bokhandel
Studentar vil fjerna bokhandelen og bruka plassen til strikking og måling
Studentparlamentet sitt arbeidsutval innstiller på å fjerna bokhandelen frå studentsenteret i Bergen.
Studentene har behov for et sted man kan tilbringe fritid i rolige omgivelser for å få et pust i bakken i en travel studenthverdag. Et slikt sted bør være i tilknytning til tjenester studentene benytter, slik som Sammen Studentliv. Her bør det også være rom som kan bookes til møter for studentorganisasjoner eller kollokviegrupper, i tillegg til avslappende friarealer til samtaler, brettspill, strikking, maling etc.
Det heiter det i ein resolusjon frå Venstrealliansen i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. Den meiner at parlamentet må jobba for å få frigjort arealet bokhandelen Akademika nyttar på Studentsenteret i dag, til fordel for meir arbeids- og fritidsareal for studentane.
I forslaget til vedtak heiter det at avtalen med Akademika om bruk av lokalet på Studentsenteret ikkje bør verta fornya.
Meiner bokhandelen vert for lite brukt
Arbeidsutvalet i Studentparlamentet innstiller på at resolusjonen skal verta vedteken.
— Me ser fram til ein god diskusjon i parlamentet og å sjå kva fleirtalet ønskjer. Me har innstilt på at resolusjonen skal verta vedteken, fordi det er eit godt initiativ for utnytting av studentareal å bruka det på studentfrivilligheit.
Det seier parlamentsleiar Kaja Hovdenak til Studvest, som først skreiv om saka.
Overfor Khrono understrekar Hovdenak at det førebels ikkje er vedteke å fjerna bokhandelen på Studentsenteret.
— Men me tykkjer det er eit godt initiativ, og me har innstilt på at forslaget skal verta vedteke, seier Hovdenak.
— Grunnen er i hovudsak at me meiner bokhandelen ikkje blir brukt nok til at den forsvarer plasseringa si, som er midt i smørauga av campus. Dette lokalet bør heller nyttast til studentfrivilligheit og til for eksempel å bygga opp eit betre psykososialt læringsmiljø, som vil vera tilgjengeleg for alle studentar, held ho fram.
Hovdenak peikar på at studentane får mest ut av bokhandelen ved semesterstart, og at ein heller kan utnytte arealet på en betre måte for studentane hele året.
— Det er heller ikkje er spesielt låge prisar der.
På direkte spørsmål om kvar studentane skal få tak i pensum viss bokhandelen på Studentsenteret blir fjerna, svarar studentleiaren at Universitetet i Bergen har fleire gode bibliotek.
— Det er heller ikkje meir enn ein ti minutts spasertur til næraste bokhandel i sentrum, og der er det også flust av andre gode tilbod, seier Hovdenak.
Ideen om kva ein kan gjera med lokala dersom dei vert frigitt, kjem frå NTNU. Der har dei det som vert kalla studentsenteret, der ein kan slappa av, vera sosial og drikka kaffi frå starbucksbaristaen, skriv Studvest.
Pensumpakkar
Ingen av studentane Khrono møtte på Studentsenteret fredag, hadde sett seg inn i saka, som skal drøftast i studentparlamentet 25. oktober.
— Det er fint å ha ein bokhandel på campus, seier Fredrik, som er førsteårsstudent i sosiologi.
— Dei lagar desse bunkane med pensum, og det var veldig lett for meg å koma til Bergen som student og få tak i pensum.
Jan studerer pedagogikk.
— Skal eg vera heilt ærleg, så kjøper eg bøkene mine frå tidlegare studentar. Det er meir eller mindre viktig med bokhandel. Notatbøker og slikt kan eg jo kjøpa, men pensum kjøper eg brukt, for eg synest det er litt dyrt.
Vil legga ned ved høgskulen
Khrono skreiv i august om Akademika si avdeling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) på Kronstad i Bergen. Her er det høgskulen som ikkje ønskjer at bokhandelen skal ha plass. Helge Skugstad, direktør for økonomi og arealforvaltning, sa til Khrono at HVL sjølve har behov for å bruka dei lokala Akademika i dag disponerer til eigne undervisnings- og forskingsaktivitetar.
I dag har bokhandlarkjeda fire utsal i Bergen, men direktør Arnstein Bjørke sa til Khrono at dersom det vert lagt ned på Kronstad, vil det ikkje vera plass til bøkene HVL-studentane treng i dei andre butikkane, som til dømes på studentsenteret.
Nyeste artikler
Ti år med Students at Risk. Mener ordningen er viktigere enn noen gang
Veien videre for kuratorpraksis ved KMD
Setter forskning høyt på sin prioriterte liste
Student møtte fiskerigigant i retten: — En komplett farse
Ingen enhet ved NTNU står alene i omstillingen
Mest lest
«Pornoprofessor» sparka for andre gong
Ett år i Norce: — Fikk sjokk da jeg skjønte hva de økonomiske vilkårene er
Å ta doktorgrad må eg vel klara, tenkte han. Så skjedde livet
Krasse reaksjoner på at kun fire fagmiljø må ta støyten når ansatte skal sies opp
Privat høgskole utelukker ikke oppsigelser. 31 årsverk skal bort