskeptikarane kjem eit par månader etter at Trump-administrasjonen sa opp fleire hundre forskarar og ekspertar som arbeidde med ein sentral nasjonal rapport om korleis klimaendringane påverkar landet.
Kuttar klimaforsking
Ifølgje CNN arbeider Trumps apparat no med å oppheve eit nasjonalt vedtak frå 2009, som slår fast at klimaendringar utgjer ein trussel. Vedtaket har vore styrande for klima- og miljøpolitikken i USA.
Også løyvingar til klimaforsking generelt er blitt kutta kraftig ned.
Trump har i tillegg foreslått å legge ned Det nasjonale instituttet for hav- og atmosfæreforsking (NOAA), som driv forsking og overvakingsstasjonar over heile USA.

Nylige artikler
Hun er studentenes nye leder
Planlegg tariffoppgjøret og meld fra hvor du går
Pasientene trenger oss — vi har ingen menn å miste
Hun forsket i eget felt
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Mest leste artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet