universitetet i bergen
Styret blir stengt ute.
— Demonstrantane held ikkje avtalen
UiB-styret har bestemt seg for å halde torsdagens møte digitalt. Palestina-aksjonistar nektar å fjerne barrikadar. — Avtalebrot, seier rektor.
— Vi har ingen planar om å fjerne
sperringane, sa Michel Schafenstädt, student og pressekontakt for aksjonistane,
til Khrono tysdag.
Aksjonistane har kravd at spørsmålet om Israel-boikott igjen må på dagsordenen i dagens styremøte ved Universitetet i Bergen (UiB). Dette har blitt avvist av rektor Margareth Hagen.
— Vi prøver å blokkere alle inngangane fordi UiB ikkje vil høyre på krava våre. Vi prøver å få dei til å lytte, sa Schafstädt til Khrono.
Universitetsleiinga bestemte onsdag ettermiddag at dei som eit unntak i den spesielle situasjonen vil gjennomføre torsdagens styremøte digitalt.
Etter planen skulle møtet føregå i styrerommet i bygget på Muséplassen.
— Bryt avtalen
Kva universitetet vil gjere dersom barrikadane blir ståande over meir tid, vil ikkje rektor Margareth Hagen kommentere direkte.
Men ho understrekar at demonstrantane no bryt avtalen ho seier dei hadde med universitetsleiinga.
Ein konfrontasjon der demonstrantane blir fjerna med makt, kan dermed synast å bli vanskelegare å unngå.
— Dei har fått tillating til å demonstrere under føresetnad av at dei ikkje er til hinder for arbeidet vårt. Det er dei no. Eg vil be dei om å forhalde seg til avtalen. I dag manglar rundt 20 medarbeidarar tilgang til arbeidsplassane sine.
— Og dersom dei held fram med å ikkje halde denne avtalen?
— Vi ser det an.
— Har ei gått for langt?
— Dei forheld seg ikkje til avtalen, og utover det vil vi sjå det an.
Så langt fredeleg
Studentane og aksjonistane har sidan starten av mai halde stand med teltleir ved Muséplassen der mellom annan rektor har sitt kontor. Også ved fleire andre universitet er det sett opp teltleirar og halde demonstrasjonar til støtte for Palestina.
Medan aksjonane i Noreg har gått fredeleg for seg, har det i andre land vore til dels harde konfrontasjonar.
Ved fleire universitetet i USA, der demonstrasjonane og teltleiarane starta, er opprørspoliti blitt sett inn, og studentar blitt arresterte og utviste frå studiestadene.
Studentane som no barrikaderer tilgangen til universitetsbygningar i Bergen, har mellom anna sett fram krav om akademisk boikott og at Universitetet i Bergen skal fordømme okkupasjonen av Gaza og «apartheid i Israel».
Sa nei til boikott
Universitetsstyret handsama spørsmålet om akademisk boikott i mars, og vedtok at det ikkje ville avgrense «fagmiljøenes muligheter til akademisk samarbeid».
Ifølgje aksjonistane vil barrikadane bli ståande så lenge kravet om ny handsaming i styret ikkje blir møtt, noko rektor altså har avvist.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager