8. mars

90 millionar til forsking på kvinnehelse

Regjeringa vil bruka 90 millionar kroner på forsking på kvinnehelse. Forskingsrådet skal fordela pengane, som særleg skal brukast på plager knytt til overgangsalderen. 

Sigrun Aasland besøker OsloMet og sykepleieutdanning
Her besøkte forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland sjukepleiarutdanninga ved OsloMet. I høve kvinnedagen offentleggjer regjeringa at dei vil ha ei satsing på kvinnehelse.

Kvart år går rundt 27.000 kvinner inn i overgangsalderen. Mange av dei opplever symptom som påverkar både livskvalitet og arbeidsevne. Men overgangsalderen har vore lite snakka om, sjølv om kjende kvinner, som TV2-profil Eli Kari Gjengedal, dei siste åra har snakka ope om plagene sine.

Overgangsalderen er heller ikkje så mykje forska på, det viser ei kartlegging frå Forskingsrådet. Kartlegginga viser at Noreg har fleire sterke miljø innan kvinnehelse, men at forskinga i dag i stor grad er konsentrert om reproduksjon og fødsel.

No lyser regjeringa, gjennom nettopp Forskingsrådet, ut 90 millionar kroner som skal gå til forsking på kvinnehelse, med særleg vekt på nettopp overgangsalderen.

— Å snakka om overgangsalderen har nesten vore tabu. Det me såg då me jobba med kvinnehelsestrategien, var at det er fleire kunnskapshol innan kvinnehelse. Det betyr at det må forskast meir, og eit kjønnsperspektiv må gjennomsyra forskinga, seier helseminister Jan Christian Vestre.

— Tradisjonelt har me behandla kvinner og menn likt. Men det betyr eigentleg at me har behandla dei ulikt, legg han til.

Det er kunnskapshol innan kvinnehelse, seier helseminister Jan Christian Vestre.

Tre tiltak

Midlane som vert lyst ut skal gå til å etablera eit nasjonalt nettverk for kvinnehelseforsking og til prosjektmidlar med særleg vekt på forsking på plager i overgangsalderen og kvinners livsfasar. 87 av millionane er prosjektmidlar ein kan søka på.

— Forsking på kvinnehelse er generelt underprioritert, og særleg når det gjeld forsking på helseutfordringar knytt til overgangsalder og kvinners livsfasar trengst det meir forsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.

Forskingsrådet tilrår tre tiltak for å løfta kvinnehelseforsking:

• Eit nasjonalt nettverk for kvinnehelseforsking, for å styrka koordinering, samarbeid og betre utnytting av helseregister, biobankar og eksisterande kompetanse.

• Lysa ut målretta prosjektmidlar, der forsking på overgangsplager vert prioritert, og der Noreg sin sterke datainfrastruktur vert teken i bruk.

• Systematisk integrering av kjønnsperspektiv i all medisinsk og helsefagleg forsking, for å få meir presis kunnskapsutvikling, betre diagnostikk og meir persontilpassa helsetenester.

— Alle desse føreslegne tiltaka vil bidra til å styrka norsk kvinnehelseforsking, redusera kunnskapshol og sikra at kvinnehelse får ein meir sentral plass i norsk helseforsking generelt, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, i ei pressemelding.

Vil ha inn kjønnsdimensjon

Både Vestre og Aasland er opptekne av at ein kjønnsdimensjon må inn i all helsefagleg forsking.

— Som at kvinner som har hjarteinfarkt vert sagt å ha atypiske symptom?

— Nettopp, seier Vestre.

— Ein snakkar om hjarte som om det er éin ting. Men hjarta hos kvinner og menn er ulike og forsking har ikkje i stor nok grad tatt dette inn . På same måte er mykje medisin utvikla med utgangspunkt i mannskroppen.

Både han og Aasland meiner at ein må få inn faglege retningslinjer knytt til medisinsk behandling utifrå kjønn.

— No er stadig fleire medisinstudentar kvinner. Altså vert det fleire kvinnelege legar — trur det òg at det vert meir forsking på kvinnehelse?

— Det ein markerer 8. mars er at ingenting skjer av seg sjølv. Det trengst politikk og aktive politiske grep, og det er det me gjer her, seier Aasland.

Powered by Labrador CMS