USA
Trump forlanger ein milliard dollar frå Harvard
Først gjekk meldingane ut på at Donald Trump droppar kravet mot universitet. Timar seinare ville presidenten ha ein milliard dollar.
Seint måndag kveld amerikansk tid, på å sitt eige sosiale medium, Truth Social, gjorde Donald Trump det klart:
Han ville no krevje at Harvard-universitetet betalar staten ein milliard dollar. Det svarer til nær ti milliardar norske kroner. Pengane skal, ifølgje Trump, vere del av eit forlik som universitetet bør gå med på.
Harvard har gjort seg skuldig i «kriminelle» og «avskyelege» lovbrot, melde presidenten, utan at han spesifiserte dette nærare.
Det var universitetsavisa The Harvard Crimson som først skreiv om saka.
Strid i eit år
Meldinga frå Trump kom berre timar etter at The New York Times skreiv at Trump kom til å legge sine pengekrav mot Harvard til side. Avisa baserte dette på fleire kjelder dei hadde vore i kontakt med i Det kvite hus.
Stikk i strid med dette, skreiv Trump:
«Vårt krav er no ein million dollar i erstatning, og vi vil i framtida ikkje ha meir med Harvard å gjere».
Striden mellom Trump-administrasjonen og Harvard (og fleire andre universitetet, nokre har inngått forlik) har halde på i snart eit år, etter at Trump kom med ei rekke påstandar og truslar.
Trump stansa sommaren 2025 føderale overføringar til Harvard på 2,7 milliardar dollar. Grunnen skulle vere at universitetet ikkje hadde tatt antisemittisme på alvor. Harvard nekta og gjekk til søksmål. I september i fjor fekk universitetet gjennomslag.
«Desse svindlarane»
Sidan hausten 2025 har det vore samtalar mellom Harvard og Det kvite hus.
Trump-administrasjonen sin anke er under handsaming i rettssystemet.
Harvard har stått fast på at dei ikkje vil betale, men det skal ha vore snakk om å etablere eit utviklingsprosjekt for dei tilsett med ein verdi på opptil 500 millionar dollar, ifølgje The Harvard Crimson.
Måndag kalla Trump prosjektet «fullstendig ubrukeleg». Han følgde opp med ein post til på Truth Social der han skulda The New York Times for fake news.
«Vi vil snart sjå korleis søksmålet mitt mot desse svindlarane går!», skreiv president Donald Trump.
