tryggleik
Sveits strammar inn etter spionskandale
Ny rapport tilrår sveitsiske universitet å skjerpe kontrollen av forskarar og studentar for å hindre at høgteknologi hamnar i fiendtlege hender.
Ein ny nasjonal strategi er på trappene med mål om å stanse tjuveri av særleg høgteknologisk kunnskap. Særleg forsking på område som kunstig intelligens, kvanteteknologi er prekært å beskytte, ifølgje utgreiinga som er gjort på oppdrag for paraplyorganisasjonen for sveitsiske universitet.
Ifølgje SWI er det no eitt år sidan iranaren Mohammad Abedini vart arrestert for spionasje. Han hadde då arbeidd i fleire år for det nasjonale instituttet for teknologiforsking i Lausanne (EPFL). Han vart utlevert til Iran i det som skal ha vore ei utveksling.
— Ikkje ei øy
— Over heile verda er universiteta mål for etterretningstenester og andre statlege aktørar, særleg der det føregår cutting edge teknologiforsking, seier Günther Dissertori, som er rektor ved ETH i Zürich og leiar av arbeidsgruppa som har kome med forslag til ny strategi.
— Sveits er ikkje ei øy, trass alt, legg han til.
Ein rapport den sveitsiske etterretningstenesta la fram i 2025 er er Kina og Russland dei største spionasjetruslane i Europa, ifølgje SWI.
I Sveits skal begge desse landa ha bygd opp nettverk av agentar som målretta jobbar mot høgskolar, universitet og andre forskingsinstitusjonar.
Eigne einingar
Eit forslag til tiltak for å møte trusselen går ut på etablere eigne einingar på alle universitet med særskilt ansvar for å trygge kunnskapen. Tanken er at desse gruppene skal evaluere risiko når forskarar ønsker å samarbeide eller utveksle informasjon med høgrisikostatar.
Måtar å avgrense tilgang til sensitive data, IT-system og laboratorium er også ein del av pakken.
Det topprangerte universitetet ETH Zürich har allereie innført strengare tryggleikstiltak. Universitetet ønsker å sikre at sensitiv teknologi som kan ha både sivil og militær bruk ikkje hamnar i høgrisikoland som Russland, Iran, Syria og Kina. Prosjektsøknader frå desse landa, og særleg knytt til kunstig intelligens, nanoteknologi, GPS og kommunikasjon er no underlagt streng kontroll og kan bli avviste.

Nylige artikler
Ansatte på Politihøgskolen melder om mobbing og diskriminering
Kommunen er skeptisk til nybygg for Havforskningsinstituttet
Mener NHH-rektor snakker usant om avtale med Norgesgruppen
Studentboliger er ikke bare velferdstiltak. De er en forutsetning for studentbyen
Amerikanske rektorer tar et oppgjør med Donald Trump
Mest leste artikler
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Studenter skriver bevisst dårligere for å unngå KI-mistanke. — Ikke gjør det
Stor vekst i søkertallene
Mener akademia må våkne: — Skjermene er vårt nye folkehelseproblem
Studien hevdet at ChatGPT ga bedre læring. Nå er den trukket tilbake