130 mill. er tildelte
78 fagmiljø kniva om koronakroner: Hennar prosjekt er blant dei 30 som vann fram
Sjå oversikta over alle forskingsmiljøa som no skal forske på koronaviruset.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Til saman 130 millionar kroner vart nyleg hasteutlyste til forsking på spørsmål som er relevante for å handtere og forstå koronavirusutbrotet.
Over 100 fagmiljø melde si interesse, men 78 enda til slutt opp med å levere inn søknader til Forskingsrådet.
I dag er det klart at dei 130 millionane er tildelt 30 av dei 78 prosjekta (sjå oversikt lenger nede i saka).
— Det er ganske stor breidd i prosjekta som har fått tildeling, fagleg sett er det alt i frå medisin til kommunikasjon, seier forskingsrådssjef John-Arne Røttingen.
Han er trygg på at dei no har tildelt desse forskingsmidlane til dei beste og mest naudsynte forskingsprosjekta for der Noreg står i dag.
— Det var fleire støtteverdige prosjekt enn det vi hadde midlar til. Det vil alltid vere nokre som blir skuffa og vil oppleve at deira prosjektet burde ha blitt finansiert. Men eg er trygg på at dette har vore ein solid prosess, seier Røttingen til Khrono.
Eitt av tretti prosjekt
Prosjektet med leiar Kristin Hofsø, postdoktor og intensivsjukepleiar ved Oslo universitetssjukehus, samt førsteamanuensis ved Lovisenberg Diakonale Høgskule, er eitt av dei 30 som vann fram.
Både helseminister Bent Høie, forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og forskingsrådssjef John-Arne Røttingen møtte opp ved Rikshospitalet for å høyre meir om studien hennar denne morgonen.
Det er ein nasjonalt kartleggingsstudie av overleving og seinplager etter intensivbehandling av Covid-19.
— Eg er glad for at det er interesse for å sjå nærare på desse pasientane også utover at dei har overlevd. Det er gledeleg at vi no får høve til å systematisere resultata som vi allereie har i Norsk intensivregister, seier Hofsø.
Prosjektet ho leier har to hensikter. Først skal det beskrive den norske Covid-19-populasjonen, både når det kjem til alder, kjønn, risikofaktorar og alvorlegheitsgrad. Deretter skal dei følgje dei som har overlevd eitt år fram i tid, kor dei skal svare på spørsmål knytte til fysiske og psykiske utfordringar.
— Mitt hjartebarn med dette prosjektet er at vi skal følgje dei som har vore innlagde, i eitt år. Vi veit allereie at folk som har lege i respirator i 10 dagar har 30 prosent muskelsvinn. I tillegg kjem andre vanskar som stivheit i ledd, problem med pust, angst, stress og at det generelle funksjonsnivået blir nedsett, seier Hofsø.
Ein skal nå fram uavhengig av profesjon, kjønn og tittel.
Kristin Hofsø, intensivsjukepleiar og postdoktor ved Oslo universitetssjukehus
Vurderte å setje opp ein lege som prosjektleiar
Ikkje minst er Hofsø glad på vegner av sin eigen profesjon, intensivsjukepleie, etter at det vart klart at hennar prosjekt har fått tildelt forskingsmidlar.
— Eg hadde tenkt å setje opp ein lege som prosjektleiar, men sette til slutt opp meg sjølv. Dette er ei fjør i hatten for min profesjon, seier Hofsø.
Khrono ber Hofsø om å utdjupe kring refleksjonane og diskusjonane som vart gjort i samband med kven som skulle bli oppført som leiar for prosjektet.
— Eg tenkte at vi hadde eit godt prosjekt og god protokoll, men så får ikkje alle midlar. Då byrjar ein å tenke: korleis gjer dei denne sorteringa? Då er det dessverre slik at eg trur at namn og tittel har ein del å seie. Namn, kva slags forskingaktivitet ein har hatt, men også profesjonen trur eg er av betydning, dessverre, seier Hofsø til Khrono.
Ho var sjølv open på at prosjektet var viktigare enn kven som stod oppført som prosjektleiar, fortel ho.
— Samstundes meiner eg at det er viktig at dei som faktisk gjer jobben vert krediterte for det. Men det var takka vere gode legekollegaer som eg skreiv søknaden saman med som var veldig tydelige på at eg skulle stå øvst, seier Hofsø.
Difor har Hofsø ein viktig beskjed til alle som no sit å skriv søknader fram mot Forskingsrådet sin frist 20. mai.
— Eg vil ikkje råde folk til å tenke slik eg gjorde, for det handlar om kvalitet, det er jo det eg også tenker inst inne. Men eg har vore usikker på om det stemmer, men no må vi tvihalde på det og levere kvalitet: Då skal ein nå fram uavhengig av profesjon, kjønn og tittel, seier Hofsø, medan ein sjukepleierkollega stikk hovudet ut eit vindauge på Rikshospitalet og roper: Meir løn til sjukepleiarar og reinhald!
Imponerte statsrådar
Helseminister Bent Høie roste Hofsø og dei andre forskarane som no har fått tildelt midlar, for evna til å snu seg kjapt i ein helseberedskapssituasjon.
— Forsking blir no del av løysingane på ein beredskapssituasjon. Eg er imponert over arbeidet som vert gjort ,og at de har klart å lage forskingsprosjekt i ein stressa kvardag, seier Høie.
Også forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim var tydeleg imponert og glad over tempoet forskingsmiljøa har snudd seg i.
— Det er så kjekt å sjå at ein allereie no er i gang med denne viktige forskinga. Det har vore imponerande å sjå kor kjapt ressursane har funne kvarandre her, seier Asheim.
Varslar at Forskingsrådet skal bli meir effektive
Forskingsrådet har brukt dei same prosessane som elles, berre at dei i denne hasteutlysinga har bede dei internasjonale ekspertane jobbe raskare med å kome fram til sine vurderingar, opplyser Røttingen.
— Og i staden for store panel som ser på søknadene saman, så har vi vore nøydde til å ta vurderingane til kvar enkelt ekspert og setje dei i sammenheng, seier Røttingen.
— No har det vore eit kappløp om å få desse pengane. Veit ein at det er god nok kvalitet på alt som skal forskast på, når ting har skjedd så raskt?
— Vi er trygge på det. Dette er prosjekt som har solide metodar og måtar å gjennomføre dei på. Dette prosjektet (som Hofsø er prosjektleiar for, journ. anm.) er eit godt eksempel på det. Det er forankra i eit godt miljø og brukar etablert infrastruktur som vi har i Noreg, som intensivregisteret. Dette er solid forsking som vil gjere seg bemerka internasjonalt når ho blir publisert, seier Røttingen.
— No har de snudd dykk kjapt, hasteutlyst og tidelt desse pengane i høgt tempo. Er dette eit bevis på at Forskingsrådet elles er for ineffektive og byråkratiske?
— Vi kan, som alle organisasjonar, bli raskare og meir effektive. Forskjellen er at her hadde vi ein to-trinnsprosess, kor fagmiljøa først leverte skisser som dei fekk uformelle tilbakemeldingar på, som gjorde at vi fekk nokre færre søknader, og enda opp med 78, seier Røttingen. Han legg til:
— Vi skal hugse på at ved søknadsfristen no 20. mai så reknar vi med å få 2000 søknader, eit heilt anna omfang, og vi må ha eit heilt anna system for å få internasjonale fagekspertar som skal vurdere alle, setje dei saman i fagpanel og vurdere grundig. Det tek lenger tid.
Han slår likevel fast at tildelingane skal vere på plass raskare:
— Det skal ikkje ta åtte månader i det lange løp. Målet vårt er at det frå utlysingsfrist til tildeling skal gå eitt semester. Det skal vi få til, seier Røttingen.
Åtvarar mot langvarige konsekvensar
Det er fleire som no har blikket retta mot Forskingsrådet sin utsette søknadsfrist den 20. mai. Det er fristen for å søke om midlar til forskarprosjekt for fornying, forskarprosjekt for unge talent og treårig forskarprosjekt med internasjonal mobilitet.
Fleire tok til orde for alternative utlysing- og silingsprosessar før det vart bestemt at fristen skulle utsetjast frå den 6. mai til 20. mai.
— Korte tidsfristar og heimekontor der mange opplever å vere mindre produktive. Risikerer ein med det dårlegare uttelling kring årets utlysingar?
— Når vi har skyvt noko på fristen, men ikkje meir, så handlar det om at vi også skal halde tempoet oppe. Vi kan ikkje hamne i ein situasjon der vi på hausten ikkje har forskingsprosjekt gåande, seier statsråd Asheim, og legg til at han er oppteken av at den unntaktstilstanden ein no har vore i, ikkje må få konsekvensar for verken studentar, tilsette eller forskinga i lang tid framover.
Forskingsrådssjefen er på si side trygg på at dei vil tildele forskingsmidlar til minst det volumet prosjekt som dei elles brukar å gjere.
Nyeste artikler
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk