Folkerettsekspertane Cecilie Hellestveit og Terje Einarsen i open strid om krig, doktorgrad og akademiske merittar.

To personer i delt portrett, én innendørs med scenelys og én utendørs foran busker.
Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Terje Einarsen, gjekk knallhardt ut mot folkerettsforskar Cecilie Hellestveit i Khronos kommentarfelt.

Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho

Publisert Sist oppdatert

Eskaleringa var eit faktum då professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB), Terje Einarsen, tok til tastaturet etter at han hadde lese Khronos intervju med folkerettsekspert Cecilie Hellestveit i helga.

Krutrøyken ser ikkje ut til å legge seg med det første. 

— Rykta har dukka opp her og der, om at eg skulle ha svake akademiske merittar. Desse rykta kjem truleg frå Terje Einarsen. Poenget med å fortelje dette er ikkje å gjere meg til offer, det er eg ikkje, seier Cecilie Hellestveit og ladar om.

— Men dette er ei form for maktmisbruk frå professorar som vi ikkje kan akseptere.

I Khronos kommentarfelt går Einarsen til angrep på Hellestveit som akademikar:

 «Man bør (…) aldri i utgangspunktet stole på at det Hellestveit sier om folkerett gir uttrykk for en riktig forståelse og anvendelse av folkeretten», skriv han, og legg til at Hellestveit er «faglig spesiell».

— Eg står inne for det eg skreiv, seier Einarsen då Khrono kontaktar han etter bataljen i kommentarfeltet.

— Ho er ikkje påliteleg. Ein bør ikkje stole på det Cecilie Hellestveit seier om folkerett i media.

FAKTA

Dette har hendt

  • I eit intervju med Khrono 11. april sa folkerettsforskar Cecilie Hellestveit at sivile forskingsmiljø i Noreg som blir oppfatta å ha militære funksjonar – til dømes droneforsking – kan bli legitime bombemål i ein eventuell krigssituasjon etter krigens folkerett.
  • Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Terje Einarsen, gjekk i Khronos kommentarfelt sterkt imot denne påstanden. I tillegg kritiserte han Hellestveit for å mangle fagleg kompetanse.
  • Einarsen skreiv mellom anna at Hellestveits doktorgrad i si tid blei godkjent «med et nødskrik». Han var også kritisk til Khrono for å la «hennes påstander komme frem uimotsagt» og lurte på «om det var noen hjemme fra redaksjonen da denne artikkelen ble publisert».
  • Hellestveit svarte at «doktorgraden ble godkjent og forsvart akkurat slik den ble innlevert ett år tidligere», og at det «var ikke med et nødskrik».

«Det må (…) være lov å peke på at hennes akademiske meritter er noe begrenset», skriv han vidare — og legg til at doktorgraden var «svak» og vart «godkjent med et nødskrik».

Det er dette siste som får Cecilie Hellestveit, som skreiv Noregs første doktorgrad om krigens folkerett, til å kvesse kniven.

Skriket

«Om Terje Einarsen vil grave i historien, er jeg mer enn villig til å gå igjennom den hårreisende behandlingen som ble meg til del av professor Terje Einarsen under dekke av vitenskapelig kontradiksjon og bedømmelse», svarer ho i det same kommentarfeltet.

Doktorgraden vart godkjend av Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2014, og det var ifølgje Hellestveit slett ikkje noko «nødskrik» inne i bildet.

«Derimot var det ingen ved UiO som hørte på «skrikingen» til Einarsen fra Bergen», skriv ho.

Einarsen vart i 2014 henta inn som ein av to ekspertar for å gjere ei supplerande vurdering av Hellestveits avhandling. Der konkluderte han med at avhandlinga ikkje heldt mål og burde bli underkjent.

«Professoren bør i det minste holde seg for god til å trekke dette frem som noe som har institusjonell forankring (…)», svarer Hellestveit.

Når professor Terje Einarsen skriv at «Det må også være lov å peke på at hennes akademiske meritter er noe begrenset, er altså Einarsen selv sterkt delaktig i at det ble slik», slår ho fast.

Tvilen

Hellestveit hadde, slik ho sjølv forklarer det til Khrono, arbeidd i ti år med den juridiske avhandlinga då ho i 2013 stod klar til å forsvare doktorgraden.

Kommisjonen som skulle ta stilling til arbeidet hennar vart henta inn: Kjetil Mujezinvić Larsen frå UiO og dei britiske professorane Charles Garraway og no avdøde Françoise Hampson.

Tre personer debatterer ved podiumer i TV-studio foran stor skjerm med bilde av rettssal.
20. mars 2025 møttest Terje Einarsen og Cecilie Helletveit hos Fredrik Solvang i Debatten i NRK. Diskusjonen mellom juristane handla om Israels krig i Gaza og spørsmålet om det var rett å kalle handlingane for folkemord eller ikkje.

Kommisjonen konkluderte med at avhandlinga var eit rett så bra arbeid, «excellent work of scholarship» og «very brave», står det i rapporten. Men i sjølve vurderinga var der nokre innvendingar, primært frå Hampson. Ho meinte at ein av delkonklusjonane i avhandlinga ikkje kunne passere og noterte at desse måtte endrast før ho kunne støtte ei godkjenning.

Med fleirtal to mot ein slo kommisjonen likevel fast at avhandlinga tilfredsstilte kriteria for å bli godkjend og publisert.

I fakultetsleiinga i Oslo var dei usikre. Kunne dei godkjenne — konklusjonen var rett nok klar, men var han godt nok underbygd? Kva med innvendingane som hadde kome fram? Kommisjonen vart beden om å utdjupe rapporten, og det blei gjort. Men endringane var ikkje tilstrekkelege, meinte fakultetet. Dermed vart to nye professorar henta inn for å gjere faglege vurderingar. 

Den eine, danske Frederik Harhoff, var ikkje tvil. Avhandlinga måtte godkjennast.

Den andre — Terje Einarsen som året før var blitt professor i Bergen — var for så vidt heller ikkje tvil, men med motsett forteikn. 

Avhandlinga tilfredsstilte etter hans meining ikkje dei vitskapelege krava og måtte underkjennast. Endringane som den opphavlege kommisjonen ønskte var i liten grad gjennomført, meinte han. 

Men disputas vart det, og Hellestveit fekk doktorgraden.

Der kunne denne historia ha enda, men så dukka altså Einarsen opp i Khronos kommentarfelt ei helg i april 2026.

Mikrofonstativet

Einarsen seier til Khrono at han på mange måtar har sans for Hellestveit, og at ho ofte har gode poeng. Det er berre det at han  sjeldan ser desse poenga når ho snakkar om sitt eige fagfelt.

— Der skjer det for ofte at det ho seier ikkje stemmer, dette er noko fleire enn meg har observert, ifølgje Einarsen.

Ikkje alt er Hellestveits feil, det handlar også om media, ifølgje professoren. Han meiner journalistar og redaktørar slepp henne altfor lett og for ofte til utan å stille kritiske motspørsmål når ho uttalar seg om folkerett.

— Eg har ikkje noko imot at ho snakkar i det offentlege. Ho har sjølvsagt ytringsfridom og kan bidra. Men media, og i denne samanhengen også Khrono, gjer seg til mikrofonstativ og tar i for stor grad det ho seier om folkerett for god fisk, seier Einarsen. 

Han synest Khrono før publisering burde konsultert andre juristar før artikkelen der Hellestveit er intervjua om universitet som moglege bombemål i krig.

Einarsen let ikkje stridsøksa ligge med det. 

— Eg har på mange måtar sans for henne, seier professor Terje Einarsen. Men når det gjeld det ho seier om folkerett, held det oftast ikkje mål, meiner han.

Han meiner rett og slett Hellestveit ikkje er kompetent til å svare på folkerettslege spørsmål. Fordi ho har kome med «mange tilfelle av fagleg tvilsame utsegner».

— Ofte handlar det om at Hellestveit ser bort ifrå det humanitære føremålet med grunnleggande folkerett og menneskerettar, seier han.

Dermed kjem han inn på det som kan sjå ut som sjølve demarkasjonslinja mellom dei ulike faglege leirane, mellom dei som er orientert mot menneskerettar og dei som konsentrerer seg om humanitærrett innanfor krigens folkerett.

Gastrokirurgien

Frå Helletveits utkikkspost ser det slik ut: 

— Det er alltid ulike inngangar til spesifikke problemstillingar, for eksempel knytt til væpna konflikt. Einarsen kjem frå flyktningrett. Flyktningretten vektlegg mennesket. Krigens folkerett har eit heilt anna fokus. Der handlar det om å verne mot direkte følgjer av konflikt der drap er lovleg i spesifikke samanhengar. Flyktningretten handlar om å beskytte enkeltmenneske som blir forfølgt av statar. Dette betyr ikkje at Einarsen tar feil, men at vi har heilt ulike utgangspunkt og måtar å nærme oss det folkerettslege på.

I kommentarfeltet i Khrono skriv ho at på «enkelte områder møtes disse to fagfeltene, omtrent på nivå med at en tannlege og en gastrokirurg begge arbeider med tema knyttet til mat».

Ho kjem snart inn på det ho tenker på som det verkelege grumset Einarsen har virvla opp i Khronos kommentarfelt. 

Men først til Einarsens påstand om at ho er ein inkompetent og upåliteleg som fagperson:

— Ingen kommentar. Det får han berre meine. Folk får heller ta stilling til denne historia sjølv.

Ryktebørsen

Historia er i korte trekk, sett frå Hellestveit si side, omtrent slik:

Etter ein heller rotete prosess leverte doktorgradskommisjonen sin rapport fire veker etter fristen, med ein rosande konklusjon — men der professor Hampson hadde sett «gult lys» fordi ho meinte ein delkonklusjon måtte justerast.

Bakgrunnen for dette var ifølgje Hellestveit usemje om ein «posisjon Hampson hadde prosedert på foran Den europeiske menneskettighetsdomstol i en årrekke (og fått delvis medhold). Hampson satt derfor gult lys, og ville at delkonklusjonen skulle justeres», skriv Hellestveit i kommentarfeltet under Khrono-artikkelen.

Hellestveit peikar på at «avstanden mellom adjektivbruken i konklusjonen (superlativer)» og Hampsons gule lys var grunnen til at fakultetet til slutt bestemte seg for å hente inn to andre faglege vurderingar.

Det gjekk, ifølgje Hellestveit, føre seg «raskt og utan habilitetsvurderinger». Hadde det siste blitt gjort, kunne Einarsen aldri blitt sett på jobben, meiner ho.

— Vi hadde hatt fleire feidar og delvis harde faglege konfrontasjonar, seier Hellestveit.

Det som skjedde etterpå har ho altså ikkje hatt lyst til å snakke om, ikkje før Einarsen «opna døra» i kommentarfeltet.

— Eg søkte jobb, på ei førsteamanuensisstilling i humanitærrett ved UiO. Eg fekk vite at «nokon» hadde tipsa leiaren av tilsettingskommisjonen om Einarsens slakt. Og vips, så var eg ute.

Hellestveit ladar kanonen:

— Det er altså slik, at Einarsen sa ja til å vurdere ei doktorgradsavhandling som han ikkje hadde fagleg kompetanse til å vurdere, og som han attpåtil var inhabil til å gjere. Deretter snakkar han ned doktorgraden min i ulike samanhengar og hevar at avhandlinga blei godkjent med eit «nødskrik», noko som ikkje stemmer. Utan innvendingar ville bedømminga vore verdilaus, det er jo heile poenget med ei bedømming, særleg i Storbritannia, seier ho.

Kontringa

Kva er det eigentleg Einarsen bygger på, når han rykker ut i kommentarfeltet i Khrono og slår fast at Hellestveit er ein meir eller mindre udugeleg akademikar, i alle fall i folkerettslege spørsmål?

På spørsmål frå Khrono om å utdjupe, peikar han på doktorgraden til Hellestveit, som han altså meiner ikkje held mål. Han framhevar også at Hellestveit har få internasjonale, vitskapelege siteringar.

— Avhandlinga har etter 12 år to siteringar ifølgje Google Scholar, den eine frå Hellestveit sjølv, seier Einarsen.

Det er nettopp det, kontrar Hellestveit.

Ho viser til at ho seinare vart invitert av den nemnde professor Hampson, ho med det gule lyset, til å publisere avhandlinga i Cambridge eller Oxford.

— Eg begynte, men eg stod altså utan jobb og hadde dessutan tre små ungar. Året etter vart eit artikkelutkast plukka ut som ein av 12 blant 380 til American Society of International Law, som må reknast som verdstoppen i min disiplin. Men utan inntekt var det ikkje mogleg for meg å dra, for konferansen kosta 60.000, og ingen ville finansiere.

Media er ukritisk mikrofonstativ for Cecilie Hellestveit, hevdar professor Terje Einarsen. I 2021 gjekk ho til topps i Khronos kåring av Årets namn i akademia.

I staden for jobb på universitet i Noreg blei Hellestveit ein slags akademisk nomade med eit utal verv og posisjonar i inn- og ikkje minst utland. Ho har skrive fleire bøker. I 2021 blei ho kåra til Årets namn i akademia.

— Korleis meiner Einarsen at eg skulle publisere og skaffe meg siteringar utan jobb? Eg brukte ti år av livet på ein monografi som han kasta i søpla. No brukar han altså den eksterne evalueringa han tilfeldigvis vart plukka ut til å gjere, og ein prosess eg så langt har skåna han for å eksponere, til å diskreditere meg som fagperson.

Faren

Einarsen avviser kontant påstandane frå Hellestveit.

Han seier han aldri har stått bak ryktespreiing og stiller seg uforståande til at han skulle ha stukke kjeppar i hjula for Hellestveit på andre måtar.

— Eg har ikkje hatt nokon andre motiv enn reint faglege for å reagere på det ho har sagt i Khrono. At ho tolkar dette personleg, for stå for hennar rekning. Eg fekk heller aldri noko krav eller spørsmål om habilitetsvurdering.

Når deg gjeld vurderinga av doktorgraden, seier han at han ganske enkelt sa ja til eit oppdrag han vart spurt om å ta og gjorde ei rein fagleg vurdering.

Einarsen seier at dei slett ikkje har noko uoppgjort.

— Vi har vore usamde i nokre saker i media, det er alt.

Han meiner Hellestveits framstilling av historia om doktorgraden ikkje er etterretteleg.

— Ho skriv at professor Hampson ville setje «gult lys». Men realiteten var, at sjølv om det berre var Hampson som meinte avhandlinga ikkje oppfylte kriteria for å bli godkjend, hadde heile komiteen fleire tunge innvendingar. 

Dette, understrekar han, er likevel ikkje det sentrale, og heller ikkje grunnen til at han tok tastaturet fatt denne helga i april 2026.

— Det er måten ho formidlar folkeretten på i media. Det ho seier om universitet som bombemål er ikkje berre fagleg gale, men farleg. Slike utsegner kan i seg sjølv bidra til å legitimere handlingar i strid med folkeretten og dermed undergrave det preventive vernet i folkeretten.

Einarsen seier han derfor måtte «seie ifrå».

— Det ho seier blir tatt alvorleg av politikarar og media, av folk flest, kanskje til og med av det norske militæret.

Frontlinjene

I Khronos kommentarfelt dukkar det opp fleire røyster.

Ei av dei er jurist og ekspert på ytringsfridom, Anine Kierulf, som kallar Einarsens innlegg for «et ganske merkelapptungt personangrep».

Det er det ikkje, ifølgje Einarsen.

— Ein må skilje mellom personangrep og fagleg kritikk. Når Hellestveit blir kritisert som fagperson i ålmenta, kan det hende ho oppfattar det personleg. Men då kan ein ikkje vere i akademia og uttale seg regelmessig i media. Ja, det er tøft å bli bedømt og vurdert, til doktorgradar og professorat, og i samfunnsdebatt, seier han.

— Ein kan risikere hard kritikk. Men sånn må det vere.

Der er han og Hellestveit faktisk einige. Utan at det ser ut til å rikke frontlinjene.

Powered by Labrador CMS