studiestart
Tilsette og studentar frå Indre Østfold må halda seg heime
Høgskolen i Østfold avlyser alle fysiske faddervekearrangement. I tillegg må studentar og tilsette frå Indre Østfold kommune halda seg heime.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Indre Østfold kommune har eit stort smitteutbrot. Sidan onsdag førre veke er det meldt om 59 personar som har fått påvist koronasmitte, skriv VG.
— Ein situasjon som ikkje er under kontroll, sa kommuneoverlege Jan Børre Johansen på ein pressekonferanse søndag.
No får utbrotet konsekvensar for semesterstart ved Høgskolen i Østfold: Alle fysiske faddervekearrangement er avlyst.
— Fadrane kan samla sine grupper dersom dei vil, og det er lagt opp til gode løysingar digitalt. Men det er ingen organiserte faddervekeaktivitetar, seier høgskulen sin informasjonssjef Tore Petter Engen til Khrono.
Det var Fredrikstad Blad som først skreiv om saka.
Redusert oppmøte
Engen seier at det har vore viktig for høgskulen at ein ikkje skal samla for mange menneske på ein stad. Samstundes ønskjer dei å legga til rette for møtepunkt, slik at ferske studentar ikkje skal verta gåande åleine.
— Det var fadderstyret vårt som føreslo at fysisk aktivitet skulle avlysast. Dei er opptekne av at me skal få ein meir og meir open høgskule, og ikkje måtte stengja, seier Engen.
— Får utbrotet andre konsekvensar for semesterstart?
— Tilsette og studentar som bur i Indre Østfold kommune er oppmoda om å halda seg heime. Dette er det kommuneoverlegen som har sagt. Me har redusert oppmøte på campus, men prioriterer at nye studentar skal få koma hit, seier Engen.
Utbrotet i Østfold er eit av fleire store på seinsommaren. Indre Østfold kommune vedtok måndag å stengja både SFO og barnehagar i ei veke.
Fleire avlyser noko
Høgskulerektor Lars Petter Jelness-Jørgensen rosar studentane på Twitter: «Dessverre har HiØ, sammen med et svært ansvarlig fadderstyre og kommuneoverlegene, kommet til at alle fysiske fadderarrangementer avlyses. Dette skyldes økt smitte i vår nærregion og for å unngå spredning blant våre studenter og ansatte».
Fleire andre utdanningsinstitusjonar, som OsloMet, BI og Høyskolen Kristiania, har òg varsla at dei avlyser deler av faddervekearrangementa. Mange høgskular og universitet har studiestart denne veka, men opningsarrangementa er i stor grad digitale.
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk