Debatt arna meisfjord

Tilbake til den valdelege eksen

At studiestaden på Nesna framleis skal vere underlagt Nord universitet sitt styre er sentralisering på nytt, og kan vanskeleg seiast å vere uttrykk for ein ny kurs frå regjeringa, skriv Arna Meisfjord.

Det ble jubelrop og kakefest da Arbeiderpartiet-Senterpartiet-regjeringen besluttet å gjenopprette Høgskolen i Nesna. Det nye vedtaket om å legge utdanningstilbudet under Nord universitet har ikke falt i god jord hos tidlegare rektor ved Høgskulen i Nesna, Arna Meisfjord. På bildet er leder i Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland, Jenny Myklebust og Nesna-ordfører Hanne Davidsen.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Hurdalsplattforma si formulering om fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Nesna, struttar av energi, ny kurs og bygging av landet! Heile landet! Utdanningsinstitusjonar i bygd og by! Senter for utdanning, forsking og utviklingsarbeid i distriktsperspektiv! Utdanning av lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar som velferdsstaten, lokalsamfunna og næringslivet treng!

Men så kjem tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet og Borten Moe sin nytale om Hurdalsplattforma. Visjonane og krafta er borte og i staden for ein sjølvstendig institusjon, skal sambuaren tilbake til den valdelege eksen.

Nord har ikkje ønska å ha ansvar for Nesna og det distriktsperspektivet som ligg her. For stort er best! Trass i den massive motstanden frå kommunane, frå heile Helgelandsregionen, frå studentane og dei tilsette til Nord sitt forslag om nedlegging av campus Nesna i 2019, så lytta ikkje Nord til dette. Lista over løftebrot, nedsnakking, manglande tillit og sabotasje av avtalar, er lang.

Dette er grundig dokumentert i boka «Kampen om campus Nesna», i Tor Helge Allern sin artikkel «En historie om falske og brutte løfter» og i artikkelen frå dei to studentane Kathrine Øines Disingthon Johnsen og Ann-Helen Moen.

Så opplever vi at regjeringa har vore i drøftingar med Nord universitet. Utan å informere verken studentar, tilsette eller regionen. For å vidareføre samboarskapet, vel vitande om den store motstanden og mistilliten til nettopp Nord universitet.

Lista over løftebrot, nedsnakking, manglande tillit og sabotasje av avtalar, er lang.

Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskulen i Nesna

Borten Moe siterer Deng Xiaoping for å rettferdiggjere forslaget. For det er ikkje så nøye om katten er kvit eller svart, berre han fangar mus, må vite. Her vil eg heller sitere Arne Garborg: «For pengar kan ein få alt, heiter det. – Nei, ein kan ikkje det. Ein kan kjøpe seg kameratar, men ikkje venskap, tenarar, men ikkje truskap.»

For korleis skal vi kunne tru på tenarane i Nord universitet? Ja, dei blir instruert frå regjeringa, ja, dei får pengar for oppdraget. Men kva kan dei bidra med? «Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen, den er ikkje for pengar fal.»

Med andre ord: Du kan leie hesten til bekken, men du kan ikkje tvinge han til å drikke. Den indre drivkrafta, engasjementet og det distriktspolitiske perspektivet, må kome innanfrå.

Då nedleggingsvedtaket var eit faktum i 2019, reiste det seg ein omfattande protest på Helgeland mot Nord universitet sitt løftebrot i samband med fusjonsavtalen og eit sterkt ønske om å gjenreise Høgskolen i Nesna. Alle dei 18 ordførarane på Helgeland har støtta dette kravet. Regionråda har fatta vedtak og støtta Hurdalsplattforma si formulering om «reetablere ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Nesna».

Kvifor er det så viktig med sjølvstendige institusjonar ute i distrikta? Fordi vi treng den administrative krafta lokalisert i distrikta. Fordi vi treng å utvikle kunnskapsbasar utanom dei store byane. Dette er dokumentert grundig i både Distriktsnæringsutvalet og i Demografiutvalet.

Ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon er ein sjølvstendig institusjon, med eit eige styre som forvaltar Universitets- og høgskolelova på eigen kjøl. Det er ein institusjon som har fullmakt til å gå i dialog med andre institusjonar, inngå avtalar og forvalte avtalane.

Ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon er oppretta på nasjonalt nivå, har eigen post i Statsbudsjettet og kan berre leggast ned av det same organet som har oppretta institusjonen. Når regjeringa no vil vidareføre studiestaden på Nesna, så vil det seie å framleis vere underlagt Nord universitet sitt styre. Dette er sentralisering på nytt, og kan vanskeleg seiast å vere uttrykk for ein ny kurs.

Ambisjonane i Hurdalsplattforma er større. Regjeringa kan framleis reetablere Høgskolen i Nesna!

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS