Min doktorgrad

Han har to mastergrader og ei doktorgrad. Men Fredrik Dreyer Moe vil gjerne forska meir.

— Å ta doktorgrad er som å ta lappen

No har han lært seg å forska, seier Fredrik Dreyer Moe, men han kan gjerne tenkja seg å forska meir, slik at han vert flinkare.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Fredrik Dreyer Moe (35)

  • Har levert avhandlinga «Some psychological and social factors in relapse after long-term abstinence in substance use disorder»
  • Disputerte ved Universitetet i Stavanger 27. juni

— Det var eigentleg ganske tilfeldig. Eg er psykolog og har jobba lenge med rus, og det er mange ting eg er interessert i. Så vart det utlyst ei stilling knytt til seine tilbakefall, og det er eit tema eg ikkje visste så mykje om. Det syntest eg var spanande, og i tillegg hadde eg høyrt positive ting om han som vart rettleiaren min. Stillinga var knytt til KORFOR, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har forska på det ein kallar recovery — på norsk betringsprosessar. Eg ser på korleis både sosiale og psykologiske faktorar kan ha noko å seia. Eg har sett på pasientar som har vore innlagde eller fått behandling i Rogaland, og eg har studert om dei rusar seg eller får det betre. Eg har òg sett på korleis recovery er definert i forsking og på korleis ein definerer rusmisbruk. Nokre ser på det som ein kronisk sjukdom, medan andre meiner at ein ikkje lenger er ein misbrukar når ein har sett ei stabil endring i to år. Samstundes kan det vera nokre som har problem med å ikkje rusa seg — men at dei i ein betringsprosess lettare kunne henta seg inn igjen.

Dette er den kjekkaste jobben eg har hatt.

Fredrik Dreyer Moe

— Kva finn du?

— Eg har gjort ein systematisk gjennomgang av litteraturen på området, og finn at det er svært få langtidsstudiar, det vil seia studiar som strekkjer seg over meir enn to år. Eg finn mellom anna ein inkonsistent bruk av omgrep. Dette er viktig når ein skal informera praksisfeltet. Når det gjeld kva som gjer at mange rusmisbrukarar får det betre, kan det å forbetra den psykologiske fungeringa vera med på å redusera rusbruken. Det same kan tilhøyrsle og ei kjensle av å bidra i samfunnet vera.

— Kva har vore mest utfordrande med doktorgradsperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Pandemien! Eg bur i Bergen, men var stipendiat ved Universitetet i Stavanger, så eit kriterium var at eg skulle bu i Bergen med familien, men òg vera ein del i Stavanger. Det fekk eg ikkje gjort, for eit halvt år ut i løpet kom pandemien. Så å vera i eit fagmiljø er noko eg har sakna. Men eg kom i mål til normert tid.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, aldri! Dette er den kjekkaste jobben eg har hatt, å få lov til å gå ned i djupna i eit emne.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg har mastergrad i filosofi og har gått profesjonsstudiet i psykologi, så eg har ei gjesteforskarstilling ved Universitetet i Bergen, ved Senter for vitskapsteori. I tillegg underviser eg i etikk ved Det psykologiske fakultetet. Dette er ved sidan av den primære jobben min, som psykologspesialist i barne- og ungdomspsykiatrien i Bergen. Her trivst eg veldig godt. Men eg har ikkje lyst til å ta doktorgrad berre for å ta doktorgrad. Eg har lyst til å jobba saman med brukarorganisasjonar om korleis funna mine kan brukast inn mot praksisfeltet, og håpar òg å kunne få postdok-midlar. Eg tenkjer at å ta doktorgrad er som å ta billappen. No har eg lært meg å forska, og så er det noko eg kan betre enn andre ting. Men eg vil gjerne òg ha i gang forsking i klinikk. Praksisnær forsking er noko eg brenn for.



Powered by Labrador CMS