fotball
UiT-forskar blir hovudtrenar i fotballklubben Benfica
Forskar og tidlegare stipendiat ved UiT Noregs arktiske universitet, Ivan Baptista, melder overgang til portugisisk toppklubb.
«Stjernesignering!», slår UiT fast på sine Facebook-sider.
I tillegg til å ha vore stipendiat ved universitetet, er Ivan Baptista forskar ved Female Fotball Research Centre ved UiT.
Det er kvinnelaget til Benfica som Baptista no skal prøve å føre til nye triumfar. Lisboa-klubben er ein av dei store i Europa.
Kvinnelaget er mestvinnande i heimlandet og regjerande meistrar. Laget gjekk gjennom heile fjorårssesongen utan eit einaste tap. Benfica kom også til kvartfinalen i årets Champions League.
Kunnskap og fotball
— Vi er stolte over at ein av våre forskarar med doktorgrad i fotball frå UiT er tilsett som hovudtrenar i ein stor klubb som Benfica, seier professor Svein Arne Pettersen, som er leiar for forskargruppa.
Han meiner tilsettinga viser at kunnskap no veg tyngre enn før for å kunne få jobbar som trenar på høgt nivå.
I doktorgraden sin undersøkte Baptista det fysiske arbeidet som blir utført i fotballkampar i ulike spelarposisjonar. Han jobba også tett med A-laget til TIL medan han var i Tromsø.
— Det er med stor entusiasme eg kjem til denne klubben, til eit prosjekt av slike dimensjonar, seier Baptista på Benficas heimesider, i samband med at han vart presentert som trenar tidlegare denne veka.
Benfica meiner dei får ein trenar med «omfattande akademisk erfaring, særleg innan trening og fysisk førebuing, som er nøkkelelement i kvinnefotballen».
Frå Benfica til OsloMet
I 2012/13-sesongen vann Baptista den portugisiske cupen med Boavistas kvinnelag. Då var han den yngste portugisiske trenaren som hadde vunne denne pokalen.
Dei siste månadene har 33-åringen også vore fysisk trenar på deltid i Molde fotballklubb.
Ivan Baptista blir ikkje den første akademikaren frå eit norsk universitet med band til Benfica. Ved OsloMet held folkerettsjurist og statsvitar Nuno Marques til. På 1990-talet var han spelar på Benficas herrelag, før han flytta til Noreg.
Marques er også politikar, og blei intervjua av Khrono i samband med valet i 2023.

Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)